mandag 26. september 2011

Skummelt gode scones

På onsdag får eg besøk av nokre snupper og snapper, så då tenkte eg å servere litt lunch.
Fyrst lurte eg på å kjøpe frosne rundstykkker, men det er jo vel så lettvint, og mykje betre med heimelaga scones!

Eg brukar oppskrifta frå heimkunnskapen på skulen.

5dl kveitemjøl
1 ss margarin
1ss sukker
3 strøkne ts bakepulver
1/4 ts hornsalt
1/4ts salt
2 dl kulturmjølk

Smuldre kveitemjøl og margarin, før du har i resten av dei tørre ingrediensane.
Ha i kulturmjølk og elt til du får ein jevn deig.
Scones treng ingen heving.

Eg formar dei som små bollar, før eg penslar dei  med lunka vatn.
Steik på 220*c i ca 15 min.

Scones smakar nyyydeleg med syltetøy eller ost på.

Eg må også nytte høve til å vise fram det flotte kunstverket som kom i hus i går.
Lille Jojo på 6 mnd og 1 veke, teikna denne flotte teikninga i går! :o)
Den har allereie fått heidersplassen på kjøleskapet! <3

Kunstnaren ligg på matta si no, og prøver iherdig å dra beina under seg. Det er ikkje så lett når rumpa er så tung. :o) I morgon skal me på 6 mnd kontroll,
og eg er spent på å sjå om vekta har bikka 10 kilo.
Han var 9310 for ein månad sidan...

Ynskjer alle ei strålande veke (sjølv om været kan vere noko deprimerande...)


lørdag 24. september 2011

Engelsk kyllingpai med smak av sitron

I vinterferien 2010 var eg og husbond ein tur til London.
Då var me innom ein lokal pub for å ete middag ein dag, og eg åt den beste kyllingpaien eg har smakt!
Etter me kom heim, starta eg søket etter oppskrift på ein slik pai, og jammen fant eg den! :o)

Kyllingpai med purre og sitron

Lag fyrst paibunn:
125gr smør/margarin
200gr kveitemjøl
2ss vatn

*Smuldre smør og mjøl. Tilsett kaldt vatn, og lag ein jevn deig.
* La deigen stå kaldt i ca 30 min.


Forvarm ovnen til 190*c
Til fyllet treng du:
ca 4 kopper kokt kylling (eg bruker 3-4 kyllingfilètar som eg skjærer i bitar,
og kokar i vatn ilag med ein terning kyllingbuljong)
8 fedd kvitlauk
3 purrelauk
1/4 kopp smør
1/4 kveitemjøl
2 koppar kyllingkraft (krafta du har kokt kyllingen i)
1 ss sitronsaft
1 ts sitronskal
1/4 kopp fløyte
salt og pepar
egg til pensling

*Legg kvitlauk i kaldt vatn. Kok i 1 min, sil og kutt opp.
*Skjær purre opp i ca 1 cm store bitar.
*Steik purre og kvitlauk i smør til det har begynt å mjukne.
*Rør inn mjøl og steik til gylden, ca 4 minutt. Tilsett smør om nødvendig.
*Rør inn kyllingkraft, sitronsaft og sitronskal.
*Kok opp, tilsett fløyte og kok i ca 5 min.
(No passar det å kjevle ut paideigen!)
*Smak til med salt og pepar før du rører inn kyllingen.
*Hell i former, legg paideig over (ca 5 mm tjukk)
*Prikk hol med ein gaffel før du penslar med egg.
* Steik i ca 30-35 min.


Vel bekomme!! :o)


Oppskrift på glutenfrie muffins

Her kjem oppskrifta på glutenfrie muffins.
Den er helt lik oppskrifta på Vanilla cupcakes frå Magnolia Bakery, men ein bytter sjølvsagt ut vanleg kveitemjøl med glutenfritt mjøl.

Til røra treng du:
4 egg
4 dl sukker
250gr romtemperert margarin
2 dl mjølk
3ts bakepulver
6 dl glutenfritt mjøl
1 1/2 ts vaniljeessens (har du ikkje essens, kan du bruke vaniljesukker. Det er også glutenfritt. :o)  )

*Forvarm ovnen til 175*C
*Sett 24 cupcakeformer i 2 muffinsbrett.
*Rør margarin og sukker kvitt. Visp til du har fått ein mjuk og luftig konsistens.
* Visp inn eggene, eitt av gongen.
*Tilsett mjølka vekselvis med mjøl og bakepulver
*Tilsett vaniljeessens
*Fyll formene ca 2/3 fulle
*Steik kakene midt i ovnen i ca 20 min.


Frosting
250gr romtemperert margarin
2 ts vaniljeessens
1 dl mjølk
12-16dl melis

*Visp margarinen luftig
*Tilsett vaniljeessens
*Tilsett vekselvis sikta melis og mjølk.
Bland inn nok melis til at frostingen får ein kremaktig konsistens.


Eg fekk veldig gode tilbakemeldingar på desse, og kan dermed anbefale dei på det varmaste.
Ha ei strålande helg!

torsdag 22. september 2011

Skjønn i grønn

Vinteren nærmar seg med stormskritt, og behovet for tjukkare klede melder seg.
Eg har strikka ei tjukk og god jakke til Jojo.
Mønsteret er Kragejakke frå Strikk til Nøstebarn,
og garnet er Eco ull frå Marks & Kattens.

Bileta vart tatt i går, på 6 månadarsdagen til Jojo. Tenk at han er vorte eit halvt år allereie.
Tida går verkeleg skummelt fort!
I dag skal me kose oss på babysvømming.
Ha ein strålande dag!

(oppskrift på muffins kjem seinare...)


tirsdag 20. september 2011

Vanilla cupcakes, og glutenfrie cupcakes

I morgon har eg tenkt å ta meg ein tur for å besøke gode kollegaer på jobb.
Derfor har eg brukt ettermiddagen på å bake litt.
Nokre av mine kollegaer er allergiske mot gluten, så derfor tenkte eg å ta hensyn til dette.
Dei blå muffinsen er glutenfrie med ein delig smørfrosting på.
Dei rosa er vanillacupcakes med ostefrosting på.
Deilige begge to.
Eg kan samtidig reklamere for Toro sin pose med glutenfritt mel.
Eg har ingen erfaring med å bake glutenfritt, men muffinsen vart kjempegod! :o)

Problemet med muffins, er at det er litt vanskeleg å frakte med seg...
Iallefall om ein ikkje har ein slik:
Denne boksen tar 36 muffins, og er absolutt genial!
Eg vurderer allerede om eg skal kjøpe ein til.

No håpar eg berre at alle vert glade når eg og Jojo kjem for å live opp
lunchpausen, på ein heilt vanleg onsdag.

(heilt vanleg er den forsåvidt ikkje, Jojo har faktisk "bursdag" i morgon!
Han er heile 6 månadar i morgon! Store, lille gutten til mamma! <3 )

Eplekakemuffins

Min kjære husbond er SVÆRT glad i eplekake. Eg er glad i muffins.
Kva gjer ein då?
Ein lager eplekakemuffins!

Eg laga vanleg eplekakerøre, som eg så fordelte i muffinsformer.
Så tok eg epler, skjært opp i tynne båtar, og la oppi kvar muffinsform. Kanel og sukker på toppen, før dei blei satt i ovnen.
Både eg og husbond var fornøyde. Dei smaka deilig!!



lørdag 17. september 2011

Kiwisyltetøy

I vinterferien i fjor, reiste eg og gubben til London for å besøke familie der.
Då fekk eg smake det beste kiwisyltetøyet eg nokon gong har smakt.
Det var heimelaga, og det var nok grunnen til at det var så god.
Heilt sidan då, har eg gått med store planar om å lage mitt eige syltetøy, og i dag var dagen komen.


Eg kutta opp Kiwi, og hadde det i ei panne.
Medan frukta fekk eit oppkok, blanda eg 2 spiseskeier med Certo syltepulver i ein kopp med sukker.
Då frukta var blitt mjuk, moste eg frukta litt meir, for å unngå altfor store bitar.
Eg tok panna av plata, og rørte inn sukkeret.
Så helte eg syltetøyet over på reine, og varme syltetøyglas.

Som de ser fekk eg 1 1/2 glas ut av ei korg med Kiwi.


I tilfelle du lurar, syltetøyet smakte himmelsk! :o)
Det vert nok ikkje siste gongen eg gjer dette.
Eit ekstra pluss, var jo at det var gjort på nokre få minutt.
Ikkje så verst til å vere fyrste gongen eg lagar syltetøy...


Bestevesten

Då me var i Sverige i sommar, kjøpte eg ein del garn.
Denne vesten er strikka av noko av "Sverige-garnet".
Oppskrifta er frå Strikk til Nøstebarn.

Heldigvis fekk eg nok garn til både sokkar, og ein hals (halsen har eg dessverre ikkje bilete av no).

Rullende striper

Det er nok berre til å innsjå det, sommaren er over (var det nokon gong her?), og hausten er komen.
Eg har strikka ein genser til Jojo, som nok skal verte god å ha no utover hausten.

Gensaren er strikka i sjølvstripande Ciao Trunte frå Hjertegarn. Innkjøpt på ferie i Sverige.
Eg syns fargane var nydelege saman, og garnet er akkurat passe tjukt til ein liten gutt.
Oppskrifta eg har brukt er Rullegenser frå Nøstegarn.

onsdag 14. september 2011

Oppskrift på Red Velvet Cupcakes

Etter innlegget tidlegare i dag, har eg fått fleire spørsmål etter oppskrifta.
Eg har som skrive tidlegare, funne den i boka Cupcakes av Ingrid Hancock Bjerknes
Eg har allerede prøvd fleire av oppskriftene, og eg må sei at eg syns boka er veldig bra. Vel verdt invisteringa, om du er litt interessert i cupcakes.

Men, det var oppskrifta:
12stk

Røra:
1 egg
60gr margarin
150gr sukker
1/2 ts vaniljeessens
1/2 ts eddik
1/2 ts natron
1 1/4 dl kulturmjølk/kefir
125gr kveitemjøl
1ss kakaopulver
Nokre dråpar djup raud konditorfarge

- Forvarm ovnen til 175*C
-Sett 12 cupcakeformer i eit muffinsbrett.
-Visp egg og sukker til eggedosis.
-Tilsett smelta og avkjølt margaring og vaniljeessens.
-I ein kopp, blandar du natron og eddik og har det i røra.
-Tilsett kulturmjølk, kakaopulver og kveitemjøl, og visp godt til røra får ein kremaktig konsistens.
-Tilsett konditorfarge.
-Fyll cupcakeformene 2/3 fulle.
-Steik kakene midt i ovnen i 18-20 min.
-Ta dei ut av ovnen og avkjøl dei i muffinsbrettet i ca 5 min. Sett kakene på ei rist og la dei verta heilt avkjølte.

Frosting
150gr Philadelphiaost
150gr romtemperert margarin
100gr kvit sjokolade
5dl melis

-Smelt sjokoladen i mikrobølgeovn eller vannbad (PASS PÅ! kvit sjokolade svir seg fortare enn vanleg sjokolade!!)
-Medan sjokoladen vert avkjøla, vispar du saman margarin og Philadelphiaost.
-Tilsett melis og sjokolade vekselvis. Pass på at sjokoladen er heilt avkjølt.
-Visp til du får ein kremaktig konsistens.
-Syns du at frostingen ikkje er stiv nok, tilsett meir melis.

Vel bekomme!!

Slemme hobbyklubben...

som sender meg slike bøker:
Klikk for å se større bilde
Slemme, slemme, slemme hobbyklubben, som frister meg til å prøve oppskrifter på muffins som er ALTFOR gode!!

I dag var det Red Velvet cupcakes som vart testa ut. Raude sjokolademuffins, med kvit sjokolade-ostekrem på... SNØFT!

Det var liksom ikkje så lurt, når ein egentleg bør jobbe med å få MINDRE mage, ikkje lage den større ved å ete seg forderva på muffins...

fredag 9. september 2011

Det måtte jo skje ein dag...

Heilt ifrå Jojo berre var eit par veker, har  eg bada han kvar kveld. Dette er fordi han ELSKER vatn, og fordi dette har blitt ein del av vår kveldsrutine. Han søv kjempegodt etter eit bad.
Eg er heldig, då me har badekar i stellekommoden. Der er det ein liten tapp, som fungerer som kork, slik at vatnet ikkje skal renne ut. Når ein er ferdig å bade, kan ein dra ut korken, og då kan vatnet renne ut gjennom ein slange og ut av karet. No har det seg slik, at eg ikkje har slangen tilkobla. Eg pleier nemlig løfte heile karet utav for å tømme det i dusjen.

Gjett kva som skjedde i går...
Joda. Jojo klarte å dra utav tappen... Eg oppdaga det ikkje før eg tok gutten ut av badekaret...
Og vips, der var alle bodyane som eg hadde lagt på plass dagen før, klissblaute. Gulpefillene var våte, og q-tipsen var våt. Vatnet rann fiiiint utover golvet. Då var mor fornøyd!

I dag trur eg at eg skal be gubben lime fast den tappen i karet!!

Heldigvis hadde me hatt ein kjempekjekk dag før dette skjedde. Me var nemlig på babysvømming for fyrste gong! Her er lille skatten min!
Ha ein strålande dag!!!