mandag 25. juli 2016

Kneskjell

Då eg gjekk på barneskulen, var det nokre bøker eg lånte om att, og om att på skulebiblioteket.


Ei av favorittane var Heksehåndboka.

Denne boka var ei morsom blanding av tøys og tull, der det også var eit eige oppskriftskapittel.
Nokre av oppskriftene freista ikkje til å prøvast, men oppskrifta på Kneskjell vart prøvd og godkjent!
Desse kjeksa vart faktisk så gode, at eg måtte skrive oppskrifta inn i samlinga mi.

I dag fekk eg plutseleg veldig lyst til å bake dei igjen, og no vil eg dele oppskrifta med dykk.

100gr smør
250 gr sukker
1 egg
2 ts ingefær
 1 ts bakepulver
260 gr kveitemjøl

Rør smør og sukker kvitt før du rører inn 1 egg.
Rør inn ingefær, bakepulver og kveitemjøl til du har ein samla deig.

Rull små kuler, og set dei på eit steikebrett.
Ha gjerne litt god avstand mellom kulene, då dei kan renne ut ein del.
Steik på 160grC ca. 15-20 min. Sjå til kjeksa, dei skal vere svakt brune nederst.


"Kneskjella" falt heldigvis godt i smak hos både mann og barn.
Dei er søte, med ein god kryddersmak av ingefær.
Neste gong lurar eg på om eg skal ha i bittelitt sitronskal også. Eg trur det vil bli kjempegodt.

Deilige småkjeks som kan nytast både i sola og på ein regnværsdag.

Nyt sommaren!

tirsdag 12. juli 2016

Eltefrie rundstykker

Sponsa innlegg


Jammen er det deilig med sommarferie!
Då har ein nemleg tid til å lage rundstykker på ein kvardag.
No tar det jo ikkje så lang tid når ein berre rører sammen deigen kvelden før,
for å forme, heve bittelitt meir, og steike rundstykkene om morgonen.


Denne oppskrifta er litt "man tager det man haver".

Eg byrjer med 6 dl vatn og
ei lita kule fersk gjær.
Rør gjæren ut i vatnet, før du har i 2 ss sukker.
Ha i 1 ss salt ilag med mjølet.

I kveld hadde eg i litt rugmjøl, litt finmalt sammalt kveitemjøl og litt vanleg kveitemjøl.
Ha i litt og litt mjøl, slik at du ender opp med ein ganske blaut og klissete deig.
Dekk deigen med plast, og la den heve natta over.

Om morgonen kan du forme deigen til rundstykker på to måtar:
1. Elt forsiktig inn litt meir mjøl, slik at du kan rulle rundstykker med hendene, og sette dei til heving på ei steikeplate.

2. Smør formene i eit steikebrett til Cupcakes.
Bruk ei isskjei eller liknande til å ha litt deig oppi kvar form.

La rundstykkene heve, før du pensler med mjølk og steiker på 230*C i ca.10-2 min.

Håpar du har ein kjempefin sommar, til tross for elendig sommarvær.