mandag 17. oktober 2011

Oppskrift på eplekakemuffins

Før helga bakte eplekakemuffins igjen.
Dei har vorte ein stor favoritt hos husbond, og då han ville ha med seg nokre på jobb, og me i tillegg skulle få besøk av svigermor på søndag, passa det jo bra.

Om du også vil lage eplekake i porsjonstørrelse, kan du bruke denne oppskrifta.

Du treng:
3 egg
1 1/2 dl sukker
1 dl mjølk (eller vatn)
50gr smelta margarin
1 ts vaniljesukker/ekstrakt eller 1/2 ts sitronsaft
3 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
3-4 epler (Helst raude, gjerne norske epler)


*Pisk egg og sukker til eggedosis.
*Ha i mjølk, vaniljeekstrakt og margarin, og rør rundt.
* Bland kveitemjøl og bakepulver, før du siktar det i røra.
*Fyll muffinsformene 2/3 fulle.
*Ta skalet av eplene, og skjær dei opp i små eplebåtar som du stikk nedi muffinsformene.
*Dryss kanel og sukker over, før du steiker dei på 180gr i ca 30 min.


Desse smakar best når dei er litt lunka, og det går heilt fint å fryse dei, og varme dei i ovnen.
Husbond likar å ete dei med vaniljesaus til.

Enjoy! :o)


Nøstebarndress

"Endeleg" vart eg ferdig med Nøstebarndressen.
Egentleg har eg ikkje brukt så lang tid på den, 1-2 veker der eg ikkje har fått strikka så mykje,
men det føles liksom som at den har tatt så lang tid...
Trykk på bilete for å få det større.
 
Dressen er strikka i det nye garnet Jade frå SparKjøp.
Det består av 70 % ull, og 30% alpakka.
Eg strikka den i str. 2 år, og eg ser at det var bra, for den er ikkje så mykje for stor til
min snart 7 mnd gamle gutt.
(no skal det nevnast at han var 10.170gr og 72cm lang på 6 mnd. kontroll..)
Eg har strikka dressen for å ha den som barnehagedress (om han får plass etter jul).
Eg har jo Marius-dressen, men den er rett og slett for fin til å bruke i barnehagen... :o)

Fargen er fin, pertolblå, som på det midterste bilete, og eg har brukt treknappar med sau på.
Eg har også "pynta" den litt med eit lite monster (som tydeleg viser at eg MÅ øve meg på maskesting!!)

Denne dressen skal nok også få ei matchande lue, men fyrst må eg strikke ei monsterbukse på bestilling.

Slenger med eit "strikk-i-bruk"- bilete av bodyen eg strikka i fjor sommar, då Jojo berre var eit lite frø i magen.

Den er heilt passeleg no, og er grei med tanke på at Jojo har begynt å åle seg framover, og sjeldan ligg i ro på leikematta lenger. Mønsteret er Den lille klassiker .

I dag har eg og Jojo ein skikkeleg innedag. Stakkar liten har vorte snylta forkjølt, og når eg ser ut på det ufyselege regn/haglvære ute, så er det eigentleg heilt greitt.
Ha ein strålande dag!!


tirsdag 4. oktober 2011

Striper, striper, striper!!

For ikkje lenge sidan strikka eg ein stripete rullegenser til Jojo.
Heldigvis hadde eg garn igjen etter denne, så då måtte eg jo strikke matchande
lue og sokkar.

I sommar strikka eg ein Mariusdress til Jojo.
No var det på tide å prøve den igjen.
Då eg strikka den, var den kjempestor til han, og han svømte nesten i den. Men no hadde eg jo strikka den i 1,5 -2 år!

Den er heldigvis ikkje for liten, og den vil nok passe fint i vinter, men jammen er det bra at eg ikkje strikka den mindre!!
Lille, store gutten min! <3

Barnehagevottar

Her hi veka fekk eg ein førespurnad får ei gammal klasseveninne frå gymnaset, om eg kunne strikke eit par vottar til ho. Ho jobbar nemleg i barnehage, og trong vottar!
Ikkje berre vanlege vottar, men vottar med hanskar inni.
Heldigvis har eg strikka slike vottar før, då me fiskemønster på.
Desse skulle strikkast heilt plain.
Den vanlege frasen frå "ikkje-strikkarar":<< du kan berre bruke restegarn>> vart også slengt ut.
(Dei som strikkar sjølv, veit at å bruke restegarn ikkje er berre,berre. For det fyrste må ein ha garn som er i same tjukkelsen, dessutan får ein eitthundreogfjørti trådar å feste, når ein strikkar med mange fargar.
Til opplysning, trådfesting er KJEDELEG!!


Heldigvis har eg eit bittelite garnlager, så det var ikkje så vanskeleg å finne noko garn som var brukande.
Vottane har no komt fram til sin nye eigar, og jammen meg vart ho ikkje fornøyd også. :o)
Då får me berre håpa at dei gjer jobben sin, og klarar å halde ho varm og god
i ein travel barnehagekvardag!


Forandring fryder!

Då me kjøpte leiligheta vår, for 3 år sidan, var me begge klar på at me burde pusse opp både badet og toalettet.
Men, som kanskje andre også har erfaring med, så tar ting tid.
Då me flytta inn malte eg 2 soverom. Etterkvart har også gangen fått eit strøk med maling.
No var det toalettet som sto for tur!

Som de ser, så var jo toalettet fantastisk flott... Beige, og burgunderraude veggar, med ei nyyyydeleg bord på midten...
Me hengte opp nokre bileter for å hjelpe litt, men det såg jo framleis... mindre bra ut.
Teppe på golvet er nødvendig, då det ikkje er varmekablar under flisene,
og alle dei som har prøvd å gå barbeint på fliser
når ein lister seg ut på do midt på natta, forstår at teppe er gull verdt!
Brrrrr!



Eg har måla rommet med akrylmåling i fargen Skyggeblå.
Spegelen, som før var gullfarga, har fått 2 lag med svart spraymåling.
Det same har dorullholdaren, og handkle-kroken.
Eg har også hengt opp ei hylle (den burde vel strengt tatt hengt 2 cm høgare, men slik går det når ein er utålmodig, og vil gjere alt sjølv!)

Eg må sei at eg faktisk er svært nøgd med resultatet.
 I går var eg litt redd for at det vart for mørkt, men når eg tok vekk papiret på golvet, og fekk hengt opp bileta og spegelen igjen, vart det veldig fint. Om eg skal sei det sjølv... :o)
Listene skal etterkvart få seg eit lag med kvitmåling, men det får bli når hovudet, halsen og øyrene sluttar å verke.
(Å male med feber er ikkje å anbefale!)

No må eg berre svinse over golvene med ein støvsugar, så er me klare for besøk av mamma i morgon!