lørdag 8. oktober 2016

Utradisjonell bryllupskake

I vår gifta ei av mine gode kolleager seg i Madrid,
og i kveld var det tid for bryllupsfest.
Eg blei spurt om eg ville lage ei kake, og det ville eg jo. :)

Eg tenkte med ein gong på dei flotte "chalkboard"-kakene som eg har sett på Pinterest.
Det måtte jo passe perfekt for ei som er lærar! :)

Då eg i tillegg fekk sjå bilete av kva dei skulle bruke til bordpynt, var idèen klar. :)

Lyngplanten viste seg å vere vanskeleg å kopiere, men etter å ha prøvd både ein og tre gonger, fekk eg då til noko som var brukande. :)

Den svarte grå/svarte bakgrunnen, med dei lilla blomane var veldig fint, synes eg.
I tillegg brukte eg ein stensil for å få på forbokstavane til brudeparet.


Også bladene fekk vere med på kaka. Desse såg faktisk endå betre ut i levande live,
enn kva eg klarte å fange på bilete.

No er eg fryktelig spent på å få tilbakemeldingen frå brura, om kva ho synes om den
utradisjonelle kaka.
Eg håpar dei har hatt ein fantastisk fest
No gler meg til å berre slappe av, og strikke heile hasutferien. :)


Minecraft og Tannlaus

Forrige helg fekk eg lage kake til to kjekkingar,
ein på 7 og ein på 5.

Den eldste ønska seg ei kake med Minecraft-tema.
Eg prøvde fyrst å lage ein Minecraft-sverd, men det fekk eg absolutt ikkje til.
Så då var det jo berre til å gå over til plan B.

Heldigvis var sjuåringen godt fornøyd med creeper-kake. :)


Den andre kaka var til ein av dei beste kompisane til min eigen femåring.
Han ønska seg Tannlaus-kake.

Dermed bretta eg opp armane og gjorde eit førsøk.

 Både foreldra og femåringen var storfornøyde, så då vart eg og fornøyd. :)


torsdag 22. september 2016

Jobbileum

I dag feirer eg 2 års jobbileum.
Det er akkurat 2 år sidan eg starta å jobba på den flotte skulen eg jobbar på no,
ilag med dei kjempeflotte kollegaene mine. :)
Det må sjå sjølvsagt feirast.

På jobben er dei veldig glade i sjokolademakroner med salt karamell,
så eg måtte berre laga nokre slike.
Det var ekstra kjekt å ha dei med i den kjempeflotte makronøskja eg kjøpte på
Traktøren tidlegare i haust.

I år har vi fått fleire nye kollegaer. Sidan ein av dei er allergisk mot egg, fann eg ut at eg måtte ha noko anna enn makroner også.
Eg søkte litt rundt, og landa til slutt på
Oreo cheesecake Cookies frå Det søte liv.

Dei ser kanskje ikkje så lekre ut, men dei smakar kjempegodt!

Jammen er det kjekt å kunne feire litt, på ein heilt vanleg torsdag. :)
Håpar du har ei superfin veke!!

lørdag 13. august 2016

Bondegårdskake til Sarah

I helga har eg fått lage kaka til søte Sarah sin fyrste bursdag.
Ho er glad i dyr, så då måtte ho få dyr på kaka si.

Mammaen ynskte seg også ein sauefamilie.

 Mamma-sau med perlekjede og Sarah-sau med tutt i munnen. :)

 Pappa-Sau med rosa sløyfe. :)


 Ein liten andedam med to små ender.


 Ein gris som koser seg i gjørma.

 Ein luskepus som lusker på hønene.

Og til slutt, eit bilete av heile kaka.

Under marsipanen er ei saftig sjokoladekake, fylt med bringebærmousse og sjokoladekrem.

Eg skal vere kontaktlærar for 1.klasse no i år, så eg har allereie vore på jobb fleire dagar for å få alt klart til skulestart. Dermed kom eg litt seint i gang med modelleringa. Heldigvis kom mams og paps på besøk, og mamma hjalp med å lage både pusekatt, gris, ender og eine kyllingen. :)

Det var til stor hjelp, sidan sauene tok ein liten evighet å lage. :)

tirsdag 2. august 2016

Bryllupsdagsbakst

I dag har eg og mannen 8 års bryllupsdag, og då fristar det å bake litt.
Når eg samstundes har besøk av ei niese, passa det jo supert med ein bakedag.

Etter ein liten gjennomgang av forskjellige bakebøker,
falt valget på to oppskrifter eg aldri har prøvd før, Madeleines og lettvinte Wienerbrød.

Eg brukte oppskrift frå Det søte liv.
Eg hadde ikkje skikkelege former, men små sandkakeformer funka supert.

 Kakene vart deilige, luftige og mjuke.
Ungane var kjempebegeistra, og kunne knapt få nok.

Medan røra til Madeleines-kakene sto i kjøleskapet, starta me på deigen til lettvinte Wienerbrød.

Eg har aldri laga det før, men trur nok kanskje at eg vil bruke litt hardare smør neste gong.
Eg hadde veeeldig mjukt smør, så det vart ganske så klissete.
Men heldigvis smakte wienerbrødene kjempegodt, i alle fall med glasur på.

God bakst til å feire bryllupsdag med. :)

Håpar du har ei fin veke!!!


mandag 25. juli 2016

Kneskjell

Då eg gjekk på barneskulen, var det nokre bøker eg lånte om att, og om att på skulebiblioteket.


Ei av favorittane var Heksehåndboka.

Denne boka var ei morsom blanding av tøys og tull, der det også var eit eige oppskriftskapittel.
Nokre av oppskriftene freista ikkje til å prøvast, men oppskrifta på Kneskjell vart prøvd og godkjent!
Desse kjeksa vart faktisk så gode, at eg måtte skrive oppskrifta inn i samlinga mi.

I dag fekk eg plutseleg veldig lyst til å bake dei igjen, og no vil eg dele oppskrifta med dykk.

100gr smør
250 gr sukker
1 egg
2 ts ingefær
 1 ts bakepulver
260 gr kveitemjøl

Rør smør og sukker kvitt før du rører inn 1 egg.
Rør inn ingefær, bakepulver og kveitemjøl til du har ein samla deig.

Rull små kuler, og set dei på eit steikebrett.
Ha gjerne litt god avstand mellom kulene, då dei kan renne ut ein del.
Steik på 160grC ca. 15-20 min. Sjå til kjeksa, dei skal vere svakt brune nederst.


"Kneskjella" falt heldigvis godt i smak hos både mann og barn.
Dei er søte, med ein god kryddersmak av ingefær.
Neste gong lurar eg på om eg skal ha i bittelitt sitronskal også. Eg trur det vil bli kjempegodt.

Deilige småkjeks som kan nytast både i sola og på ein regnværsdag.

Nyt sommaren!

tirsdag 12. juli 2016

Eltefrie rundstykker

Sponsa innlegg


Jammen er det deilig med sommarferie!
Då har ein nemleg tid til å lage rundstykker på ein kvardag.
No tar det jo ikkje så lang tid når ein berre rører sammen deigen kvelden før,
for å forme, heve bittelitt meir, og steike rundstykkene om morgonen.


Denne oppskrifta er litt "man tager det man haver".

Eg byrjer med 6 dl vatn og
ei lita kule fersk gjær.
Rør gjæren ut i vatnet, før du har i 2 ss sukker.
Ha i 1 ss salt ilag med mjølet.

I kveld hadde eg i litt rugmjøl, litt finmalt sammalt kveitemjøl og litt vanleg kveitemjøl.
Ha i litt og litt mjøl, slik at du ender opp med ein ganske blaut og klissete deig.
Dekk deigen med plast, og la den heve natta over.

Om morgonen kan du forme deigen til rundstykker på to måtar:
1. Elt forsiktig inn litt meir mjøl, slik at du kan rulle rundstykker med hendene, og sette dei til heving på ei steikeplate.

2. Smør formene i eit steikebrett til Cupcakes.
Bruk ei isskjei eller liknande til å ha litt deig oppi kvar form.

La rundstykkene heve, før du pensler med mjølk og steiker på 230*C i ca.10-2 min.

Håpar du har ein kjempefin sommar, til tross for elendig sommarvær.

lørdag 11. juni 2016

Bryllupskake med rosa perler

Så var bryllupskaka levert, og eg kan ta "kakeferie". :)

Bruden ville ha ei kake som ligna på den eg laga i Januar.
 Men dette brudeparet ville ha lyserosa perler istadenfor gull.
I tillegg ville dei ha tre etasjer.

Under marsipanen er ei saftig sjokoladekake fylt med bringebærmousse og sjokoladekrem.

 Kaka er eigentleg ikkje skeiv, det er berre eg som ikkje klarer å ta rette bilete. ;)

Kvite roser på toppen, med små blomar innimellom.

Håpar du får ei strålande helg vidare!!

fredag 10. juni 2016

Lilla Minion

Ei veninne av meg har to superkjekke gutar,
og dei siste åra har eg vore så heldig at eg har fått lage bursdagskaker til dei.
Dei har alltid stor tru på at eg får til det meste, sjølv om eg innimellom kan vere meir skeptisk.
:)
I år ønska Fredrik seg ei Minions-kake, helst med ein lilla Minion på.

Eg har fleire gonger sett på forskjellige Minion-kaker, og hatt lyst til å prøve meg på det, så då måtte eg jo berre " Ta `an heilt ut". :)

Eg starta med å lage to vaniljekakebunnar med både skal og saft frå sitron.
Dei vart fylt med ein frisk kremostfrosting, og hermetisk tropisk frukt.
Så stabla eg dei oppå kvarandre før eg skar til.

 Etter ein tur på kjølen, var kaka klar til å trekkast og pyntast.
Eg må sei at eg, til tross for heidundrande hovudverk, storkoste meg med denne kaka.
Når eg i tillegg eigentleg vart veldig fornøyd med sluttresultatet, så var det verdt hovudverken. :)

Det var nesten så eg ikkje ville gje denne karen ifrå meg.
Eg håpar bursdagsguten vart fornøyd!
Eg håpar du frå ei strålande helg!!
Eg har ei bryllupskake til i morgon, men når eg er ferdig med den, skal eg ta "kakeferie". :)



søndag 29. mai 2016

Laktosefri heimelaga is

I det siste har me fått ein smak på sommaren her vest, og då fristar det med is!
Me er veldig glade i fløyteis, men dessverre kan ingen av oss ete vanleg is.
Alle 4 reagerer på mjølk, så me må halde oss til laktosefrie produkter.
Og dei er dyre. I alle fall isen!
 
Eg kjøpte ein pakke med 4 laktosefri kroneis til 17.mai, og betalte 65 kroner!
 
Så.... Det må då gå an å lage is sjølv?
Utan ismaskin. :)
 
Tine.no hadde ei enkel oppskrift, så då var det berre til å sette i gang.
 
8 eggeplommar
150gr sukker
Frø frå ei vaniljestang
5 dl laktosefri fløyte
 
Pisk eggeplommar, sukker og frø frå vaniljestang til eggedosis.
Pisk fløyten til krem.
Bland saman eggedosisen og kremen.
Ha isen over i ein behaldar.
Dekk isen godt med klingfilm før du set isen i frysen, for å unngå iskrystallar.
La isen stå i frysen i 6 timar.
Enjoy!!!
 
 
Isen smakte kjempegodt, og når den i tillegg var så enkel å lage, er det nok ikkje siste gongen eg prøver meg på dette. :)
Håpar du har hatt ei strålande helg!


Lilla konfirmasjonskake

I helga har dottera til ei god kollega vorte konfirmert,
og eg har vore så heldig at eg har fått lage konfirmasjonskake.
 
Eg var superheldig med bunnane til kaka, så grunnlaget var i alle fall bra. :)
 
 
 
Konfirmanten er glad i å ta bilete og filme, så det vart tema for kaka.
Dekorasjonane til bordet gjekk i lilla, så det vart også fargane på kaka.
 
 
Kaka er saftig sjokoladekake fylt med appelsincurd og bringebærmousse.
Trekk og pynt av heimelaga sukkerpasta.


søndag 22. mai 2016

Langtidsheva rundstykker

Sponsa innlegg
Når ein klarer å planlegge litt i forkant, kan ein sikre at søndagsfrukosten vert ekstra god.
 
Eg laga deigen til rundstykker kvelden før, og lot deigen heve seg heile natta.
Då var det berre til å trille ut, etterheve, steike og nyyyyte ein skikkeleg god frukost!
 
 
Dessverre laga eg denne deigen skikkeleg på slump, men eg brukte sånn cirka dette:
 
200gr Finmalt rugmjøl frå Møllerens
200gr Sammalt finmalt kveitemjøl
200gr FIBRA frå Møllerens
200gr kveitemjøl
1ss salt
2ss sukker
15 gr gjær
2 dl olje
5-6 dl vatn
 
Merk! Dette er cirka mål. Eg bakte på slump.
Eg helte fyrst dei tørre ingrediensane i bakebollen, før eg rørte gjæren ut i litt vatn.
Gjær, olje og ein dæsj vatn gjekk oppi, før eg satte på Kenwooden.
Eg spedde med litt meir olje, og meir vatn til eg fekk ein passe laus, blaut og fin deig.
Så lot eg maskina elte ganske lenge, før eg dekte bollen med plast, og lot deigen heve natta over.
 
Neste morgon samla eg deigen, og elta for hand, inn bittelitt mjøl, slik at den vart lettare å håndtera.
Så rulla eg ut rundstykker. Eg fekk 18 stk.
Etterhev deigen ca 1 time, før du steiker rundtstykkene.
Pensle rundstykkene med mjølk før steiking, strø også over riven ost, om du vil ha det.
Eg valgte å steike på 220gr varmluft, ca 15 min.
 I helga har me hatt besøk av systera mi og niesa mi, og det var kjekt å sjå at både små og store åt godt til frukost.
 Dei rosa plasttallerknane frå Miss Etoille passa godt ilag med den nye koppen frå Greengate.
 
Halvparten av rundstykkene vart frosne, og smakar like godt om ei varmer dei forsiktig i ovnen på 130gr, til dei er tint.
 
Håpar du får ei superfin helg!
 
Aslutter med å vise bilete av desserten frå 17.mai, som eg har gløymt å legge ut bilete av.
 
Minipavlova med heimelaga vaniljekrem, jordbær, kiwi og druer.


mandag 16. mai 2016

Sjokoladekjeks

I dag tok mannen med seg ungane på tur, så eg fekk fleire timar åleine, heilt for meg sjølv!
Då fekk eg tid til å bake noko nytt.
 
I dag falt valget på sjokoladekjeks.
 
 
225gr smør
200gr sukker
225gr brunt sukker
  1stort egg
2 store eggeplommer
 1ts vaniljeekstrakt
350gr kveitemjøl
10gr maizenna
 1ts bakepulver
1ts natron
400gr sjokoladeknapper (eg brukte 100gr mørk sjokolade, og 300gr lys sjokolade frå Callebaut)
1-2 ts Maldonsalt
 
Forvarm ovnen til 180gr. varmluft.
 
Rør smør, sukker og brunt sukker til det er lyst og luftig.
Ha i det heile egget, og rør godt før du tilsetter eggeplommane, ein om gongen.
Tilsett vaniljeekstrakt, og rør godt.
 
Bland saman kveitemjøl, maizenna, bakepulver og natron.
Hell det tørre over i røra, og miks til alt er godt blanda.
Rør inn sjokoladen, men spar litt til å ha på toppen etter steiking.
Bruk ei isskei for å lage like store kjeks. Legg ei skei røre per kjeks på eit steikebrett.
Hugs å ha god avstand mellom kvar, då dei flyt utover.
Dryss litt havsalt på toppen, og steik dei på midterste rille i ovnen i 10-13min.
 
Ta brettet ut av ovnen, og legg på nokre ekstra sjokoladeknappar på kvar kjeks.
 
 
Eg må innrømme at desse kjeksene rett og slett var knallgode!
Det blir nok ikkje siste gong eg lagar slike. :)
Håpar du får ein super 17.mai i morgon!
 
 
 


lørdag 14. mai 2016

Lettvindt helgefrukost

Sponsa innlegg
Kva gjer ein når ein treng noko godt til frukost,
men ikkje har tid til å vente på ein gjærdeig som må heve?
Lager scones, sjølvsagt!
 
For å friste ei lita snuppe med manglande matlyst, valgte eg å lage halvfine scones denne gongen.
 
4 dl kveitemjøl
2 dl Fibra Finmalt fullkornskveitemjøl frå Møllerens
 1 ss salt
2 ss sukker
2 ts bakepulver
1 ts natron
1 dl kulturmjølk
1-2 dl mjølk
ca 2 ss olje
 
Bland det tørre, før du har i dei våte ingrediensane.
Rør sammen deigen, og spe med mjølk til du får ein ganske blaut deig.
Ha deigen over på benkeplata, og kna inn litt og litt mjøl til deigen er smidig og mjuk.
Kjevle, eller trykk ut deigen til den er ca 1 cm tjukk.
Stikk ut rundingar på ca 6 cm, og sett på ei steikeplate.
Om du ikkje har utstikkerform i rett størrelse, kan du bruke eit glas.
 
Steik på 180gr i ca 10 min.
 

Kjapp, lettvindt og kjempegod frukost. :)


 Sconesene falt godt i smak, hos både liten og stor, her i huset i alle fall. :)
 
 Om du ønsker ein grovare variant,
er det berre til å bruke meir grovt mjøl, istadenfor kveitemjøl.
Håpar du får ein kjempefin pinsehelg!

Brannmann Sam

Når ein får tilbakemelding om at kaka du har laga var den beste som dei nokon gong har smakt,
ja då baker du med glede ei Brannmann Sam kake til. :)
 
Under marsipanen er det ei saftig sjokoladekake fylt med appelsincurd og bringebærmousse.
 
Ansiktet til Brannmann Sam var ikkje heilt samarbeidsvillig,
men jubilanten var heldigvis strålande fornøyd.