torsdag 17. november 2011

Når en pepperkake baker...

I år fann eg ut at det kunne vere lurt å starte tidleg med julebaksten.
Om berre nokre få dagar er permisjonen min slutt, og eg kan tenke meg at energinivået om kvelden også vert kraftig endra.

Fyrste slaget ut var pepperkaker.
Det var så kjekt å bake pepperkaker i år!!
Eg hadde jo verdas søtaste lille assistent til å hjelpe meg med bakinga.
Han bakte heilt sjølv (host, kremt....)
ein kakeboks full av små, velsmakande pepperkaker. <3


Jojo storkoste seg med bakinga, og jafsa laus på både kjevlet og formene.
Eg hadde kjøpt nokre søte små former som han fekk bake med.
Legg også merke til det fine forkleet. Mammaen har "sjølvsagt" matchande. :o)

Etter at Jojo var lagt, var det på tide for mor å setje igang med den "seriøse" pepperkakebakinga.


Pepperkakehus må ein sjølvsagt ha når det er jul :o)
Eg har faktisk baka pepperkakehus (med heimelaga deig, ingen kjøpedeig her i gården!)
kvart år sidan eg var 17.
Huset vert framleis litt vindskeivt, men slik skal det vere når det er heimelaga.

Etter at Jojo hadde vore så flink til å bake pepperkaker,
syns eg nesten at han måtte få ein bitteliten smakebit.
(han har aldri fått noko anne enn skikkeleg babymat, bortsett frå den gongen pappaen gav han muffins då han var 2 månadar!! Då var mor fornøyd...)


Ein halv liten kakegris forsvann inn i munnen, men eg er ikkje heilt sikker på kva han syns.
Det mest positive med det, var at heile gutten lukta pepperkake resten av dagen. <3
Gjett om mammaen snuste litt ekstra då...

Ha ei strålande førjulstid, om du har bakeassistent, eller om du kjøper kakene i butikken!



søndag 13. november 2011

Cupcake-kurs med Manuela!

Gjett kva eg gjorde i går!
Eg var på cupcake-kurs med sjølvaste Manuela frå bloggen Passion4baking
Det var kjempekoseleg!!
Her ser de bilete frå kurset.
Manuela er kanskje  i overkant glad i rosa? :o)
Kurset var (for meg) kjempeflott, og det var kjekt å få prøve seg på pynting med perler, fondant-former og frosting.
Her mine muffins.
Dessverre var frostingen som Solbrød hadde laga til oss, ikkje så veldig lett å sprøyte fint på, men eg fekk då prøvd nokre teknikkar.
Eg gledar meg til å prøve meir heime, i mitt eige kjøkken, då gjerne med ein kremost-frosting.

Eg måtte sjølvsagt få det "obligatoriske" bilete ilag med Manuela sjølv.

Her ser det også bilde av muffinsane som dei andre på kurset pynta.

Heilt til slutt, vil eg berre dele eit bilete av
den lille bade-Jojoen min! <3




Årets julemiddag er sikra

(ADVARSEL! Om du ikkje tåler bilete av rått kjøtt, må du bla fort forbi dette innlegget!)
Den siste veka har eg lest nyeheter om at julemiddagen står i fare for fleire nordmenn.

Heldigvis slepp me unda dette problemet, sidan me lagar vår eigen julemiddag!
Min gamle norsklærar har sauer, mams og paps kjøper to ferdig slakta lam av han,
og VIPS er middagen sikra...
Eller, det vil seie, det gjenstår nok litt arbeid.

Fyrst må kjøtet parterast, så skal det ligge i salt ei stund, før det vert røykt og hengt til tørking.
No har me frysen full av fårikål-kjøt, suppekjøt og lammelår, medan pinnekjøtet heng til tørk heime hos mams og paps.
MMMMM!!! Gledar meg til julemiddag!!!

For å vise at me har starta å komme i julestemning...

Eg vil ynskje alle ein strålande farsdag!!

mandag 7. november 2011

Noko muffens...

Ei veninne av meg hadde dåp 23.oktober, og eg fekk lage muffins til denne.

Då dei samtidig skulle feire 4 årsdag, vart det nokre blå muffins, og nokre rosa.

Utifrå det eg har høyrd, falt dei godt i smak. :o)
Oppskrifta er den "vanlege" Vanilla cupcakes frå Magnolia Bakery.
 Du finn oppskrifta på den glutenfrie versjonen HER, det er berre til å byte ut glutenfritt mjøl, med vanleg kveitemjøl.

I det siste har eg og Jojo vore litt på farten. Me var ei veke heime hos foreldra mine.
Jojo syns det var kjempekjekt å besøke mormor og morfar.

 Mormor fekk bade han og kosa med skatten, morfar fekk mate han og sove middag ilag med han. :o)

Då me var der, merka eg at han begynte å rulle, og styre på i senga, sjølv med sovepose på.
Dermed fann eg ut at det var på tide å senke senga heime.
Eg trur han syns det var litt rart, men han har ikkje hatt noko vanskeleg med å sove i den "nye" senga si.

Ellers er Jojo ein liten lurifaks, som suser rundt og smakar på altifrå støvsugar, tøflar,
gamle xbox-spelarar, stolbein, bordbein og det han ellers skulle få tak i.
I morgon skal me på barselgruppe,
og eg er kjempespent på  få vite kor stor han har vorten sidan sist.
Forrige gong han vart målt, var han 6mnd og ei veke, og han var 10.170gr, og 72cm.
No er han vorten 7 1/2 månad, og eg kan nesten sjå at han har vorten lengre, men eg håpar nesten at vekta har roa seg litt no, når han er vorten meir mobil.
Foreløpig er det berre snakk om åling, men han trekkjer knærne meir og meir under seg, så snart  susar han nok rundt på eit nytt gir!

Håpar du har ein flott dag!






Strikkeri, strikkera

Eg får då tid til litt strikking innimellom.
Jojo har lært seg å åle, så no er ikkje tilværelsen like roleg som før.
Han fyk rundt her, og smakar på alt. Spesielt fasinert er han av støvsugaren.. (av alle ting...) Håpar det er ein fasinasjon som held seg, slik at han kan ta over støvsuginga her i huset så snart han er stor nok. :o)  (husarbeid er ikkje det kjekkaste eg veit)

Men det var strikking eg skulle skrive om no. :o)

Ei veninne av meg er fadder til ein liten gut, og ho ba meg om å strikke ei monsterbukse,
som ho kunne gje i julepresang.
(eg, som egentleg ikkje strikkar på bestilling, har plutseleg strikka 2 bestillingar på kort tid!)

Eg er eigentleg frykteleg dårleg på å brodere maskesting, men heldigvis vart det betre denne gongen. Tennene er ikkje heilt supre, men fekk det betre til på augene.
Buksa er strikka i Silja frå Spar Kjøp.


I det siste har eg faktisk strikka noko til meg sjølv og! Eit deilig mjukt sjal, i Lace-garn frå Drops.
Eg brukte ei oppskrift på eit "vanleg" sjal, som eg sydde saman i kortendane.
Deilig og mjukt, og vert nok godt å ha under ei jakke, eller når eg spring rundt i gangane på jobb ( noe er det berre 2 veker igjen! :o/)

Slenger med eit bilete (eller 3 i 1) av ein av dei få fine haustdagane me har hatt her i Bergen.

Håpar alle får ein strålande dag!!