mandag 20. juni 2011

Avogtil

er det ganske greitt å få litt hjelp til kryssordsløysinga...

søndag 5. juni 2011

Pimp my Nøstebarn

I går kveld vart Nøstebarn-bodyen ferdig. Eg har igjen tatt meg kunsteriske friheter.
Eg har nemleg lagt til falske fletter slik at den vart litt meir pynta.
Lille Tjukkebollen min! :o) Eg som var sikker på at eg hadde strikka denne rikeleg stor...
Det viser seg at den er akkurat passeleg. Heldigvis er det litt strekk i den.
Eg har strikka denne i deilig MerinoSilk frå Hjertegarn.
Dette garnet kjøpte eg då eg var på ferie i Sverige i fjor. Fantastisk mjukt og deilig!

Kva gjer ein når ein midt i ammetåka, og iveren etter å verta ferdig, gløymer å strikka knappehol?

Syr fast ein trykknapp, og eit par tøffe ku-knappar til pynt istadenfor... :o)

Eg må også visa fram det geniale kjøpet me gjorde i går.
Me kjøpte ei flott gym-matte, som Jojo kan leike på. Den er enkel å vaske av, og Jojo kan trygt ligge på magen og trene ryggen sin på denne.
Til slutt vil eg vise eit bilete av dei tøffaste typane i byn!
I dag tok me oss ein liten tur til byn, for å ete is og nyte finaværet.
Etter å ha lagt i vogna og kost seg, fann Husbond ut at det var på tide å teste bæreselen som han fekk på jobben.
Jojo storkoste seg, men eg må innrømme at eg foretrekker bæresjal framfor sele.
Då me tok han utav selen protesterte han villt, men eg ville ikkje at han skulle sitte der for lenge pga ryggen. Er det nokon som veit om det fins "reglar" for slikt?

Eg håpar du har ein fantastisk søndag!!!

fredag 3. juni 2011

Garnshopping

I dag har eg vore på garnshopping. Heilt sidan eg kjøpte heftet Klassikere frå Sandnes Garn, har eg hatt planar om å strikke ein Mariusdress.
Eg er sikker på at Jojo vert ufatteleg søt i ein slik dress, og sjølv om sommaren knapt er i gang,
veit me vel alle at vinteren kjem igjen om nokre månadar.
Etter nyttår må (grøss og gru!) Jojo begynne i barnehage, og då kan det jo vere veldig greit med ein slik dress.

Her ser du betre bilete av dressen

Eg gler meg allereie til å begynne å strikke på den, sjølv om eg sikkert kjem til å verte passe lei av å strikke glattstrikk med mørkeblått garn. :o)
No må eg berre få ferdig bodyen eg held på me.
Eg har ikkje så mykje igjen, men eg oppdaga plutseleg at eg har gløymt å lage knapphol i halsen...
Heldigvis har eg nokre trykknappar liggande... :o/

Håpar du får ei strålande helg!!

Problemer med å kommentere innlegg?

Viss du har problem med å kommentere innlegg, prøv å velg profilen: Navn/nettadresse

Eg får jo ikkje kommentert sjølv eingong, utan å gjere dette... Hmpfr!!!

torsdag 2. juni 2011

Bunadsbukse

Litt før 17.mai begynte eg å tenke på kva lille Jojo skulle ha på seg på denne store dagen. Pappaen min har jo faktisk bursdag på 17.mai, og sidan me skulle feire dagen ilag med han, var det jo greit om dottersonen hans var fint pynta. Eg vurderte eit halvt minutt om eg skulle strikke ein bunad til han, men eg fann ut at eg var litt for seint ute med den idèen.
Rundt omkring på forskjellige butikkar fann eg fleire supersøte "bunadar", og sidan  me trass alt skulle ha dåp helga etter 17.mai, kjøpte eg ein "bunad" på NameIt. Eg kjøpte både skjorte og bunad, men eg mangla jo strømpebukse! Ei strømpebukse måtte eg no klare å få ferdig i tide!
Som sagt så gjort. Eg er nok ikkje like flink som Fragaria, som har laga mønster til DENNE fantastiske strømpebuksa, så eg gjekk for ein enklare versjon. Eg tok utgangspunkt i eit mønster i boka (surprise, surprise) Strikk til Nøstebarn, men la til nokre enkle fletter.
Tjukkebollen min passa akkurat inni strømpebuksa då den var ferdig, så den vart brukt akkurat dei to dagane som var planlagt.
Eg strikka også nokre små "bunadsko".
Han vart så fin atte!! Tilogmed svigermor som er ei strikkemaskin utan like vart imponert! :o)
Eg vurderer nesten å strikke fleire slike, som eg kanskje kan selge på julemesse, om eg ser at eg får tid til å vere med på messa i år.
Strømpebuksa vart forresten strikka i deilig mjuk Duett mini (som no heiter Duo?) 50%ull 50%bomull.

Super dag

Sjølv om været i dag har vore ganske så deprimerande, har dette vore ein flott dag!
Me starta dagen roleg, med sofakos, pyjamasdaffing og etter kvart litt frukost (Jojo fekk sjølvsagt mat med ein gong han vakna).

Så tok me turen inn til byn, gjekk ein liten tur ned på torget, drakk kaffi og åt nachos på Peppes, før me gjekk oppatt på Torgallmenningen, og innom Egon for å ete middag.

Så tok me turen heim, og medan Husbond måtte ein tur på jobb, fann eg og Jojo den beste måten å tilbringe ettermiddagen på.
Jojo sov i armkroken min, med Koseharen i sin armkrok, medan eg leste i den siste utgåva av bladet Mamma. Ein heilt perfekt måte å tilbringe ettermiddagen, om du spør meg. :o)

Kva har du gjort i dag, på Kristi Himmelfartsdag?