mandag 30. november 2015

Steinete veg? Eller Rocky road. :)

Andre forsøk på juleknask vart Rocky Road.
 
Eg tok utgangspunkt i DENNE oppskrifta frå Det søte liv,
men måtte sjølvsagt trikse litt med den. ;)
 
Eg byrja med å smelte 170gr smør
ilag med 4 SS sirup.
 
Når smøret var smelta, tok eg kjelen av plata, og smelta inn 300gr Callebaut mjølkesjokolade, og
100gr mørk sjokolade frå Callebaut.
Så helte eg ca 1,5 dl av sjokoladeblanding i ei eige skål.
 
I resten av sjokoladeblandinga hadde eg i ca
100gr. grovhakka peanøtter,
ca 100gr grovhakka bokstavkjeks,
ca 100gr mini marshmallows og
ein liten neve grovhakka Dumle karameller. 
 
Fordi eg var redd for at blandinga skulle bli for søt, hadde eg også i ei lita klype
maldonsalt i blandinga.
 
Då alt var godt blanda, hadde eg heile blandinga over i ei lita
langpanne, kledd med bakepapir.
Så helte eg over resten av sjokoladeblandinga,
 før eg pynta med ca 40 gr mini marshmallows.
La blandinga stå i kjøleskapet natta over, før du deler opp i små biter.
 
Oppbevar konfektbitane i kjøleskap.
 
Eg var nok litt for redd for at det skulle bli for søtt, så eg hadde litt for mykje salt i.
Men litt salt, gjer nok denne konfekten perfekt.
Mine prøvekaniner på jobb, var heldigvis veldig fornøyd. :)
 
Det eg tenker med denne konfekten, er at du kan ha i akkurat du har i skapet akkurat no.
Neste gong lurer eg på om eg skal bruke Oreo-kjeks, og kanskje M&M`s eller Non Stop?
MMMMMM!!! :)

 
Håpar du får ei superfin veke!!


søndag 29. november 2015

Dåpskake med pusekatt

I helga har eg laga ei dåpskake til ei lita jente.
 
Dette er den siste kaka eg lager før nyttår.
No skal eg ha "kakepause", slik at eg kan konsentrere meg om å bake til jul. :)
 
Dette er ei saftig sjokoladekake, fylt med bringebærmousse
og sjokoladekrem. Trekt med Pals marsipan.
 
 Ønsket var ei "vintage-inspirert" kake, gjerne med ein pusekatt på.
 
 Eg har framleis MYKJE øving igjen, før eg får til fine figurar på fyrste forsøk.
Spesielt vanskelig er det å male på auger.
Denne pusen har nok vore borti julemarsipanen ein gong eller ti. ;)
 
Eg håpar vesle Iris har hatt ein superfin dag ilag med familien sin. :)
 


lørdag 28. november 2015

Juleknask av hasselnøtter og sjokolade

Til jul, brukar eg ofte å bake ein del julekaker,
men julesnop, har eg ikkje prøvd meg så mykje på endå.
Men no har eg prøvd meg på nøtteknask. :)
 
500gr hasselnøtter (eg brukte lite grann mandlar også, fordi eg ikkje hadde nok nøtter)
300gr sukker
 100gr vatn
200gr lys sjokolade

 200 gr sjokolade til trekk.
 
Kok opp sukker og vatn til 125gr og tilsett heile hasselnøtter.
Rør til det blir karamellisert. Avkjøl nøttene på bakepapir.
Kjør nøttene i Food processor til du har ei glatt røre. (eg hadde nok ikkje det rett utstyret, så eg kjørte nøttene i maskina til nærmast nøttemjøl.)
Bland nøtterøra med smelta lys sjokolade i ein bolle.
Ha blandinga over i ein sprøytepose og lag små kuler på bakepapir.
(sidan eg ikkje fekk ei glatt røre, kunne eg trille kuler med ein gong)
La dei stivne ein dag i romtemperatur. Deretter former du dei som fine små kuler.
 
Sjokoladetrekk.
Temperer 200 gr sjokolade (eg brukte 100gr Callebaut melkesjokolade og 100gr mørk callebaut sjokolade.
Legg oppi ei og ei kule, og vend dei godt i sjokoladen. Legg kulene på bakepapir og la dei stivne.
 
:)
Snadder Nøtteknask
Smaken minner litt om Ferreror Rocher.
Eg anbefaler å lage små kuler, for sjølv om dei var supergode, var dei også veldig mektige! :)
 


lørdag 21. november 2015

Kokosmakroner

Me nærmer oss desember med stormskritt,
så det er på høg tid å komme i gang med julebaksten. ;)
 
Fyrste slaget (bortsett frå pepperkaker) brukar som regel å vere
Kokosmakroner.
 
Eg brukar oppskrifta eg har fått av mammaen min:
 
2 egg
2 dl sukker
4 ss potetmjøl
1/4 ts bakepulver
1/2 ts vaniljesukker
225 gr kokosmasse
 
Pisk eggedosis av egg og sukker. Pisk eggedosisen lenge, slik at den vert skikkeleg stiv.
 
Sikt i potetmjøl, bakepulver og vaniljesukker, før du du rører inn kokosmassen.
 
Vanlegvis setter eg massen med ei teskei på steikeplata,
men denne gongen brukte eg sprøytepose og ein stor, rundt tyll.
Steik på 180gr. i 10-12 min.
 
Og plutseleg såg kokosmakronane ut som franske makroner,
med både føtter og blank overflate!!!
 

 Det er fyrste gong kokosmakronane mine har sett slik ut, men eg trur eg likar det! :)
 
I dag fekk eg også endeleg somla meg til å sette sammen pepperkakehuset.
Men medan eg dreiv på, gjekk det plutseleg opp for meg at det var noko som mangla....
 
*Facepalm*
 
Håpar du har ei strålande helg!! :)
 


søndag 15. november 2015

Når ein pepperkake baker....

Då var årets fyrste pepperkakebaking unnagjort, og det lukter pepperkaker over heile huset. :)
Deler til pepperkakehus er skjært ut, og ete-kaker er laga.
 
Eg trur nok det vert ei økt eller to til med pepperkake-baking før jul,
for mine to småtroll ELSKER pepperkaker, og jammen var dei ikkje superflinke med å bake dei ut også!

 
Eldstemann bakte, og bakte, og bakte, og stoooorkoste seg med å kjevle og stikke ut forskjellige figurar. :)

 
Eg har brukt denne oppskrifta:
 
300gr sukker
500gr sirup
 1ts pepper
4 ts ingefær
4 ts kanel
  1ts nellik
4 ts natron
250gr smør
2 egg
ca 16 dl kveitemjøl
 
Ha sukker, sirup og krydder i ei gryte og kok det opp på svak varme.
Ta gryta av varmen før du har i natron. Rør godt.
Rør inn fyrst smør, og så egg.
 
Hell blandinga over i ein bolle, og tilsett kveitemjøl litt om gongen.
 
Deigen skal vere litt blaut.
Set deigen i kjøleskapet natta over.
No er du klar til å bake deilige, sprø pepperkaker!
Steik kakene på 180gr i 7-10 min. Pass på at dei ikkje svir seg. :)
 
Lykke til!!!!

Endeleg!!!!

Endeleg fekk eg det til!
Eit godt, grovt, heimebaka brød, som ikkje vert tørt med ein gong det er avkjølt!!
 
 

 
Eltefritt brød, bakt i gryte.


6 dl vatn
Ein klump gjær, på størrelse med ei ert.
2ss sirup
 1ss salt
400gr grovbakst mjølblanding
100gr havregryn
200gr kveitemjøl
 
Rør gjæren ut i lunka vatn, før du har i sirup og salt.
Rør så inn mjølet.
Deigen skal vere veldig blaut og klissete.
La deigen heve i minst 12 timar.
 
Sett ei gryte med lokk (begge deler må tåle høg varme, opp mot 250 grader)
i ovnen, og varm ovnen og gryta opp til 250grader.
 
Når ovnen er varm, ta ut gryta, dryss eit lite lag kveitemjøl i bunnen, før du heller deigen i gryta.
Dryss gjerne eit lag kveitemjøl på toppen av brødet, før du tar på lokket og set gryta inn i ovnen.
 
Skru ned varmen til 240grader, og steik i 30 min.
Då tar du av lokket, skru ned temperaturen til 225grader, og steik vidare i 10-15 min.
 
Avkjøl brødet i gryta ca 30 min, før du tar brødet over på rist.

 


Vips! Deilig nybakt brød til helgefrukosten!
Eg laga deigen på fredag etter jobb, og lot den stå til laurdagsmorgon før eg steikte brødet.
Brødet smaka like godt i dag, som  i går. :)
 
Håpar du får ein stråååålande dag!!!


mandag 9. november 2015

Pappakyss? :)

Når ein lagar vaniljekrem, får ein masse eggekviter til overs.
Så, kva kan ein gjere med det?
Lage marengs sjølvsagt! :)
 
Denne gongen gjorde eg det slik:
6 eggekvitar
300g sukker
Frøene frå ei vaniljestang
Konditorfarge eller smelta sjokolade
 
Pisk eggekviter og frøene frå ei vaniljestang på litt over middels hastighet.
Når det byrjar å skumme, tilsetter du sukker litt om gongen.
 
Når marengsen har blitt blank og stiv er den ferdigpiska.
 
Smelt ca. 100gr sjokolade, og la den avkjøle seg litt.
Bland den så vidt inn i halparten av marengsen.
Ha blandinga i ein sprøytepose ( her brukte eg tipp 2D).
Sprøyt ut små toppar på eit bakebrett.
 
Så tar du ein rund spøytetipp (eg brukte nr. 346 til dei med farge) i ein sprøytepose.
Så anten pensla, eller stryk du pastafarge i striper på innsida av posen, før du har i resten av marengsen.
Sprøyt runde, fine toppar.
 
 
Steik på 110gr i ca  time (pass på at dei ikkje vert brune, då skrur du ned varmen).
Etter ein time skrur du av varmen, og lar marengsen stå i ovnen ein time til.
 

MMMMMMMMarengs!!! :)


Farsdagsbollekake

Det vart ikkje vanleg farsdagskake i år.
 
Istaden vart det hjerteforma bollekake med heimelaga vaniljekrem. :)

 MMMMMM! Deilig!!!
Lillesnupp ville også vere med å bake, og her er hennas bollekake. :)