lørdag 19. desember 2015

Julegåve til barnehagen

Då er juleferien starta for meg, og eg ser fram til ei roleg jul ilag med familien.
 
På fredag fekk ungane "overraske" dei flotte ansatte i barnehagen
med kvar si gåve med litt heimelaga julegodt i.
 

Årets pose inneholdt; kokosmakroner, peppermyntehjerter, sjokolademakroner med salt karamell og rosa makroner med sjokoladefyll.

Eg synes det er viktig å vise at me set pris på alt det flotte dei gjer for borna våre.
 
Håpar du får ei superfin førjulshelg!


søndag 13. desember 2015

Lussekattar

Santaaaaaaa Luciaaaaa!
 
Heilt sidan eg og mannen vart ilag (for snart 17 år sidan)
har eg alltid gått Lucia til han, tidleg om morgonen.
Tidlegare har eg alltid bakt Lussekattar med Gurkemeie istadenfor Safran,
men i år bestemte eg meg for å "go all in", og bruke Safran.
 
Eg brukte denne oppskrifta, frå Det søte liv.
 
Denne oppskrifta bruker samme framgangsmåte som Verdens beste boller,
bortsett frå at dei har bytta ut kardemomme med safran.
Eg likar bolleoppskrifta veldig godt, då eg får luftige bollar, som ikkje vert tørr med etter ein dag.
 
Eg brukte litt mindre gjær denne gongen, sidan eg planla å både for- og etterheve.
Derfor brukte eg 50gr fersk gjær, og ca ein halv pose tørrgjær.
Deigen var kjempegod å jobbe med, og det var lett å trille ut lussekattane.
Fargen var også nydeleg gul.
Sluttresultatet såg faktisk veldig bra ut, og eg var veldig spent på å smake.
 
 
Eg har aldri smakt safran før, så eg var ikkje heilt sikker på kva eg kunne forvente meg.
Eg må innrømme at eg vart litt skuffa.
Eg synes faktisk at Lussekattar laga med gurkemeie, og bittelitt kardemomme smakar mykje betre.
Men, då har eg i alle fall prøvd det, og kan frå no av spare meg dei pengane safranen kostar. ;)
 
 
Håpar DU få ein fantastisk Lucia -  og 3. søndag i advent.
Her stå pepperkakebaking på planen. :)


onsdag 9. desember 2015

Potemjølstoppar med ekte vanilje

Eg og ungane har bakt litt meir i dag.
Denne gongen vart det Potemjølstoppar (eller sandnøtter... kjært barn har mange navn).
Farmor laga alltid dei beste potemjølstoppane,
men etterkvart har eg begynt å få teken på dei eg og.
 
I år bestemte eg meg for å prøve noko litt nytt, og resultatet vart svært vellykka.
 
250gr smør
250gr sukker
 1 egg
500gr potetmjøl
125 gr kveitemjøl
5 ts vaniljesukker (det var her eg forandra litt;
eg brukte 3 ts vaniljesukker, og frøene frå ei stor vaniljestang.)
 
Rør smør og sukker kvitt.
Eg hadde frøene frå vaniljestanga i med ein gong, for å få dei godt rørt ut i deigen.
Tilsett egg, før du du har i det tørre.
 
Rør til deigen samlar seg.
 
Rull små kuler på størrelsen med ei lita nøtt.
Sett på eit bakebrett med litt avstand, og steik på 180 grader i 7-10 min.
Kakene er ferdige når dei så vidt har blitt biiiiittelitt brune heilt nederst.
 

Dei små svarte prikkane frå vaniljestanga ser slettes ikkje så verst ut.
Berre lukta når ein steikte kakene er verdt det,
og då gjer det jo ingenting at smaken var fantastisk også!
 
Når eg baker med ungane veit eg aldri heilt kva som kan skje.
 
Dei er veldig glad i å bake pepperkaker, så då vart det litt kjedeleg å berre lage kuler.
Dermed vart det ikkje berre potemjølstoppar, men også potemjølsstjerner, potemjølshjerter og potemjølsblomar. :)
 

 


tirsdag 8. desember 2015

Sitronkransar

I dag har eg og ungane laga sitronkransar.
 
Smaken av sitron og perlesukker, er deilig julete for meg.
 
Oppskrifta er ganske enkel:
250gr smør
200gr sukker
2 egg
skalet frå 1 sitron
500gr. kveitemjøl
1 1/2 ts bakepulver
 
Perlesukker
 
Rør smør og sukker kvitt.
Ha i eggene og sitronskalet.
Du kan også ha i ein liten skvett sitron, men då må du kanskje kna inn litt meir kveitemjøl.
 
Ha i det tørre, og rør til du får ein fin deig.
 
Rull deigen ut til tynne pølser, ca 20 cm lange, og form til ei lita kringle.
Dypp kringla ned i perlesukker
 (eg brukar å helle perlesukker på ein tallerken, og presse kringla lett ned i sukkeret.)
 
Steik på 180 gr. i 7-10 min.
Pass på, kakene skal vere lyse.
 
Deilige sprø kaker, med smak av sitron og perlesukker.
Desse var ein av mine yndlingsjulekaker då eg var barn.
 
Håpar du får ei superfin veke!


mandag 7. desember 2015

Peppermyntehjerter

Eg er veldig glad i peppermynte, og After Eight-sjokolade smaker SNADDER.
Då eg fann ei oppskrift på Det søte liv på peppermyntekonfekt,
bestemte eg meg for å legge til litt sjokolade.
Vips! Supergode peppermynte-sjokolader! :)
Istadenfor Tragant, brukte eg CMC i massen. Det er det same eg bruker når eg lager sukkerpasta, for å få ein smidigare masse. 😉 CMC får du kjøpt på blant Anna Traktøren og Jernia. Dei fleste nettbutikkar som selger kakeutstyr, selger også CMC.  
Eg valgte å kjevle ut "deigen", og trykke ut små hjerter med ei lita pepperkakeform.

 Det er lurt å ha ein del melis på bakeplata når ein skal kjevle ut deigen,
då den har lett for å sette seg fast i bordplata.
 Hjerterhjerterhjerter <3 p="">
La hjertene tørke litt i romtemperatur, før du har på temperert sjokolade.

Eg smelta fyrst 200gr sjokolade over vannbad, før eg helte den smelta sjokolade over
100gr til. Rør til sjokoladen er smelta.
Eg er ikkje så veldig flink til temperering, men i teorien, skal dette vere ein grei måte å gjere det på.

Ha den smelta sjokoladen over i ein sprøytepose, klipp eit lite hol, og lag striper over hjertene.
 Eg har brukt mørk sjokolade frå Callebaut.
Fyrst prøvde eg å dyppe hjertene i sjokoladen, men det var ikkje særleg vellykka.
Då bestemte eg meg for å lage striper med sjokolade over peppermynte-hjertene.
MMMMMM!

Eg skal innrømme at eg vart godt fornøyd med desse. :)
Smaken er i allefall super!
Håpar du får ei superfin veke!



fredag 4. desember 2015

Sjokoladebombe

I kveld skal eg på julebord med jobben,
og eg meldte meg frivillig til å lage noko godt til kaffien.
 
Eg tenkte litt på kva type kake eg skulle lage, men til slutt falt valget på ei skikkeleg bombe av ei sjokoladekake. :)
 
Saftig sjokoladekake, fylt med oreokrem og salt karamell.
Smurt opp med ein silkemjuk sjokoladekrem.
 
 
Oppskrifta på Oreokrem
 
200gr Philadelphia kremost
2,5dl melis
3 dl kremfløyte
Oreo kjeks
 
Ta fyllet ut av Oreo-kjeksene, og knus kjeksene
(eg brukar å ta kjeksene i ein plastpost, og slå på dei med ein kjevle.)
Fyllet frå kjeksene, piskar eg saman med melis og kremost.
Bland osteblandinga med piska krem.
Ha i dei knuste kjeksene.
 
Denne kremen smaker godt både inni kaker, og som topping på cupcakes.
 
 Kaka er fylt med to lag Oreokrem, og eit lag salt karamell.
På toppen har eg pynta med Nøtte-kulene eg laga forrige helg. Dei finn du oppskrift på HER
Salt karamell finn du oppskrift på HER
 
 
Nokre Oreo-kjeks delt i to, vart også ein del av pynten.
Ei skikkeleg SJOKOLADEBOMBE! :)

 
Håpar du får ei fantastisk helg!!!!
 


mandag 30. november 2015

Steinete veg? Eller Rocky road. :)

Andre forsøk på juleknask vart Rocky Road.
 
Eg tok utgangspunkt i DENNE oppskrifta frå Det søte liv,
men måtte sjølvsagt trikse litt med den. ;)
 
Eg byrja med å smelte 170gr smør
ilag med 4 SS sirup.
 
Når smøret var smelta, tok eg kjelen av plata, og smelta inn 300gr Callebaut mjølkesjokolade, og
100gr mørk sjokolade frå Callebaut.
Så helte eg ca 1,5 dl av sjokoladeblanding i ei eige skål.
 
I resten av sjokoladeblandinga hadde eg i ca
100gr. grovhakka peanøtter,
ca 100gr grovhakka bokstavkjeks,
ca 100gr mini marshmallows og
ein liten neve grovhakka Dumle karameller. 
 
Fordi eg var redd for at blandinga skulle bli for søt, hadde eg også i ei lita klype
maldonsalt i blandinga.
 
Då alt var godt blanda, hadde eg heile blandinga over i ei lita
langpanne, kledd med bakepapir.
Så helte eg over resten av sjokoladeblandinga,
 før eg pynta med ca 40 gr mini marshmallows.
La blandinga stå i kjøleskapet natta over, før du deler opp i små biter.
 
Oppbevar konfektbitane i kjøleskap.
 
Eg var nok litt for redd for at det skulle bli for søtt, så eg hadde litt for mykje salt i.
Men litt salt, gjer nok denne konfekten perfekt.
Mine prøvekaniner på jobb, var heldigvis veldig fornøyd. :)
 
Det eg tenker med denne konfekten, er at du kan ha i akkurat du har i skapet akkurat no.
Neste gong lurer eg på om eg skal bruke Oreo-kjeks, og kanskje M&M`s eller Non Stop?
MMMMMM!!! :)

 
Håpar du får ei superfin veke!!


søndag 29. november 2015

Dåpskake med pusekatt

I helga har eg laga ei dåpskake til ei lita jente.
 
Dette er den siste kaka eg lager før nyttår.
No skal eg ha "kakepause", slik at eg kan konsentrere meg om å bake til jul. :)
 
Dette er ei saftig sjokoladekake, fylt med bringebærmousse
og sjokoladekrem. Trekt med Pals marsipan.
 
 Ønsket var ei "vintage-inspirert" kake, gjerne med ein pusekatt på.
 
 Eg har framleis MYKJE øving igjen, før eg får til fine figurar på fyrste forsøk.
Spesielt vanskelig er det å male på auger.
Denne pusen har nok vore borti julemarsipanen ein gong eller ti. ;)
 
Eg håpar vesle Iris har hatt ein superfin dag ilag med familien sin. :)
 


lørdag 28. november 2015

Juleknask av hasselnøtter og sjokolade

Til jul, brukar eg ofte å bake ein del julekaker,
men julesnop, har eg ikkje prøvd meg så mykje på endå.
Men no har eg prøvd meg på nøtteknask. :)
 
500gr hasselnøtter (eg brukte lite grann mandlar også, fordi eg ikkje hadde nok nøtter)
300gr sukker
 100gr vatn
200gr lys sjokolade

 200 gr sjokolade til trekk.
 
Kok opp sukker og vatn til 125gr og tilsett heile hasselnøtter.
Rør til det blir karamellisert. Avkjøl nøttene på bakepapir.
Kjør nøttene i Food processor til du har ei glatt røre. (eg hadde nok ikkje det rett utstyret, så eg kjørte nøttene i maskina til nærmast nøttemjøl.)
Bland nøtterøra med smelta lys sjokolade i ein bolle.
Ha blandinga over i ein sprøytepose og lag små kuler på bakepapir.
(sidan eg ikkje fekk ei glatt røre, kunne eg trille kuler med ein gong)
La dei stivne ein dag i romtemperatur. Deretter former du dei som fine små kuler.
 
Sjokoladetrekk.
Temperer 200 gr sjokolade (eg brukte 100gr Callebaut melkesjokolade og 100gr mørk callebaut sjokolade.
Legg oppi ei og ei kule, og vend dei godt i sjokoladen. Legg kulene på bakepapir og la dei stivne.
 
:)
Snadder Nøtteknask
Smaken minner litt om Ferreror Rocher.
Eg anbefaler å lage små kuler, for sjølv om dei var supergode, var dei også veldig mektige! :)
 


lørdag 21. november 2015

Kokosmakroner

Me nærmer oss desember med stormskritt,
så det er på høg tid å komme i gang med julebaksten. ;)
 
Fyrste slaget (bortsett frå pepperkaker) brukar som regel å vere
Kokosmakroner.
 
Eg brukar oppskrifta eg har fått av mammaen min:
 
2 egg
2 dl sukker
4 ss potetmjøl
1/4 ts bakepulver
1/2 ts vaniljesukker
225 gr kokosmasse
 
Pisk eggedosis av egg og sukker. Pisk eggedosisen lenge, slik at den vert skikkeleg stiv.
 
Sikt i potetmjøl, bakepulver og vaniljesukker, før du du rører inn kokosmassen.
 
Vanlegvis setter eg massen med ei teskei på steikeplata,
men denne gongen brukte eg sprøytepose og ein stor, rundt tyll.
Steik på 180gr. i 10-12 min.
 
Og plutseleg såg kokosmakronane ut som franske makroner,
med både føtter og blank overflate!!!
 

 Det er fyrste gong kokosmakronane mine har sett slik ut, men eg trur eg likar det! :)
 
I dag fekk eg også endeleg somla meg til å sette sammen pepperkakehuset.
Men medan eg dreiv på, gjekk det plutseleg opp for meg at det var noko som mangla....
 
*Facepalm*
 
Håpar du har ei strålande helg!! :)
 


søndag 15. november 2015

Når ein pepperkake baker....

Då var årets fyrste pepperkakebaking unnagjort, og det lukter pepperkaker over heile huset. :)
Deler til pepperkakehus er skjært ut, og ete-kaker er laga.
 
Eg trur nok det vert ei økt eller to til med pepperkake-baking før jul,
for mine to småtroll ELSKER pepperkaker, og jammen var dei ikkje superflinke med å bake dei ut også!

 
Eldstemann bakte, og bakte, og bakte, og stoooorkoste seg med å kjevle og stikke ut forskjellige figurar. :)

 
Eg har brukt denne oppskrifta:
 
300gr sukker
500gr sirup
 1ts pepper
4 ts ingefær
4 ts kanel
  1ts nellik
4 ts natron
250gr smør
2 egg
ca 16 dl kveitemjøl
 
Ha sukker, sirup og krydder i ei gryte og kok det opp på svak varme.
Ta gryta av varmen før du har i natron. Rør godt.
Rør inn fyrst smør, og så egg.
 
Hell blandinga over i ein bolle, og tilsett kveitemjøl litt om gongen.
 
Deigen skal vere litt blaut.
Set deigen i kjøleskapet natta over.
No er du klar til å bake deilige, sprø pepperkaker!
Steik kakene på 180gr i 7-10 min. Pass på at dei ikkje svir seg. :)
 
Lykke til!!!!

Endeleg!!!!

Endeleg fekk eg det til!
Eit godt, grovt, heimebaka brød, som ikkje vert tørt med ein gong det er avkjølt!!
 
 

 
Eltefritt brød, bakt i gryte.


6 dl vatn
Ein klump gjær, på størrelse med ei ert.
2ss sirup
 1ss salt
400gr grovbakst mjølblanding
100gr havregryn
200gr kveitemjøl
 
Rør gjæren ut i lunka vatn, før du har i sirup og salt.
Rør så inn mjølet.
Deigen skal vere veldig blaut og klissete.
La deigen heve i minst 12 timar.
 
Sett ei gryte med lokk (begge deler må tåle høg varme, opp mot 250 grader)
i ovnen, og varm ovnen og gryta opp til 250grader.
 
Når ovnen er varm, ta ut gryta, dryss eit lite lag kveitemjøl i bunnen, før du heller deigen i gryta.
Dryss gjerne eit lag kveitemjøl på toppen av brødet, før du tar på lokket og set gryta inn i ovnen.
 
Skru ned varmen til 240grader, og steik i 30 min.
Då tar du av lokket, skru ned temperaturen til 225grader, og steik vidare i 10-15 min.
 
Avkjøl brødet i gryta ca 30 min, før du tar brødet over på rist.

 


Vips! Deilig nybakt brød til helgefrukosten!
Eg laga deigen på fredag etter jobb, og lot den stå til laurdagsmorgon før eg steikte brødet.
Brødet smaka like godt i dag, som  i går. :)
 
Håpar du får ein stråååålande dag!!!


mandag 9. november 2015

Pappakyss? :)

Når ein lagar vaniljekrem, får ein masse eggekviter til overs.
Så, kva kan ein gjere med det?
Lage marengs sjølvsagt! :)
 
Denne gongen gjorde eg det slik:
6 eggekvitar
300g sukker
Frøene frå ei vaniljestang
Konditorfarge eller smelta sjokolade
 
Pisk eggekviter og frøene frå ei vaniljestang på litt over middels hastighet.
Når det byrjar å skumme, tilsetter du sukker litt om gongen.
 
Når marengsen har blitt blank og stiv er den ferdigpiska.
 
Smelt ca. 100gr sjokolade, og la den avkjøle seg litt.
Bland den så vidt inn i halparten av marengsen.
Ha blandinga i ein sprøytepose ( her brukte eg tipp 2D).
Sprøyt ut små toppar på eit bakebrett.
 
Så tar du ein rund spøytetipp (eg brukte nr. 346 til dei med farge) i ein sprøytepose.
Så anten pensla, eller stryk du pastafarge i striper på innsida av posen, før du har i resten av marengsen.
Sprøyt runde, fine toppar.
 
 
Steik på 110gr i ca  time (pass på at dei ikkje vert brune, då skrur du ned varmen).
Etter ein time skrur du av varmen, og lar marengsen stå i ovnen ein time til.
 

MMMMMMMMarengs!!! :)


Farsdagsbollekake

Det vart ikkje vanleg farsdagskake i år.
 
Istaden vart det hjerteforma bollekake med heimelaga vaniljekrem. :)

 MMMMMM! Deilig!!!
Lillesnupp ville også vere med å bake, og her er hennas bollekake. :)
 


lørdag 31. oktober 2015

Dåpskake til ei lita prinsesse

Ei hjerteforma dåpskake med krune, småsko og putemønster.
 
Under sukkerpastaen er ei vaniljekake fylt med
bringebærmousse og ein frisk krem med kremost.
 
 Ingenting gjekk heilt som det skulle med denne kaka, men heldigvis såg den ikkje så galen ut når den var ferdig allikevel.
 
 
Då eg skulle lage denne kaka, laga eg fyrst ein bunn frå ei oppskrift eg har brukt tidlegare, men eg vart ikkje fornøyd med resultatet.
Derfor laga eg ein ny bunn, og kunne derfor glede familien min med ei kake til helga.
 
Det er alltid greit å ha litt ekstra kakepynt liggande når ein plutseleg skulle hatt litt pynt. ;)
 


fredag 30. oktober 2015

Tilslørte bondepiker med pepperkaker

Når ein plutseleg får besøk av ein slektning frå USA, må ein jo servere god norsk mat.
Raspeballer/Komler med Svineknok, pølser, gulrøtter, kålrabi og bacon til middag.
 
Men kva serverer ein til dessert?
Heldigvis hadde mannen akkurat vore på epleslang, så me hadde ein del kjempegode epler liggande.
 
Dermed vart det Tilslørte bondepiker med pepperkaker og riven sjokolade. :)
 
 
Skrell og del opp 7-8 epler.
Kok opp med 0,5 dl vatn og  1 sukker.
Kok til eplene er møre, og begynt å gå i oppløysning.
Om du vil ha litt bitar, tar du mosen berre av plata, men om du vil ha mosen litt glattare,
kan du bruke ei stauke for å mose eplene heilt.
Avkjøl.
 
Pisk kremfløyte med litt melis.
Knus pepperkaker.
 
Her har eg lagt desserten lagvis i eit vinglas.
Fyrst eplemos, pepperkakersmuler og finriven sjokolade, før eit lag med krem.
Gjer det samme ein gong til.
Avslutt med å strø pepperkakesmular og sjokolade
 
Til og med Amerikanaren godkjende desserten!! :)


søndag 25. oktober 2015

Søndag = bakedag

I dag har eg leika litt med konditorfarge og cupcakes. :)
Røra til kvit vaniljekake vart delt i to, der halvparten vart farga rosa, og andre halvparten blå.
Ungane var ivrige hjelparar med å ha røra i formene.
 
I nokre av kakene blanda eg både rosa og blå. Det vart det ein veldig flott effekt av.
 
 Sidan eg allereie hadde konditorfargen framme då eg skulle lage middag,
vart plutseleg pannekakene rosa også. ;)
 
 Jammen var det bra eg hadde laga mange pannekaker,
 her i huset har me dinosaurer snikande overalt.
 
Sidan eg var så godt i gang med å prøve nye ting, fann eg ut at eg skulle prøve nokre andre sprøyte tippar enn dei eg pleier bruke.
 
"Rosene" såg mest ut som peoner, men med litt øving vert det kanskje betre.
 
 Slik såg den eine kaka, der eg har blanda to fargar.
 
Deilig kaffimat på ein regn-, og haglfull søndag.
Håpar du får ein strålande kveld!!!


lørdag 17. oktober 2015

Babyshower-kake

Då kan eg endeleg vise korleis den gode sjokoladekake med oreokrem og salt karamell,
vart sjåande ut ferdigpynta. :)
 
Denne kaka var til ein babyshower.
Eigentleg skulle den vere til NESTE laurdag (den 24.oktober),
men på onsdag fekk eg meldig om at festen var flytta til DENNE laurdagen!
 
Så, då var det berre til å svinge seg rundt. :)
 
Et tok inspirasjon frå papp-tallerkane dei skulle bruke under festen.
 

Og slik vart kaka sjåande ut:

 
Håpar du har ei fantastisk helg!!

fredag 16. oktober 2015

Mmmmm smakstest

 Tid for kaking igjen!
 
I dag har eg laga sjokoladekake fylt med salt karamell og oreokrem, smurt opp med sjokoladekrem.
(bilete av ferdig pynta kake kjem i morgon ;) )

Til denne kaka har eg brukt ei oppskrift eg fekk på det fyrste kakekurset
eg var på med The Flying cake.
Den oppskrifta kan eg dessverre ikkje dele,
 men eg kan røpe at den inneheld surmjølk som gjer den supersaftig og god. :)
 
 
Oppskrifta på Salt karamell har eg allerede delt Her.
Denne gongen kokte eg den litt mindre, slik at den ikkje skulle bli så hard.
 
 
Oppskrifta på Orekem kjem her:
 
200gr Philadelphiaost naturell
2,5 dl melis
2 dl fløyte
1pk Oreokjeks
 
Start med å skrape ut fyllet av Oreokjeksen.
Eg brukar å røre fyllet mjukt, før eg har i melis og Philadelphia og rører til ei klumpefri blanding.
 
Pisk fløyten og bland denne med osteblandingen.
Knus kjeksene, og rør dei inn i kremen.
 
Denne smaker nydelig godt, både som topping på cupcakes, og som fyll i kaker.
Smaksprøven var faktisk så god, at eg vurderer sterkt å lage ei lita kake
 som me her heime kan kose oss med i helga. :)
 
Håpar du får ei super helg!!!


tirsdag 29. september 2015

Mandagsbrownies

Fordi det var mandag. Fordi eg hadde hatt langdag på jobb.
Fordi det er haust. Fordi det var fint vær i går.
Fordi eg hadde lyst på.
 

 
100gr smør
200gr  mørk sjokolade
4 egg
3,5 dl sukker
2,5 dl kveitemjøl
1 ts vaniljeessens
 1 ts vaniljesukker
1/2 ts salt
 
 
ca 200 gr blanding av mørk, mjølke- og kvit sjokoladepletter (eg brukar Callebaut sjokolade)
1/2 pk Dumle sjokolade
 
Smelt smør og mørk sjokolade i ein kjele, og avkjøl til blandingen er lunka.
Pisk egg og sukker lett sammen med ein stålvisp (ikkje visp til eggedosis).
Bland i sjokoladesmøret og deretter kveitmjøl , salt, vaniljesukker og essens.
Rør raskt sammen til ei jevn røre.
 
Del Dumle-sjokoladen i biter og legg den i bunnen av ei lita langpanne kledd med bakepapir.
Bland sjokoladeplettene i røra, og hell i forma.
Steik kaka midt i ovnen ved 175 *C i ca 45 min.
 
Smaker veeeeldig godt medan den framleis er litt lunka.
Håpar du får ei superfin veke!!
 


lørdag 26. september 2015

Spiderman-kake

I dag skal gutten til ei venninne av meg feire 6 årsdagen sin.
Han hadde veldig lyst på ei Spiderman-kake, og den skulle smake "snop".
Han hadde stor tru på at eg ville fikse dette, så då var det jo ikkje anna å gjere. ;)
 
Ein av gutane i selskapet må halde seg unna laktose, så då var det greit å ta hensyn til det.
 
Eg laga sukkerbrød (Nettbakerens bunnmasse) som eg fylte med kremost-krem smaksatt med Tuttifrutti-essens.
 
200gr Melange utan mjølk og salt
300gr melis
125 gr laktosefri kremost frå Tine
2-3 dråpar Tuttifrutti-essens frå LorAnn
ca 1 ss sitronsaft.
Rør Melange og melis kvitt og luftig.
Tilsett kremost, essensen og litt sitron og bland saman.
Smak til med meir sitron eller essens.
Denne smakar Snop, altså ganske søtt. Vær forsiktig med essensen, det er ikkje mykje som skal til!
 
I midten av kaka gøymde eg ei overrasking.
 
Gelè-godteri!
Kremen farga eg litt rosa og blå, for at det skulle sjå endå meir "snopete" ut. :)
Så var det utsida... Eg er ikkje akkurat noko racer på å modellere mennesker, men eg fant ein tutorial på Pinterest, og gjorde eit forsøk.
 

Spiderman kravlande over byen, skytande på spindelvev.
Langt ifrå perfekt, men forhåpentligvis vert bursdagsguten fornøyd. :)

Spiderman fekk akkurat plass på kaka. ;) 
 
Håpar du får ei superfin helg!!!