lørdag 30. januar 2016

Rosa elefant

I helga har eg fått lage kake til ei lita jente som skal feire sin fyrste bursdag.
Då eg sa ja til å lage denne kaka, viste eg ikkje at stormen Tor skulle komme,
så eg har vore litt stressa pga av det.
Heldigvis var Tor snill med oss, og lot oss behalde straumen.
Men, du kan sei kva du vil. Det skjer noko med marsipan og fondant når det lyner og tordner.
Sjølv om det er vinter.
 
Eg bør også øve meg på å få "putemønsteret" til skikkeleg. Eg vert aldri heilt fornøyd.
Heldigvis trur eg kaka INNI smaker bra.
Smaksprøvane av Red Velvet med kvit sjokolade-, og kremostfrosting smakte veldig bra!
 
Mor ville ha ein elefant i skarp rosafarge, med lilla øyrer etc.
 
Så, eg laga ein elefant i skarp rosafarge, med lilla øyrer. :)
Dessverre vart "ballongen" litt for tung, så den øydela nesten snabelen til elefanten.
Heldigvis fekk eg fiksa det.
 
Eg håpar Emilie har hatt ei strålande feiring av sin aller fyrste bursdag!!

 


søndag 17. januar 2016

Pai og bollekake

I helga har me hatt nydeleg og kaldt vintervær.
Etter å ha vore ute å leika i snøen, var det deilig å komme inn til mannens yndlingsmiddag.
Det er ikkje så ofte eg lager denne paien, men smaker supergodt!
 
Oppskrifta har eg faktisk publisert på bloggen tidlegare. ;)
 
I dag bestemte eg meg for å pynte litt på paien til mannen.
Litt romantikk i kvardagen. ;)
 
I formiddag satte eg ein bolledeig, noko som passa supert,
 sidan me plutseleg fekk besøk då me var ute.
Kva smakar vel betre enn nysteikte skillingsbollar ute i strålande og iskaldt vintervær!

Eg brukte oppskrifta på Verdens beste boller, frå Det søte liv.
Eg bestemte meg for å prøve noko anna med fyllet.
Eg tok meg ikkje tida til å lage vaniljekrem, istadenfor skrapte eg ut frøene frå ei stor vaniljestang,
og blanda dei med smelta smør.
Så smurte eg vaniljesmør utover deigen før eg dryssa over eit lett lag kanel og bittelitt sukker.
Rull sammen deigen og skjær i passe bitar.
 
 
 
Etter at ungane var lagt, kunne eg og mannen kose oss med denne bollekaka.

 
Håpar de har hatt ei strålande helg!


tirsdag 12. januar 2016

Spretting av bryllupskake

Eg må berre vise dykk
dette bilete, som ein av dei andre bryllupsgjestane tok.
 


søndag 10. januar 2016

Bryllupskake i kvit og gull

Etter 8 år som kjærestar, vart dei "endeleg" gift.
I helga var me i bryllup til gode vener, og eg var så heldig at eg fekk lage bryllupskaka.
Bryllupet skulle vere i Hardanger, så det betydde litt logistikk-utfordringar,
men jammen gjekk det bra. :)
Det er nemleg ikkje berre-berre å frakte skjøre roser laga i sukkerpasta.
 
 
Eg hadde heldigvis ei passe stor papp-øskje, som eg la eit godt lag med servietter i bunnen.
Så bretta eg ein serviett rundt kvar rose,
og satte dei forsiktig nedi øskja, før eg la fleire servietter på toppen.
 
 
Sjølv om eg hadde fylt kaka allereie før avreise, var det litt som måtte vere med,
slik at eg kunne trekke, stable og pynte kakene når eg kom fram.

 
"Bestillinga" frå brura, var ei enkel kake med gullperler rundt kanten på kvar etasje,
og kvite peoner eller roser på toppen.
 


 
Slik vart det ferdige resultatet.
Under sukkerpastaen er det ei saftig Red Velvet kake, fylt,
 og smurt opp med kremostfrosting med kvit sjokolade. 
 
Dessverre vert peonane mine alltid sjåande ut som roser, så då vart det roser. :)
Med litt gull-dust langs kantene.
 
Her er kaka på kakebordet. :)
Og endeleg fekk eg sjå når ei bryllupskake EG har laga vart spretta! :)
Det var så kjekt, og brudeparet var så fine, og heile dagen var så perfekt!
 
Eg er så takknemlig og glad for eg at fekk lov til å bidra til den store dagen!