mandag 31. mai 2010

YES! I WANT TO KNOW EVERYTHING!!

Den 7. og 8. september kjem sjølvaste Lisa Williams til Bergen....
Og eg har billett!!!!
Eg, systo og ei god veninne får forhåpentlegvis vite "everything"! Eg gler meg!!!
Eg er eigentleg litt skeptisk til synske, men Lisa Williams har eg tru på.
Ho verka så koseleg, og grei, og til å stole på. Eg er kjempespent! Ikkje det at eg trur at nokon vil ta kontakt med meg, men berre det å sjå Lisa Williams i levande live vert heilt spesielt! Eg klarar knapt å sitje stille!
Juhuuu!!!!
Har du lyst til å vite meir om Lisa Williams kan du sjekke ut heimesida hennar.

lørdag 29. mai 2010

Var det nokon som sa garnslanking?

Jadda... Her har eg vore SÅ flink, og har omtrent ikkje kjøpt eit garnnøste sidan jul, og har iherdig prøvd å slanke garnlageret mitt så mykje som mogleg... Eg skulle jo berre ein liiiiten snartur innom Spar Kjøp, og eg skulle berre kjøpe tre nøster lyseblå Silja, og to nøster lysegrå Silja... Nemlig... Kva kom eg ut med? Ein stappfull bærepose!
Denne fargen her syns eg var så fin, og det må vel være mogleg å strikke ei lita trøye eller ei bukse av dette?
Denne fargen er litt mørkare, og eg kunne godt tenkt meg å strikke ein gensar til meg sjølv i denne fargen. I dag kjøpte eg tre nøster, og har planar om ei lita trøye eller bukse.
Desse nøsta derimot, har eg tenkt at skal bli ein gensar til meg sjølv! Fin, lys lilla farge. Det vert fint no til sommaren og utover hausten... :o)
No må eg berre vere flittig, og få ferdig den lyseblå babyjakka eg begynte på i går... Eg trur jammen meg at eg skal ta med meg strikketøyet ut i sola på terassen, og la pinnane gå!
Ha ei strålande helg alle saman!!!

fredag 28. mai 2010

Løva Chrstian

Eg såg denne videoen på Pondusbloggen, og eg må sei at eg vart skikkeleg rørt!

Kven var det som sa at dyr ikkje hugsar og ikkje kan vise kjensler!!!

torsdag 27. mai 2010

Strikkeoppdatering!!

Her kjem endeleg litt oppdatering på strikkefronten!
Til jul for 2 år sidan fekk eg eit kjempefint oppskrifthefte av Husbond. No har eg endeleg fått strikka noko ifrå det!
Denne søte kjolen har eg strikka i Ullteppegarn. Kanskje det ikkje mest ultimate garnet å strikke ein barnekjole i, men eg prøver desperat å verta kvitt litt av garnlageret.
Kjolen har eit flott holmønster på skjørtet, og er rillestrikka på overdelen.
Sjølvsagt trengtes det knappar, og valget falt på desse søte, rosa knappane.
Kjolen vart ferdig då eg var heime i Playa del Heimbygd i helga. Heldigvis hadde eg eit garnnøste med Alpa frå Trysil garn med meg, så eg la opp til det eg såg for meg skulle verta ei lite rillestrikka bukse. ( eg har lært ei veninne av meg å strikke bukse, så eg viste at eg skulle legga opp 108 masker på str. 2-4 år) Dessverre (eller heldigvis?) viste det seg at alpa-garnet var tjukkare enn nøstebarn garn, så buksa vart ganske så stor kan ein sei.
Lure meg, fann då ut at eg berre kunne strikke den lenger, så ville den nok passe til den store 4-årige barnehagejenta som eg er så heldig å vere tante til. Som sagt så gjort. Lilla med rosa striper, to dagar på kurs og ein kveld på strikkekafè, og VIPS!
Hadde eg SÅ mange trådar å feste... Og dette er berre på den eine leggen...
Det blir SÅ mange trådar!! Men resultatet vart jo ikkje så gale då...
Lang og god, slik at den kan brettast opp, og brukast lenge under regnklede og bobledress.
Kjærleik i kvar ei maske! :)
Eg hekla ein tråd til å snøre saman buksa med, men eg trur eg må ta meg ein tur og sjå etter strikk i stadenfor...
Så... då var det berre å finne på noko nytt å strikke på...
Har du tips?

mandag 24. mai 2010

Eg veit ein deilig hage i ei lita heimbygd

I pinsen har eg vore heime hos mams og paps i Playa del Heimbygd!
Fredagen var det nyydeleg vær, og eg sprang rundt og knipsa bilete med den flotte, fancy telefonen min. :)
Bakkane heime var fulle av løvetann og engkarse. Dei flotte blomane sto omtrent og tagg om å verta til ein fin liten blomekrans.
Etter å ha prøvd den på meg sjølv, fann eg ut at denne vetle karen såg mykje betre ut med krans på hovudet.
Eg sprang rundt og nynna på "Bind deg ein blomekrans" heile helga.
Denne vetle engelen sat så fint og såg opp mot ljoset.
Bak huset, står plomme-, og morelletrea i full bløming.
Frå hagen, har ein denne utsikta... Var det nokon som sa Noregsreklame? You have seen nothing yet!
Her er bygda frå den andre sida. Dei søte små "tissebææane" som eg kalla dei då eg var lita, låg så søte og rolege, sjølv om eg knipsa bilete. Fjord, fjell, grøne bakkar og søte små tissebææar. Kan det verta vakrare?
Oppdatering på strikkefronten kjem nok ein av dagane. Eg har ein kjole ferdig, som berre manglar nokre knappar.
I morgon og på onsdag skal eg på kurs, Zippys venner. Det kan verta interessant. Eg gler meg iallefall, og håpar at dette vert ei kjekk veke!

søndag 16. mai 2010

Sony Ericsson Xperia!

Juhuu!!
Eg har fått meg ny, kjempefancy telefon!
Den er så fiiin!
No har eg lasta opp fiskespill, bubble burst, og wordsearch ( noko eg merker at kan verta farleg vanedannande...) :o)
Noko som og er flott med den fancy telefonen, er at eg har eit kjempebra kamera på den!
Eg har heile 8,1 megapixel kamera!
Dette bilete her tok eg frå terassen i
går. Nyyydeleg solnedgang.
Dessverre har eg slitt med migrene i helga, så det har ikkje blitt så mykje strikking som eg kunne tenkt meg.
Natt til laurdag var eg opp til neste 4 og kasta opp... Ikkje noko festleg!!
Eg håpar at det har sleppt taket for denne gongen, sjølv om eg kjenner antydning til hovudverk framleis.
Eg vil iallefall ikkje ha hovudverk i morgon, for då får me besøk av gode venner til grillparty!
Ha ein strålande 17.mai alle saman!!!

onsdag 12. mai 2010

Shoes and orchids

Eg må berre vise dei fantastisk tøffe skoa eg har arva etter farmor!

Er dei ikkje fantastisk kule? Eg prøvde dei fyrste gongen til jeans, og det passa heilt perfekt! Håper verkeleg at eg får anledning til å bruke dei snart!

Etter å ha sett på alle dei utruleg flotte bileta som fins ute i blogglandia, har eg satt opp nytt kamera på ønskelista. Kameraet vårt er ikkje spesielt bra, men i dag fann eg ut at eg måtte prøve meg på å ta bilete av dei flotte orkidèane mine! Dei har omtrent blomstra i eitt i eit år no! Eg trur dei likar seg godt i vinduskarmen min. :o)
Denne fekk eg av tanta mi i februar.
Flotte lillarosa blomar. Me like!!

Denne lyserosa fekk eg av husbond til bursdagen min for sikkert 5 år sidan. Har blomstra fleire gonger. Denne kvite fekk eg i innflytningsgåve av mams og paps då me kjøpte leilegheita for 1 1/2 år sidan. Eg ser no at eg har gløymt å ta bilete av den siste av orkideane. Den er også mørk rosa/lilla, men den er litt mindre enn den fyrste. I februar fekk eg og ei stor fredslilje (eg trur iallefall at den heiter det, correct me if I`m wrong)

I kveld ser eg fram til å nyte den lange helga som ligg framfor meg!

I morgon skal eg sove lenge, slappe av, og kanskje hjelpe ei veninne med eit strikkeprosjekt. På fredag skal eg sove lenge, og ta meg ein shoppingtur. På laurdag skal eg sove lenge, slappe av og kanskje besøke ei veninne. På søndag skal eg sove lenge... (merkar du eit gjentakande tema her? :o) )

Eg håpar DU får ei fantastisk helg, om den er lang eller kort!

mandag 10. mai 2010

Kom Mai du skjønne, mil... What?

Eg er nok ikkje den einaste som bloggar om dette i dag, men eg kan ikkje dy meg. I dag tidleg (10.mai) våkna eg som vanleg 06.04, gnei søvna ut av augo og tusla i retning badet. I det eg skal til å gå inn døra slenger eg som vanleg eit blikk ut av stovevindauga. De kan nok alle gjette kva syn som møtte meg... Snø... SNØ!! SNØØØØ!!! Kva skjedde med våren, sommaren, global oppvarming?

Jammen er eg glad for at eg framleis kjører med vinterdekk (piggfrie)...

På radioen i dag tidleg trua dei med at det skulle snøe og sludde til langt ut på ettermiddagen, men heldigvis vart det avlyst. :)

Og jammen meg vart ikkje dagen berre betre, eg fekk vete at eg faktisk har jobb ifrå hausten av! (eg har berre eit årsvikariat som ressurslærar på 2. trinn) I frå hausten av fortsetter eg som ressurslærar, men på 1. trinn. Eg veit endå ikkje om det vert noko fast, eller om eg fortsetter i vikariat, men akkurat no er eg berre glad for at eg har jobb!! Hurra!!!

Og som om ikkje det var nok at eg har jobb, så skal eg faktisk jobbe ilag med tre andre fantastisk flinke damer! Eg gler meg!! (sjølv om dei eg jobber med no òg er fantastiske!)

Hipp hurra for våren, jobb og gode kollegaer, og la oss krysse fingrar for at snøen ikkje kjem tilbake før i desember!

lørdag 8. mai 2010

Rillestrikka omslagsjakke

Akkurat no er eg inne i ein periode der eg ikkje er heilt sikker på kva eg skal strikke. I vinter strikka eg mange store plagg til meg sjølv, så no for tida er det deilig å berre strikke småplagg. Derfor strikker eg meg gjennom boka Strikk til Nøstebarn. Det siste eg har strikka er ei rillestrikka omslagsjakke.

For å pynte opp litt, hekla eg tre blomar som eg sydde på nederst.

Knytebåndene laga eg ved å hekle luftmasker.

Eg er veldig fornøyd, og syns at jakka vart søt og fin. :)

Jakka er strikka ovanfrå og ned, så den var kjekk å strikke også. No prøver eg å strikke samme jakka i glattstrikk.

Ny blogg!

Etter å ha blogga på her i fleire år utan å få den heilt store responsen, tenke eg at det er på tide å flytte litt rundt. Eg kjem til å skrive om strikking, hekling, håndarbeid, mine misslykka forsøk på å bli venn med symaskina og andre ting som foregår i livet mitt. Håpar på betre respons her, og eg vert veldig glad om du legg igjen ein kommentar! :)