mandag 29. februar 2016

Skjemme-bort-mannen-på-ein-søndag-kake

Når mannen er litt lei seg for at ikkje han har fått smake kake,
og når ein har nokre jordbær til overs...
Då smeller ein sammen eit lite 17cm stort sukkerbrød, og fyller med krem, syltetøy og jordbær.
 

Eg trur faktisk at dette er fyrste gongen eg har laga ei skikkeleg blautkake,
 pynta med berre krem og bær.
Pynten er gjort i ein fei, men jammen smakte den godt allikevel. ;)
 

 
Godt med litt søndagskos ilag med mannen, etter ei travel helg.
 
Håpar du får ei superfin veke!
 


søndag 28. februar 2016

Løveungen og Frøken Kanin

Denne helga vart ei travel helg, med to kaker.
Den andre kaka vart til "kjæresten" til gutten min.
Ho fylte 4 år på fredag, og i dag skulle dagen feirast.
 
Ønsket var Løveungen og Frøken Kanin.
 
 
Både Løveungen og Frøken Kanin bestemte seg for  krangle litt, men heldigvis
kunne alle ungane sjå kven det skulle vere. ;)
 
Under marsipanen er sukkerbrød fylt med krem, jordbærsyltetøy,
masse ferske jordbær og eit lite dryss med riven sjokolade.
Kaka vart nesten heilt oppeten i selskapet, så då seier eg meg fornøyd.
 
Håpar du får ei fantastisk veke!


lørdag 27. februar 2016

Kaninkake til dåp

Eg må innrømme at eg likar å lage dåpskaker!
 
Denne kaka fekk eg spørsmål om å lage allereie i sommar. Lenge før barnet var født. :)
Eg fekk ganske frie tøyler, men dei ville ha ein lys rosa/champagnefarge.
Champagnefarge var ikkje så lett å få til, men ein litt sart
rosa/ferskenfarge klarte eg.
Eg lurte lenge på kva for farge eg skulle ha til, men valget falt til slutt på ein lys gråfarge.
 
Den fyrste planen min var å lage ein bamse som skulle sitte på kaka,
men d eg satt og skulle lage pynten ombestemte eg meg.
 
Resultatet vart ein kanin med litt store øyrer.

Babyen fekk også nokre små kaninøyre, og eit rosa rysjeskjørt.
 
Eg testa også ut nokre nye peon.-utstikkere til denne kaka.
Veldig fornøyd med utsikkarane (som eg kjøpte på den kjempefine butikken Lille Ballong),
men eg trur eg må gjere noko litt annleis neste gong. 
Bakdelen på blomen vart rett og slett litt for stor, så stor at dei ikkje fekk skikkeleg plass
på kakebrettet, og den eine måtte eg ta av for å få kaka inni kakeøskja!
Men då veit eg det til neste gong.
 
Resten av pynten består av spiselig blonde, laga av Flexi Lace, ein liten gyngehest, bokstavklosser til navnet, og to forskjellige typar småblomar.
 
 
Det ferdige resultatet vart ei skikkeleg jentete kake. :)
 

Under marsipanen er ei saftig vaniljekake fylt med Fox-karamellkrem, Lemoncurd
og ein frisk kremostfrosting.
Denne kaka er søt, frisk og syrlig, alt på ein gong.
 
Eg er spesielt glad i Fox-karamellkremen.
I tillegg passer det jo supert at den er så enkel å lage! :)
 
Du treng:
3 dl fløyte
10 Fox-karameller (ca 70gr)
 
Del karamellene opp i små biter.
Ha fløyte og karameller i ein kasserolle, og varm forsiktig opp til karamellane har smelta.
Sett blandinga kjøleg minst 6 timar.
Pisk opp til krem, og VOILA!
 Ein fantastisk god krem som kan brukast både inni kaker, og som frosting på cupcakes.
 
Eg håpar Amalie Johanne og familien får ein fantastisk fin dag!
 
 
 


søndag 21. februar 2016

Ugledåpskake

Denne helga har eg vore så heldig å få lage ei dåpskake med ein liten uglefamilie på. :)
 
Eg har så vidt vore borti å lage ugler før, men det er lenge sidan, og dei såg litt annleis ut.
Denne gongen var det ein liten uglefamilie som skulle lagast, i duse pastellfargar.
Eg ELSKA dei fargane!
Duse tonar av grøn, lilla og rosa.
 
 
Under marsipanen er ei saftig vaniljekake, fylt med silkemjuk kremostfrosting, bittelitt jordbærsyltetøy, og masse ferske jordbær.
 
 
Klossebokstavar, knappar, roser og småblomar i rosa og grønt, utgjer resten av pynten.
 
 
Håpar du får ei UHUUtruleg fin veke! :)


tirsdag 16. februar 2016

Jubileumssuksess

I dag er det 17 år sidan eg og mannen vart ilag, og det måtte sjølvsagt feirast.
 
Etter tips frå ein av bloggane følger, valgte eg å lage Suksess-cupcakes,
men eg valgte å plukke litt frå forskjellige oppskrifter. ;)
 
 
Mandelbunn:
5 eggekvitar
250gr melis
250gr malte mandler
2ss kveitemjøl
 1 ts bakepulver
 
Pisk eggekvitane stive, og ha i melis. Pisk vidare til luftig marengs.
 
Bland kveitemjøl og bakepulver i mandlane, og rør dei forsiktig inni marengsen.
Fyll i former. Eg bruker ei isskei.
Sidan kakene ikkje hever så mykje, er det lurt å fylle formene nesten heilt opp.
Steik midt i ovnen på 180grader i ca. 20min.
 
 
Suksesskrem:
8 eggeplommer
1,5 dl kremfløyte
150gr. sukker
frøene frå ei vaniljestang eller 2 ts vaniljesukker
250gr. smør
 
Ha eggeplommene i ein kjele med tjukk botn, ilag med fløyte og sukker.
Om du brukar vaniljestang, la frøene koke ilag med eggeplommene.
La kremen koke medan du rører heile tida, til det tjuknar.
Det er viktig å la blandinga koke lenge nok, slik at kremen vert skikkeleg tjukk.
 
Ta kremen av plata, og rør små klatter av mjukt smør inn i kremen.
Når du skal avkjøle kremen er det lurt å legge eit lag med plasfolie oppå kremen.
La kremen avkjøle seg skikkeleg, gjerne natta over.
 
 
Om kremen er god og tjukk, kan du sprøyte roser.
 
MMMMMMMMM!!!!
 
Håpar du får ei superfin veke!
 
 

fredag 12. februar 2016

Ship o`hoy! Pirater i sikte!

Skjønne Emelia er født på sjølvaste Valentsdagen,
men skulle feire bursdagen med Sjørøvarfest i dag.
 
I fjor fekk eg lov til å lage Løveungen og Frøken Kanin-kake, men i år var det altså sjørøvar.
 
Eg er ikkje noko flink til å lage menneske, men eg fekk då til noko til slutt.
(Så får eg heller lukke augene litt for dei småfeila som irriterer meg no.)
 
 
Ei Sjørøvarkake med både sjørøvarjente, skattekiste og ein liten båt. ;)
Under marsipanen skjuler det seg ei saftig sjokoladekake,
fylt med bringebærmousse og appelsincurd. Kaka er smurt opp med sjokoladekrem.
 

Sjørøvarjenta har fått på seg rosa kjole med strutteskjørt.
Rosa skaut og svart lapp over eine auga må til.
I hendene held ho eit sverd.
 

 Skattekista bugnar over av gullskattar og smykker. :)

Ship o`hoy for Emelia!!
 Håpar du får ei fantastisk helg, med feiring av både valentinsdagen og morsdag. :)


søndag 7. februar 2016

Fastelavensboller med ein twist

I år som i fjor, valgte eg å lage fastelavensbollane med
ein liten twist.:)
 
Snuppeline hjalp meg med å dele opp bær
medan eg piska krem.
Så la eg bær inni "konen" før eg sprøyta krem inni.
Eit lite melisdryss på toppen, og det var klart for deilige fastelavensbollar.
 
 
Eg brukar DENNE oppskrifta når eg lager bollar,
men eg pleier å kun bruke 50gr. gjær, og heller både for- og etterheve deigen.
Om du likar søte bollar, bør du ha i litt meir melis enn det som står i oppskrifta. ;)
 
Håpar du har hatt ei superfin helg!


mandag 1. februar 2016

Søndagsskumboller med Oreo

Søndag er ofte bakedag, og denne helga falt valget på ein enkel variant av skumboller.
 
 
Oppskrifta fann eg på godt.no
 
Eg brukte berre ein pakke med Oreokjeks (14 kjeks),
så resten av marengsen steikte eg i ovnen på låg varme.
Mmmmm eeeeeeeelsker marengs!
 
 
Håpar du får ei fantastisk veke!!