tirsdag 29. juni 2010

Bleiebukse og body

Ahhh.. det er deilig med ferie! No har eg tid til å gjere akkurat det eg vil, og merkeleg nok, har eg mest lyst til å strikke... :)
Denne bleiebuksa var til søndag kveld medan me såg Sherlock Holmes-filmen ilag med gode vener. Kjapp og enkel å strikke, med andre ord.
Då eg var ferdig med bleiebuksa, fortsatte eg å bla i boka Strikk til Nøstebarn, og begynte dermed på ein liten babybody. Dei to siste dagane har eg vore til både tannlækjar og lækjar, og dermed vart det jo litt venterom-strikking. Når ein sleng på ein kveld på besøk hos ei veninne i tilegg, så var bodyen plutseleg ferdig!
Som vanleg har eg ein villig modell. Det er veldig greit å få teste passforma sånn lite grann i allefall...
Dei største knappane kjem frå lageret eg fekk av mormor. Enkle, fine knappar.
Dessverre hadde eg ikkje like knappar til å sy på i skrittet, men desse passa fint allikevel. (heldigvis er knappar enkle å skifte ut, om det plutseleg skulle dukke opp noko betre...
No manglar me berre litt ordentleg sommarvær. Eg blir nesten deprimert av denne kalde, forblåste og regnfulle sommaren!
(det einaste positive er jo at været omtrent ber om at eg skal sitte inne og strikke...)
Ha ein strålande tirsdag, alle saman!!

søndag 27. juni 2010

Lita Nøstebarn-jakke

Litt strikking har det no blitt dei siste dagane. Sidan eg har vore ørretenke sidan torsdag, så har eg jo hatt heile dagane for meg sjølv. Denne vesle jakka er frå Strikk til Nøstebarn (igjen...) Den var enkel og grei å strikke. Det var greit med noko litt "hjernedød"-strikking etter fletter og dobbel perlestrikk på forrige prosjekt. Den gamle babydokka mi stiller som vanleg opp som modell. Passforma ser ut til å vera ganske bra. Endeleg har eg fått somla meg til å få tak i knappar til den tidlegare nevnte jakka med fletter og perlestrikk.
Små trehjerter vart fint mot den mørke turkise fargen. Eg hadde kanskje sett for meg nokre små bamsar eller noko sånt, med det hadde dei ikkje hos min lokale knappebutikk. Jaja, knappane går an å skifte ut ved ein seinare anledning om eg plutseleg dett over noko anna. Hjertene vart no fine dei òg.
No har eg ein gensar til meg sjølv på pinnane, men eg er ikkje heilt overbegeistra over prosjekte, så om du har tips til kva eg skal strikke, må du gje meg eit pip!!
I dag skin faktisk sola på terassen min, så det spørs om eg ikkje bør nyte dagen ute i dag. Kan ikkje sei at eg føler sommaren har vist seg frå si beste side endå.
Ha ein fantastisk søndag, og nyt sommaren!

Verdens beste kollegaer!!

No er ferien her, og det er fantastisk deilig!! Eg har berre slappa av, vore med veninner (på dagtid!!), strikka og gjort ingenting...
Men eg må vise fram kor greie kollegaer eg har! Siste skuledag vart eg nemlig overøst med gåver!
Desse utruleg flotte peonene fekk eg av T som eg skal overta som kontaktlærar etter. Me har jobba veldig godt ilag i år, og eg har lært utruleg mykje av ho. Eg har store sko å fylle...
Av ein elev fekk eg denne kjempesøte tomatplanta! Den står no og koser seg i vinduskarmen ilag med alle orkideane mine. No er eg spent på om eg klarer å holde liv i denne lenge nok til at det kjem tomater på den. Nokon som har tips til stell?
C er ein kjempeflink lærar som dessverre forlater oss etter berre eit år. Sidan me ikkje bur så langt ifrå kvarandre, har han kjørt med meg til jobb i vår, sidan den lille bilen hans sa takk for seg. Det holdt ikkje lenger med gaffa-tape... :)
Eg og C har i heile år som regel vore dei fyrste til å komme på kontoret om morgonen, og det var nok derfor eg fekk denne kjempefine Flittig Lise.
Av kjempeflinke assisten L, som har vore med på å gjere symjetimane med 5.trinn til koselege pratestunder, fekk eg denne kjempesøte telysholdaren. Den passer supert til campingvogna
Eg har faktisk ikkje berre lata meg sidan eg gjekk ut i ferie. I helga var det på tide å gjere noko med dei stygge bokhyllene, som ikkje passa til noko.
I bakgrunnen ser du neste bokhylle som står for tur, og slik såg også den no brunmåla hylla ut. Eg må sei at eg er veldig fornøyd.
No er målinga tørka, bokhylla er tilbake på plass med bøker i, og det ser veldig bra ut! Eg sit og vurderer om eg skal setje i gang med neste hylle i dag, eller om eg skal vente til i morgon, og heller bruke søndagen på å kose med husbond. :)
Målinga kan jo vente til i morgon når han er på jobb (bortsett frå at eg skal til tannlækjaren i morgon... :/) Jaja, eg har ein heil, deilig ferie å måle på!
Ha ein strålande søndag!!!

lørdag 19. juni 2010

Campingvidunder!

Denne veka har det ikkje vorte tid til blogging eller noko. Grunnen til det (bortsett frå jobb, sommeravslutning med klassane etc) står no fint opplaina utanfor blokka. Dette vidunderet vart kjøpt på mandag, og dermed gjekk tirsdagen med til å vaske utav vogna, onsdagen til ein handlerunde på Ikea. Som du ser av kassalappen kjøpte me absolutt ingenting...

Torsdag vart brukt til å vaske kjøkkenredskaper og håndklær og slikt, men i kveld har eg berre slappa av. Eg har tilogmed fått tid til å strikke litt!!

Jammen er det bra at det berre er 2 1/2 arbeidsdag igjen til sommarferie!!

Håper du får ei strålande helg!!!

søndag 13. juni 2010

Fletter, syriner og pai!

I dag har eg hatt ein kjempefin søndag!! På fredag var eg på blåtur med jobben, og i går var eg i 40-årsdag til ei kollega, så i dag var det deilig å sove litt frampå. I formiddag fekk eg strikka ferdig knappestolpane og halslinninga på denne flotte jakka frå Nøstebarn. No manglar den berre dei rette knappane, så er den fiks ferdig! :) Jakka er strikka i str. 1 år, men eg syns den ser ganske stor ut til å vere 1 år. Ja ja, som Elizabeth Zimmermann seier, babyer kjem i alle størrelser. :) Jakka er strikka med dobbel perlestrikk, og fletter framme og på armane. Eg har brukt Silja-garn. Eg syns jakka blei kjempefin, og med dei rette knappane og litt lett damping vert den super! :)

I dag tok eg med meg Lillian på Plantasjen. Der kjøpte eg meg ein kjempesøt dvergsyrin!

Den er allerede komt i den fine zink-potta eg kjøpte, og står så fint på terassen. Eg kjøpte i tillegg nokre fine steinar for å pynte opp litt ekstra.

Til middag prøvde eg noko nytt i dag. Her i veka fann eg ei oppskrift på vg.no på kyllingpai med bacon. Det hørtes så godt ut, at eg berre måtte prøva! Dette er faktisk fyrste gongen eg nokon gong har prøvd å lage pai, og eg må sei at det kjem nok ikkje til å verta siste gongen. Paien var kjempegod, og metta godt. På bilete under har me vore tre vaksne som har ete seg mett, så i morgon vert det nok pai til lunch! (det vert noko anna enn svette brunostskiver).
Håpar du også har ein fin søndagskveld!

lørdag 12. juni 2010

Spa-dag med Lillian

Eg og Lillian har bursdag på same dag, og mannane våre er gode fiskekompisar. Så då me hadde bursdag tidlegare i år, fekk me gåvekort på boblebad, bodyskrubb og massasje. No var tida komen for å bruke gåvekortet. Me fekk kose oss lenge i deilig, varmt boblebad, som var me på å løyse opp stive musklar som skrik etter ferie.
Etterpå vart me skrubba, dusja, smurt inn, pakka inn i folie, dusja og massert.
Sjølve behnadlinga var deilig, men dessverre vart opphalde litt øydelagt av at dei var underbemanna, og at betjeninga rett og slett var litt uproffesjonell. For det fyrste, me hadde time kl. 16.00, og slapp ikkje inn før 16.45. Me vart gløymt i badekaret, og då me skulle ligge å "slappe av og sveitte" i innpakninga vår, var det nokon som fekk spraytan rett utanfor døra, og ungar sprang rundt. I tillegg måtte "mi" massøse springe og ta telefonen då ho skulle massere meg, og ho var VELDIG påpasseleg med å fortelje meg kor utruleg tørr ansiktshuda mi er (ho ville sjølvsagt selge meg ein krem til 550kr.)
Greit nok å sei ein gong at huda di er tørr, du bør tenke på å bruke ein annan hudkrem, men ein treng ikkje mase om det i eit kvarter...
For at dette ikkje berre skal bli eit "syte-innlegg", slenger eg med eit bilete av cosmopolitan-drinken eg fekk då eg og Lillian var på FØR-premiera av Sex og Singelliv 2-filmen forrige veke.
No skal eg sette meg i sofaen, og slappe heile at med strikketøyet. Den flotte jakka eg strikker på er snart ferdig, så det er nok ikkje så lenge til det kjem bilete av den i bloggen. :)
Håper du har ei fantastisk helg!!

lørdag 5. juni 2010

Prinsejakke

Då eg var heilt tom for strikkeidear forrige veke, søkte eg råd hos ei anna strikkedame. Nina sit i styret i sameiet med meg, og ho skal bli bestemor i juli. Ho bladde gjennom Strikk til Nøstebarn, og falt for jakka i Hentesettet #1908 Eg hadde tilfeldigvis litt lyseblå Silja liggande, og tok på meg oppdraget. Etter litt problemer med å tyde oppskrifta (fekk hjelp på Hobbyboden), er jakka no ferdig. Det har gått ganske raskt å strikke den, med tanke på at eg knapt har tatt i ein strikkepinne i løpet av veka. Jakka var eigentleg grei å strikke, og raglanfelling gjer at ein slepp unda ein del monteringsarbeid, og det kom godt med. På grunn av kanten som går rundt heile jakka, og på armane, var det trygt sagt ein del syarbeid. Merka fort kvifor eg vanlegvis ikkje strikker ting med mykje montering... Men når ein ser resultatet, så er det jo verdt det. :) Eg hadde nokre fine knappar som eg sydde på. Sjølv om det er litt blomar på dei, så må det vel gå til ein gut? :) Sidan babyen kjem i juli, strikka eg jakka i str. 3-6 månadar. Me får krysse fingrar for at det ikkje er så kaldt i juli at bebisen treng tjukk ulljakke på seg. :) Den gamle babydokka mi stiller som vanleg villig opp som modell. No venter eg berre på å få kontakt med den ventande bestemora, slik at eg kan få overlevere den lille prinsejakka. Eg nyt helga med strikketøy, ei god bok, og strålande sol på terassen. Akkurat den rette medisinen etter ei skikkeleg maratonveke. Ha ei strålande helg vidare!!!

Helg, helg, strålande helg!!

Den siste veka har vore ei skikkeleg maratonveke. Mandag var det jobbing med IOP`ar, og beskjed om at eg ikkje skal vere ressurslærar på 1.trinn, men kontaktlærar på 3.trinn til neste år. (SKUMMELT, sidan eg aldri har vore kontaktlærar før) Tysdag var det timeplanlegging til halv 6, heim for å puste i 10 sek, og så avgårde på styremøte i sameiet. Onsdag var det timeplanlegging igjen, og då var me ikkje ferdig før klokka var nesten halv 7. Torsdag var det cosmopolitans, kino og 2 timar for seint i seng. Fredag var det ein trøtt dag på jobb... No er det endeleg helg!!!
Husbond har reist avgårde på fisketur, og eg nyt stilleheten, strikketøy og sol på terassen.
Endeleg er det tid til å senke skuldrane, og trekkje pusten ordentleg.
Heldigvis er det no berre 12 1/2 arbeidsdagar igjen til ferie!!
Eg og husbond er for tida på jakt etter campingvogn, så i år vert det forhåpentlegvis campingferie til Sverige. Eg er oppvaksen med campingferie, og eg syns det er ein heilt super måte å feriere på!
Har du spennande planar for ferien? Er nedtellinga igang?
Bileta har eg funne ved hjelp av google.... :o)

onsdag 2. juni 2010

Sex and the city 2, førpremiere!

Heldige Lillian var så heldig at ho vant 2 billettar til FØRpremieren på Sex and the city 2, og trur du ikkje at snille, snille Lillan tar MEG med på kino!! Så i morgon skal me dolle oss opp, tørke støv av dei høge hælane og troppe opp på kinoen i morgon og kose oss med Cosmopolitan og film!!
Woohooo!!!!