Det er nok ingen hemlighet at eg er ein stooor fan av boka Strikk til Nøstebarn. Eg har brukt den boka mykje, og tar meg avogtil den friheta å endre bittelitt på oppskrifta. Denne bodyen er utan armar i oppskrifta, men eg la til armar.
Ein deilig, fin body som no nesten er blitt for liten. Han veks så veldig fort denne guten min!!
Eg skal på gruppekontroll på helsestasjonen 9.juni, og eg er veldig spent på kor stor han er blitt då. Han var jo 61cm allereie på 6 vekerskontrollen!!! :o) (Jojo vert 10 veker i morgon)
Her i huset har me ein roleg søndag. Eg har fått vaska litt klær, og byta sengeklede, men no skal eg berre slappe av, og koooose med skatten min. :o)
Håpar du og har ein strålande flott søndag!!
Så fin body da! Ser kjempe deilig ut!
SvarSlettDen er veldig god. trur eg må strikke fleire i større størrelse. :o)
SvarSlett