torsdag 28. april 2011

Laaangt fråvær


Hei og hopp!
No er det jammen lenge sidan det har vore aktivitet på denne bloggen.
Grunnane er nok mange:
-100% stilling som kontaktlærar
-stadig veksande mage, som også førte til stadig trøttare meg
-utslitt meg vart sjukemeld 3 veker før permisjon
- og ikkje minst, resultatet som kom ut av den store magen...
Lille skatten til mamma kom til verda 21.mars. 14 dagar på overtid, etter det som må ha vore den lengste helga i mitt liv. Eg vart nemleg lagt satt igang allereie fredagen, men denne karen hadde det ikkje travelt. 1 stk ballonkateter og til saman 7 modningspiller måtte til, før han kom ut mandags morgon.
Resultatet er allikevel verdt alt saman. Han er den søtaste, finaste, flottaste og nydelegaste guten i heile verda (heilt objektiv, sjølvsagt) :)
Eg har ikkje lagt strikkepinnane på hylla, men den store strikkelysta har vore litt amputert etter nyttår. Lageret til lillegutt var allereie velfyllt, og den store inspirasjonen har latt vente på seg.
Men, eg reknar med at strikkelysta nok kjem over meg igjen, og forhåpentlegvis kjem også bloggelysta, no når eg har ein levande modell å vise klea på, istadenfor den gamle dokka mi.