mandag 30. mai 2011

Ull er gull, men kva er då garn med melkefiber?

Eg har strikka ein ny body frå boka Strikk til Nøstebarn. Denne gongen uten armar, fordi eg tenkte at denne kunne vere fin å ha på varme sommardagar. Eg har strikka den i deilig, supermjukt garn laga av melkefiber.

 
Dessverre har eg klart å strikke den litt i minste laget. Som du ser på bilder, så får me den på, men den er godt strekt over bollemagen. Dessuten er Jojo akkurat som meg, lang i overkroppen.
Jaja, me skal nok alltids finna ein eigar til denne og... Så får heller mor strikke ein større til bollen min. :o)

Medan eg fyrst er i gang, slenger eg med bilete av ei bukse eg strikka for ei lita stund sidan.
Denne buksa er strikka i Shetland Soft, frå Malsen og Mor
Luftig men varm. Har strikka den ekstra lang i beina, og med langt brot i livet, kan nok denne brukast lenge. Oppskrifta er "sjølvsagt" frå Strikk til Nøstebarn.

I dag har me ein roleg dag. Stakkar Jojo sleit med mareritt i går, og våkna skrikande frå begge lurane på dagen, og våkna i tillegg halv 2 i natt med eit skrik. Stakkar lille gutten.
No ligg han og søv godt i vogna si.

Ynskjer alle ein flott dag!!

søndag 29. mai 2011

Nøstebarnbody med armar

Det er nok ingen hemlighet at eg er ein stooor fan av boka Strikk til Nøstebarn. Eg har brukt den boka mykje, og tar meg avogtil den friheta å endre bittelitt på oppskrifta. Denne bodyen er utan armar i oppskrifta, men eg la til armar.
Ein deilig, fin body som no nesten er blitt for liten. Han veks så veldig fort denne guten min!!
Eg skal på gruppekontroll på helsestasjonen 9.juni, og eg er veldig spent på kor stor han er blitt då. Han var jo 61cm allereie på 6 vekerskontrollen!!! :o)  (Jojo vert 10 veker i morgon)

Her i huset har me ein roleg søndag. Eg har fått vaska litt klær, og byta sengeklede, men no skal eg berre slappe av, og koooose med skatten min. :o)

Håpar du og har ein strålande flott søndag!!

lørdag 28. mai 2011

Ein fin dag

Av og til er det ganske så greit å vere heime i permisjon. Fredag var ein slik dag. Lille Jojo sov lenge, og me koste oss med ein lat morgon. Så tok me ein tur til byn, for å avlevere dåpskjolen til kureren som skulle ta den med til neste dåpsbarn. Medan eg venta, koste eg meg med yoghurtis i det fine været (ja tenk, det var faktisk FINT vær i BERGEN på fredag!)
Då eg kom heim, venta det dåpsgåve til Jojo i postkassa. Har du sett noko så nusseleg?
Søte, deilige kanintøflar, med ranglelyd i!! :o)
Og når ein samtidig kan susse så mykje ein berre vil på desse her:
så er eigentleg dagen ganske så fin! :o)

Vel overstått dåp

Forrige helg var mamma sin lille skatt døypt.
Mammaen min bar han til dåpen, og svigermor tok av han hua. Stolte bestemødre begge to.
Her er dåpsbarnet i den 102 år gamle dåpskjolen. Denne kjolen vart laga til storesystra til farmor, og Jojo var nr. 58 som er døypt i denne kjolen! Både farmor, pappa og eg er døypt i denne kjolen. :o)

Festen etterpå hadde me i felleslokalet som ligg i underetasjen av blokka me bur i.
Her er bilde av det eine bordet. Enkelt, men fint pynta, om eg skal sei det sjølv...
Papirdukar, lys og glassteinar er kjøpt på Europris. Den grå løparen er kjøpt på ein lokal hobbybutikk.

Til mat hadde me koldtbord. Her vart det dessverre ikkje tatt nokre bilete før etter at folk hadde forsynt seg. God mat var det iallefall. Kaker hadde me også, og det har eg bilete av!
Mamma hadde baka Kvit dame og kransekake, medan eg sjølv hadde baka sjokoladekake, skillingsbollar og muffins.

Jammen meg er det slitsomt å verta døypt!!!
Etter kyrkja fekk Jojo på seg den flotte bunaden som me kjøpte til 17.mai.
Me hadde ein flott dag, sjølv om det regna kattar og hundar ute. Ein ekstra bonus var at presten døypte Jojo på nynorsk!! Det var 6 dåpsbarn, 5 jenter og Jojo som einaste hane i kurven. Lille Skatten oppførte seg eksemplarisk heile dagen, måtte berre protestera litt når mamma ville ta på han KJOLE!!
Eg avsluttar med eit bilete av verdas søtaste dåpsbarn!!

torsdag 19. mai 2011

Heimespøta babyklær i bruk!!

Medan eg gjekk gravid, var det ikkje mykje strikkepinnane fekk kvile. No strikka eg ikkje berre babyklær, men litt vart det jo.

Denne buksa er strikka i deilig mjuk alpakka. Problemet er berre at denne alpakkaen loer noko heilt forferdeleg... Dermed vert ikkje denne brukt så mykje som eg skulle ynskt.

Denne buksa er strikka i det deilige garnet Duett (50% ull 50% bommull) Den er dessverre vorte for liten allerede!!

"Lille" gutten var jo heile 61 cm då me var på 6vekerskontroll!! No er han snart 2 månadar (på laurdag), og eg syns han vert større for kvar dag som går! :o)

Deilige permisjon

Ein av dei mange gledene ved å vere ute i permisjon, er at ein kan gå på kafè med gode veninner, som også har gått ut i permisjon. :o)
 Allikevel er nok det beste med permisjon er nok muligheten til å kose med denne karen:

søndag 15. mai 2011

Nedtelling til dåp

I dag er det akkurat 1 veke igjen til lille Knøttis vert døypt.
På torsdag var han kjempeflink, og tok seg ein laaang lur på ettermiddag. Då fekk mor tid til å bake litt til den store dåpen.
Eg gjekk for muffins!
Flotte papirformer vart kjøpt inn, og eg gjekk tilogmed til innkjøp av metallformer, slik at muffinsane skulle vere perfekte. Dessverre bestemte eg meg for å vere litt gniten til å begynne med, så eg kjøpte metallform på Ikea til den nette sum av 69 kr pr. form... Det var dessverre ingen suksess. Formene var for høge og smale, så papirformene passa ikkje inni.

Dermed var det berre for mor å gå ut på jakt igjen. Denne gongen fant eg ut at eg ikkje skulle vere gniten, og kjøpte derfor ei skikkeleg Wilton-form til 249kr.  Denne fungerte perfekt!!

Eg laga muffins etter DENNE oppskrifta, og ostekrem etter DENNE oppskrifta. For å vise gjestane at dei trass alt er i dåpen til ein gut, blanda eg litt blå konditorfarge i ostekremen. Som ekstra pynt på toppen, dryssa eg bittelitt fleirfarga strøssel.
Desse muffinsane er veldig greie, sidan dei kan frysast med pynten på. Dessutan smakar dei kanongodt!! :)
No gjenstår det berre å bake nokre skillingsbollar (Sjokoladekaka er allereie i frysen, og mamma skal lage kransekake og Kvit dame), så er bakinga ferdig.

Her er kva dåpsbarnet syns om muffinsane:
Ha ein fin søndag!!!