torsdag 31. mars 2016

"Gravøl" -cupcakes

I dag er ein trist, trist dag for oss.
Gode, fine barnehagen vår stenger i dag.
Me har vore så heldige at ungane har gått i barnehage ca. 25 meter frå huset vårt.
Det har vore heilt supert!
Det har vore utruleg praktisk for oss foreldre, i tillegg til at ungane har storkost seg der.
Gode, flinke, snille og trygge vaksne
har gjort sitt beste for at kvardagen til våre barn skulle bli best mogleg.
 
Men, dessverre har ikkje eigarane vore like flinke og gode.
Dei har rett og slett kjørt heile barnehagen på dunken.
Dei har svindla og lurt, og no må borna mine begynne i ein ny barnehage, midt i semesteret, og dei gode damene som har jobba der står utan jobb.
Det er rett og slett tragisk!
Heldigvis har ungane fått plass i ein ny barnehage, og skal begynne der på mandag.
Men i dag, har me lov til å vere triste. I dag var det avslutnings"fest".
 
Eg meldte meg til å lage cupcakes.
Eg valgte å lage vaniljecupcakes med ein silkemjuk frosting som eg smaksatte litt med sitron.
 
Vaniljecupcakes
4 dl sukker
250gr smør
4 egg
2 dl mjølk
3 ts bakepulver
6 dl kveitemjøl
2 ts vaniljeessens
 
Forvarm ovnen til 175 gr.C
Rør smør og sukker kvitt.
Visp inn eggene, eitt om gongen.
Ha i mjøl og kveitmjøl/bakepulver vekselvis.
Ha i vaniljeessens.
Fyll cupcakeformene ca 2/3 fulle.
Steik kakene midt i ovnen i ca 20 min.
Oppskrifta gjev ca. 24 cupcakes
 
Sitronfrosting
2 dl mjølk
1,5 dl kveitemjøl
250gr kjøleskapskaldt smør i små terningar
250gr melis.
 Smak til med safta frå ei sitron.
 
Kok opp mjølk og kveitemjøl til ein pudding, og la det verte heilt kaldt.
Pisk melis, smør og pudding saman i ca 15 min. I starten kan det sjå ut som om frostinga skiller seg, og alt er øydelagt, men berre pisk vidare.
Ha i ferskpressa sitron. Smak deg til.
Min frosting vart litt tjukk, så eg spedde med mjølk til eg fekk ein fin konsistens.  
Tilsett den fargen du vil ha.
Frostingen min vart farga rosa, og kvar cupcake fekk ein liten pynt av fondant
(alltid greitt å ha eit lite lager av blomar, knappar, snøfnugg og sommarfuglar liggande. )
 
 
 Eg bakte også sjokoladecupcakes med Oreokrem.
Veldig greitt å ha ein stor boks å frakte kakene i.

 
Alle cupcakesene forsvann, så då rekner eg med at dei smakte godt. :)


mandag 28. mars 2016

Bursdagsprofiteroles

Jada, eg skjemmer han bort! :)
Mannen er veeeeldig glad i små vannbakkels fylt med vaniljekrem, også kalt Profiteroles.
Så, då han vart litt sein heim frå fisketur i går, utnytta eg sjansen til å overraske han med slike også.
 
Vannbakkelsrøre
2 dl vatn
90gr smør
1/4 ts salt
120gr kveitemjøl
150gr egg (ca 3 stk)

Kok opp vatn, salt og smør i ein kjele.
Når det koker, ta kjelen av platen, og la kjelen stå med logg på til smøret er smelta.
Sett kjelen tilbake på plata, og kok opp væska.
Tilsett mjølet og rør med ei tresleiv i kjelen til alt mjølet er rørt ut i væska.
Fortsett å røre til deigen samlar seg og slepp kantane. Det tar ca 30 sek.
Ta kjelen av plata, og la deigen avkjølast i 2 min.

Rør inn eggene eitt av gongen med ein kraftig håndvisp, eller i ei kjøkkenmaskin med grind.
Det er viktig å røre godt mellom kvart egg.
Når deigen er ferdig til bruk, skal den vere jevn og seig.

Forvarm ovnen til 180grC.
Fyll vannbakkelsrøra i ein spøytepose med rund tyll, med diameter på  1cm.
Sprøyt små kuler på størrelse med ei valnøtt på eit steikebrett kledd med bakebapir.
Steik vannbakkelskulene i ca 20 min.
Det er viktig å ikkje åpne ovnen under fyrste halvdel, for då kan kulene dette saman.
Stikk eit lite hol i kvar kule rett etter at du har tatt dei ut av ovnen, for å sleppe ut damp.
 Då held dei seg sprø og gode.

Vannbakkelsen kan du fylle med piska krem, kaffikrem, vaniljekrem osb osb. :)

Eg fylte mine med vaniljekrem.
1 vaniljestang
2 dl + 1/2 dl H-mjølk
3/4 dl kremfløyte
55gr sukker
30gr eggeplommer (ca 2 små eggeplommer)
20 gr maisenna (2 ss)

Splitt vaniljestanga og skrap ut frøene.
Ha 2 dl mjølk, vaniljestang,.frø, fløyte og sukker i ein kjele,
rør det saman og varm det til kokepunktet.
Ha resten av mjølka og maisenna i ein bolle og visp det lett saman.
Visp inn eggeplommen i melk- og maisennablandingen. Hell 2/3 av den varme væska oppi eggeblandingen litt etter litt mens du rører med ein visp.
Hell deretter blandinga tilbake i kjelen.
La blandinga koke opp og småkoke i  minutt, medan du heile tida rører i bunnen av kjelen med ein visp, slik at kremen ikkje svir seg.

Ta ut vaniljestanga etter at kremen har kokt. Hell kremen over i ein bolle.
Det er viktig at kremen vert fort avkjølt etter at den er kokt.
Dekk kremen med plast (plasten skal ta nedi kremen for å forhindre snerk) og sett den i kjøleskapet.
 
 Bursdagslys på, klare for å vekke mannen med bursdagssong.
 
 Eit lite melisdryss, før servering til kaffien.
 
Mmmmmm!
 
Håpar du har hatt ein kjempefin påske!
 I morgon startar vinterferien for meg, og eg har dagane fulle med forberedelser til kake neste helg.
 


søndag 27. mars 2016

Bursdagsterte med salt karamell og ganache

I dag har mannen bursdag,
og eg fann ut at det var ein ypperleg anledning til å bake noko eg har hatt lyst til å prøve lenge.
Sjokoladeterte med salt karamell og sjokolade ganache.
 
 
Fyrst laga eg mørdeig med sjokolade.
 
125gr kaldt smør i små terningar
90 gr melis
 1 egg
250gr kveitemjøl
30 gr bakekakao
 
Fyrst kjørte eg smør, kveitemjøl, kakao og melis i ein Food processor til smøret var godt fordelt i mjølet.
Så tilsatte eg egget, og kjørte alt saman til ein deig.
Pass på at du ikkje arbeider for mykje med deigen,
for å unngå at den trekker seg saman under steiking.

Pakk deigen godt inn i plastfilm, og la den kvile i kjøleskapet ca 1 time.
Eg brukar litt mjøl på kjøkkenbenken, for så å kjevle ut mørdeigen.
Av denne deigen fekk eg 4, 15 cm papirformer.
Prikk bunnen lett med ein gaffel, og la den kvile i kjøleskapet i 30 min før steiking.
Varm ovnen til 180 gr C.
Legg eit stykke bakepapir over tertebunnen og fyll på med tørka erter/ ris el.l.
 
 
Steik bunnen midt i ovnen i 15 min.
Løft ut ertene og steik vidare i ca 10 min. til bunnen er ferdig steikt.

Salt karamell lagar eg slik:
2 dl sukker
1 dl sirup
1 dl vatn
1 dl kremfløyte
80gr smør
1-2 ts flaksalt

Bland sukker, sirup og vatn i ein vid, tjukkbunna kjele.
La blandinga koke opp, og så småkoke utan omrøring til sukkerlaken er gyllenbrun.
Rør inn kremfløyten (det spruter og freser ein del) og deretter smøret.
La alt koke roleg ei stund.
Kontroller konsistensen ved å dryppe karamell ned i ei glas kaldt vatn. Om du kan rulle ei kule er karamellen klar.
Ta kjelen av varmen, og rør inn flaksalt.
Hell karamellen i dei ferdigsteikte tertebunnane.
 
 
Sett tertene kjøleg ein times tid, før du lager ganache.
300 gr Calleabaut mørk sjokolade
3 dl fløyte
50 gr mjukt smør i bitar
Varm opp fløyten til kokepunktet.
Hell den varme fløyten over sjokoladen, og rør til sjokoladen har smelta.
Rør inn små bitar med smør.
 
 
Hell ganachen over tertene, og dryss litegranne flaksalt over.
Sett tertene kjøleg ca 2 timar.


 Neste gong vil eg nok ha litt mindre, og litt lysare sjokolade på toppen.
Utanom det, var terta kjempegod!!! :)

 

torsdag 24. mars 2016

Engelske påskebollar

Eg likar å sjå på bakeprogram på tv, og mange av dei er frå England.
Fleire gonger har eg sett at dei har snakka om Hot Cross Buns,
gjerne i forbindelse med påskefeiring.
 
Eg har lenge hatt lyst til å prøve meg på desse, og i dag, Skjærtorsdag må jo passe ypperleg!
 
Fyrst laga eg ein blanding "Mixed spice"
60g malt kanel
15g malt kardemomme
15g malt muskatnøtt
1 ts malt allehånde
Bland alle kryddera saman, og ha over på små glas.
Så var det bollane:
                                                                   ca 500g Kveitemjøl
50g g gjær,
75g sukker
1ts salt
2dl varm mjølk
1 stort egg
50g smelta smør
3 ts  Mixed Spice
75g Rosiner
25g Apsikat eller sukat (kan sløyfast)
Skalet frå ein appelsin
3 ss Appelsin juice
 
Bland rosiner, sukater og appelsinskal med juicen, og la stå å trekke.
Bland saman kveitmjøl, salt og krydderblandinga.
Smelt smør, og ha i mjølk, varm til 37c.
Rør fersk gjær ut i lunka vatn, og bland med mjølkeblandinga.
Tøm dei våte ingrediensane oppi med dei tørre, ilag med egget.
 Bland godt, før du har i juicen og rosinene.
Rør til ein fin og smidig deig.
La deigen heve ca ein time, før du former til runde bollar.
Hev bollane 30-60 min før du skjærer eit kryss i bollen med ein skarp kniv.
Ha mjølblandinga over i ein liten pose, klipp hjørnet av posen,og sprøyt eit kryss på bollen der du har skjært.

Steik gjerne på varmluft, 200gr ca 10-14 min. (dette kjem an på ovnen din).
Pensle bollane med sukkerglasering med ein gong dei kjem ut av ovnen.
Et dei gjerne lunka med smør på.

Dekorasjoner:
3 ss kveitmjøl blanda med vatn til ei tjukk røre.
 
Glasering
3ss sukker blanda med 3-4ss kokande vatn, rør til sukkeret er oppløyst.



Håpar du får ein strålande fin påske!
 


søndag 20. mars 2016

Frost-kake til to prinsesser

Dei to prinsessene som skal feire brusdag ilag med J, ønska seg ei Frost-kake.
Eg bestemte meg for å prøve ein ny stil på figurane denne gongen,
og etter ein del plunder og eit par forsøk på å få til skikkelege ansikt,
synes eg faktsk at dei vart ganske søte til slutt.
 
Vaniljekaka vart dynka godt med sitronbrus, før eg smurte på eit lag med jordbærsyltetøy, eit god lag med ferske jordbær, og eit lag med ein frisk kremostfrosting.
 
Eit friskt alternativ til sjokoladekaka med Oreokrem.
 
Sidan J si kake var 2 etasjer, måtte sjølvsagt denne også vere det.
 
 Anna og Elsa på toppen av ei lyseblå/turkis kake, men mange snøfnugg.
På kjolen til Elsa har eg malt detaljer med sølvmaling både foran på kjolen, og bak på kappa.
Anna sin kjole har fått små detaljar med gullmaling.
 
 Eg håpar dei to jentene vil like kaka si. :)
 
No er me klare for bursdagsselskap til 2 flotte 5 åringar, og ei fin 4 åring.


Den store bursdagsfeiringa

I morgon fyller den lille, store gutten min FEM år!!
Han har vore fryktelig klar, leeeeeenge! :)
Dagen skal han feire i gymsalen på skulen der eg jobbar, ilag med to veninner frå barnehagen, som også har bursdag no i mars.
 
Eg tilbydde meg å lage kaker, og fann fort ut at me måtte ha to kaker. Ei med dinosaurer, til den dinosaurfrelste guten min, og ei med Frost-tema til dei to jentene som elsker Elsa og Anna.
 
 
J hadde ei klar bestilling på korleis kaka hans skulle sjå ut, ein T-Rex og ein Triceratops nede, og ein Brachiosaur oppe... Så.... Då var det opp til mor å fikse resten.
 
Eg fann fort ut at er det bursdag, så er det brusdag.
Kaka "måtte" ha to etasjer. :)
Så eg laga to bunnar saftig sjokoladekake 20cm og 17cm.
Eg laga også to bunnar med vaniljekake i same størrelse, til Frost-kaka.
 
Så var det å få til nokre dinosaurer.
Brachiosaur er ein Sauropod, med laaaaang hals, og laaaang hale.
Det betyr at den må ha noko støtte inni seg, slik at ikkje hals og hale sig ned.
Uheldigvis var den ikkje heilt samarbeidsvillig... Eg skulle nok tatt endå meir CMC i sukkerpastaen.
Men, den sto no til slutt.
Reaksjonen då J såg dinosauren stå til tørk på kjøkkenbenken gjorde det også verdt det heile.
Han hoppa opp og ned og var heilt i hundre!
 
T-Rex`en fekk lov til å holde 5-talet, og Triceratopsen står berre og ser søt ut. :) 
 
Eg skal innrømme at eg synes denne vesle karen var skikkeleg søt!
 
 
 Så, heile den biiiiittelille kaka.... :)
Brachiosaur på toppen, og T-Rex og Triceratops nede.
Eg håpar jubilanten er fornøyd! :)
 
 
Under sukkerpastaen, er det sjokoladekake fylt med Oreokrem og sjokoladekrem.
 
Frost-kaka kjem i eit eige innlegg.
Håpar du får ein super søndag!
 


mandag 14. mars 2016

Restelapper

Søndag er ofte grautdag her i huset, og i går var det risgraut til middag.
Denne gongen vart det ein del til overs, så då fann eg ut at me måtte ha noko godt til kvelds i kveld.
 
 
5 små egg (har du store egg, held det nok med 3)
ca 5 ss sukker og kanskje ein liten dæsj vaniljesukker
1/2 ts kardemomme
3 dl kveitemjøl
ca. 5 dl ferdig risgraut
 
Bland saman egg, sukker, kardemomme og kveitemjøl.
Ha så i risgrauten, og bland det godt.
La røra svelle i ca 15 min.
 
Steik små lappar.
Ikkje ha for varm steikepanne, då dei må få tid til å bli gjennomsteikt utan å verta svidd. ;)
Server med bær, syltetøy, honning, lønnesirup eller det du synes er godt.
 
Rislappar minner meg alltid om Barna frå Bråkmakergata av Astrid Lindgren.
Då borna er på besøk hos mormor og morfar, og dei sit oppe i trehuset og et rislappar. :)
Hugsar du den historia?
 
Håpar du får ei fantastisk veke!!


søndag 13. mars 2016

"Kjenner dere Brannmann Sam....

Ingen er så kjekk og stram!"
 
I dag feirer nabogutten 3 årsdagen sin,
og han ønska seg ei Brannmann Sam-kake.
Eg synes framleis at det er kjempeskummelt å lage mennesker,
men ein vert jo ikkje flinkare om ein ikkje øver.
Så eg gjorde eit forsøk.
 
Om det forsøket var vellykka, kjem vel an på auga som ser.
Denne gongen er heile figuren handlaga. eg har ikkje brukt form til ansiktet denne gongen. 
Ungane klarte i alle fall å sjå kven det skulle vere. ;)
 

Under marsipanen er det ei saftig sjokoladekake fylt med bringebærmousse og appelsincurd.
Eg håpar Mathias vil like kaka si, og får ei super feiring. :)
 
 
 

lørdag 12. mars 2016

La den gå, la den gåååååå!!!

I dag feirer skjønne Tiril 5 årsdagen sin, og ho ville ha ei Elsa-kake.
Eg bakte tre bunnar sjokoladekake, og skar til.
 
 
 
 
Eg laga ei slik kake i fjor også, men denne gongen fekk Elsa selskap av Olaf.
 
 
Kaka vart litt høg, men me får skylde på at det var litt mykje vind som tok tak i kjolen til Elsa. ;)


Olaf ser eigentleg enkel ut å modellere, men eg synes at han faktisk er ganske vanskeleg å få til. :)
 
Men mine ungar klarte i alle fall å sjå kven det skulle vere. 
 
Til slutt, kva gjer ein med alt kakeavskjæret?
 
Cakepops! :)


søndag 6. mars 2016

Søndagsscones

Eg likar å ete ein god frukost i helgane,
og då er det greit med noko som går superkjapt å lage.
 
Då er grove scones ein super løsning!
 
150 gr. kveitemjøl
200gr finmalt speltmjøl
300 gr grovmalt speltmjøl
Ein neve solsikkefrø
1 ts salt
1 ss sukker
1 ss bakepulver
4 ss olje
4 dl mjølk (eg brukte 2 dl surmjølk og to dl vanleg lettmjølk)
 
Bland det tørre i ein bakebolle før du har i det våte.
Elt deigen til den er smidig.
Spe med meir mjølk eller mjøl til deigen er lett å jobbe med.
 
Kjevle ut deigen til ca. 1,5-2 cm tjukk.
Stikk ut passe store rundingar, anten med eit glas eller ein rund utstikkar.
 
Steik brøda på 200gr i 20-25 min til passe brune.
 
Vips! Deilige frukostscones er klare på null komma svisj. :)
 
Håpar du får ein super dag!