onsdag 29. juli 2015

Sneak peak

I helga skal eg lage ei dåpskake, så dei siste kveldane har gått med til å lage pynt.
 
Her er ein liten sneak peak på litt av pynten. :)
 
 


lørdag 25. juli 2015

Pølse-horn

Ungane har hatt litt vekslande appetitt i det siste,
så i dag fant eg ut at me måtte ha noko litt ekstra til lunch.
 
Eg hadde grillpølser, riven ost og fersk gjær i kjøleskapet, og kveitmjøl i kjøkkenskuffen.
Ein god gjærdeig på slump, laga med kveitemjøl, litt grovt mjøl, vatn og olje vart satt, og etter ein liten time kjevla eg ut remser som eg delte i trekantar.
Eg rørte ut ketchup med litt vatn og krydder, og hadde dette på
ei flaske, for å gjere det enklare å ha på deigen.
 

Så la eg på pølse i småbitar og riven ost.
 


 
Deilig lunch, og godt å ha i frysen til turmat, kosemat og nistemat. :)
 


fredag 24. juli 2015

Fredagsbrownie

Sidan mannen har jobba "eight-to-late" heile veka,
ungane har fri frå barnehagen,
eg var snopesjuk,
og det er fredag...
 

 
175gr smør
1 1/2 plate kokesjokolade i bitar
300gr sukker
1 1/2 ts vaniljesukker
3 store egg
150gr kveitemjøl
 
- Forvarm steikeovnen til 180gr.
- Smelt smør og sjokolade på svak varme. Rør til alt er smelta.
Hell sjokoladeblandingen over i ein bolle, og la den avkjøle 5 min.
- Rør sukker og vaniljesukker inn i røra.
- Tilsett eggene, eitt om gongen og rør kraftig.
- Tilsett kveitemjøl.
 
Så... Kan du tilsette det du vil. :)
Eg hadde oppi ein liten neve grovt malte mandler,
marshmallows i bitar og ein neve Callebaut melkesjokolade.
 
Hell alt over i ei smurt form, og steik i 35-40 min.
 
Eg varma opp litt Nugatti over vannbad, og hadde over når eg serverte.
NAMM!!
 
 

 


Cupcakes, makroner og andre småkaker

Eg bakar ikkje berre pyntekaker... :)
Cupcakes, makroner, cakepops
 



 
Cupcakes eg laga til ein forlovelsesfest.
 
Med matchande cakepops til. :)

 
Fins det noko betre enn fersk gjærbakst?
Kanelknuter
 
Fastelavensbollane fekk ein"twist" i år. :)
 
Kveitekrans

 
Heimelaga "Kvikk Lunch" 
 
Vepsebol
 
Eclairs Vannbakkels fylt med vaniljekrem
 
Sjokolademakroner med salt karamell, og rosa makroner med Limecurd
 
Sugar cookies pynta med Royal Icing eller sukkerpasta.
 


Bursdagskaker og andre kaker

Bilderas av forskjellige bursdagskaker og andre kaker eg har laga. :)
 
Kake til ei eg jobbar ilag med. Jenta som venter på bussen henviser til korleis ho traff mannen sin. Kirsebærblomane og New York-skyline henviser til turen ho nyleg hadde til New York.
 
 Kake til 90 årsdagen til mannen min si bestemor.
Dei gule blomane symboliserer til dei 5 døtrene hennar, medan dei 16 sauene rundt kaka symboliserer oldebarna. Dei har eg satt sammen i søskengrupper.
 

 Disco-kake til ei supersprek dame.
 
Når naboen har bursdag... :)


 Ei lita prøve-kake til søndagskaffien.
 
Kake til mormor sin bursdag i fjor sommar.
 
Kake til mammaen min sin 60 årsdag.
 
Kake til korgafesten for å feire at gode vener har gifta seg.
 
Ei prøve-kake som vart tatt med på jobb.
 


Bryllupskaker

Eg har vore så heldig at eg har fått lov til å lage 4 bryllupskaker!
 
Bryllupskaker er fryktelig nervepirrande å lage.
Alt bør jo helst vere perfekt...
 
Den fyrste bryllupskaka eg laga gjekk i lilla og gull.


 
Den andre var pynta med rosa roser i sukkerpasta.
 
Den tredje var heilt annleis, då dei ikkje ville ha marsipan eller fondant på i det heile tatt.
Dette er den største kaka eg nokon gong har laga, og sidan det gjekk med over 2 KG sjokolade for å lage den, kallar eg den Sjokoladebeistet. ;)
 
 
Den siste kaka er forholdsvis enkelt pynta, men det er gjerne desse som er dei vansklegaste. ;)
 
 


Bilderas Dåpskaker

No må eg jo vise fram kva eg har gjort dei siste åra.
Her kjem bilete av dåpskakene eg har laga.
 
Den fyrste kaka, laga eg til dåpen til Snuppeline for 2 år sidan...
Av og til ønsker eg nesten at eg kunne døpt ungane mine på nytt,
berre for å kunne lage dåpskake til dei. :)
 
Dette var vel eigentleg ei  kake til ein 1 årsdag, men eg syns den ser litt "dåpsaktig" ut. :)
 
Putekake. Denne vart ein smule høgare enn planlagt, men då vart det i alle fall plass til alle rosene. :)
 
 
Her prøvde eg ut ein ny måte å lage tekstur på bjørnen.
 
Litt lik på den kaka lenger oppe, men heldigvis kan ein sjå framgang.
 
 
Ei av mine favorittkaker. Eg vart rett og slett litt forelska i den snømannen. :)
 
 
Denne kaka var også veldig kjekk å lage, sjølv om blomane tok ein evighet, med "søm-kanten".
 
Kjekt å få lage litt "fantasiblomar" også, og ikkje berre roser.
 
Ein liten elefant passar på dåpsbarnet.

 

Endring av bloggen

Hei og hopp!
Etter at "HusmorNom" -bloggen har lagt brokk i fleire år, fant eg ut at det var på tide å gjere noko. Bloggen har fått ein liten "makeover", og har no blitt til KakeNoms.

Eg er så heldig at familie og vener lar meg få bake kaker til dei, i tillegg at eg baker alt ifrå knekkebrød til makroner til heimebruk. No har eg hatt Facebook-sida KakeNoms i litt over eit år, der eg legg ut bilete av kaker og anna bakst eg lager på kjøkkenet mitt. Her på bloggen er det plass til å skrive litt meir utfyllande.

Mykje har skjedd sidan forrige blogginnlegg, 11.desember 2011.
Jojo har blitt ein stor rabbagast på 4 år, som vart storebror for 2 år sidan. Snuppeline er ei bestemt frøken på 2. Heldigvis nøler dei ikkje med å melde seg frivillig til å smake på det eg baker. :)
Då Snuppeline var knapt 2 månadar, flytta me frå terasseleilighet i Bergen, til hus med hage i ein nabokommune.
Det var på kjøkkenet her at den store bakegleda slo meg for fullt.
Eg har jo alltid likt å bake, men etter at eg var på det fyrste kakekurset hos Kate Kippersund "The Flying Cake" hausten 2013, har det tatt heilt av. Sidan den gongen har eg vore på kurs i å stable kaker, veske-kake-kurs, modelleringskurs, og kurs i spiselige blonder.

Kaker er KJEKT!!!

Her kjem eit lite bilderas av barnekaker eg har laga dei siste åra. :)

Lynet McQueen-kake eg laga til Jojo sin 2 årsdag.
 Sjørøver-kake til nabogutten sin 5-årsdag for 2 år sidan.
 Bursdagskake eg laga vinteren 2014
 Fyrste gongen eg prøvde å modellere menneske (eller havfrue) :) Mai 2014
1-etasjers til barneselskap, og 2-etasjers til familieselskap.


 Jordbær-kake med gummislanger i midten. :)
 Traktor-kake. Fyrste gongen eg brukte Rice Krispies-treat (til å lage traktoren)
Med matchande cupcakes. :)
 
 
Minnie-kake til feiring av Suppeline sin  1årsdag.

 
Løveungen og Frøken Kanin laga i februar 2015

Pippi-kake laga i februar 2015
 
Dinosaur-kake laga til Jojo sin 4 årsdag.
 
Kake med bondegårdstema til familieselskap for å feire dei to luringane mine.

Kake til ei jente som held på med kunstløp. Måtte få med ein sommarfugl også, sidan bursdagen var i slutten av mai. :)
 
Mi fyrste dukke-kake, og mi fyrste Frost-kake.
 
Teenage Mutant Ninja Turtles-kake