søndag 24. oktober 2010

Kan du sei meg

kva poenget med å vere sjuk er, når ein har for vondt i hendene til å strikke? Strikka minimalt i går, men håper på ein betre dag i dag. Eg må jo berre stå på no, fram til julemessa 20.november!! Eg begynner faktisk å få dårleg tid!! (har berre 6 sjal klare, og bør vel strikke nokre huer også...)

lørdag 23. oktober 2010

Snufs, hark og HOST!

Eg kan melde om høg snørrfaktor i heimen. Eg er sjuuuuuuk! Og det sjølvsagt på ein laurdag, når sola skin frå ein klar og blå himmel... Dagen vert nok brukt anten i senga (for å ta igjen litt av søvna eg gjekk glipp av i natt pga snyting, hosting og halspastill-tygging), eller i sofaen med strikketøyet. Har eg sagt at eg hatar å vere sjuk? Dette har eg verkeleg ikkje tid til! Eg begynner med kontaktmøter på onsdag, så eg MÅ på jobb på mandag for å gjere klart og forberede meg!! Tips til snarleg rekonvalens mottas med takk!!

onsdag 13. oktober 2010

Halloween, or not to Halloween?

Eg er eigentleg ikkje noko fan av denne veldig amerikanske skikken. Iallefall ikkje dette med å gå rundt å tigge godteri. Kjem det nokon på døra her, får dei beskjed om å komme tilbake på nyttårsafta! Men det er noko eg likar med Halloween, og det er gresskar. Eg har aldri hatt eit gresskar i hus før, men det er noko med gresskar som seier HAUST for meg. Så då eg fann eit kjempeflott, stort gresskar, til berre ein hundrelapp, skyldte eg på elevane, og at eg skal bruke det i undervisninga, og tok det med meg heim. I dag var det på tide å gjere noko med denne store, flotte oransje grønnsaken. Eg begynte med å dekke bordet med eit blad (eg fann ut at ei gammal utgåve av UTDANNING passa bra. ) Kniv, skei og ein plastbolle måtte også til. Fyrst skar eg ut toppen. (Heldigvis kom gresskaret med instruksjonar...)
Slik såg gresskaret ut inni! Masse frø og "kjøtt"
Slik ser det ut etter at eg hadde skrapa lenge og vel for å få ut mest mogleg "kjøtt".
Då var det på tide å skjere ut ansiktet. For å gjere det enklare for meg sjølv, teikna eg ansiktet på fyrst, slik at eg hadde noko å skjere etter.
Så var det fram med kniven, og skjere laus! Dette var faktisk ganske morosamt!!
Og sjå kor fint resultatet vart, med eit telys inni!!
På bilete har eg endå ikkje vaska vekk strekane mine, men dei er borte no. Eg er veldig spent på korleis elevane mine reagerer på dette etter haustferien!! Eg håpar berre at gresskaret held seg lenge, og at det ikkje rotnar alt for fort.
Eg syns dette var veldig kjekt, og kunne godt tenkt meg å lage fleire. Men det får halde med eit i år, kanskje eg prøver igjen med fleire neste år.
Eg vil ikkje kalle dette ei Halloween-lykt, men ei haust-lykt!
Ha ein supergod haust alle saman!!!!

mandag 11. oktober 2010

Overraskelse!!

Nokon som lurer på kva eg gjorde på torsdag??
Eg kan sei at eg var ein tur på sjukehuset...
Det var ikkje skummelt...
Eg er ikkje sjuk....
Eg har
Noko i magen eg ikkje har spist!!!!
Ein sprell levande liten guttebaby låg inni magen min, og viste kor sterke armar han har, og kor flink han er til å ta "sidekicks" (jepp, Husbond er "gammal" kampsportutøvar).
Det var ein heilt fantastisk opplevelse!!
Vidunderet kjem i mars, og sjølv om eg har ein liten pause i babystrikkinga til fordel for julemesse, ser eg ikkje bort ifrå at babystrikkinga kjem sterkare igjen etter 20. november.
No har eg haustferie, og eg kooooser meg heime.
Må forresten ta med eit bilete av fingeren min etter ei helg med intens strikking...
auuuu!!! måtte ta på plaster før eg kunne strikka vidare...

søndag 3. oktober 2010

Strikketid

Altså, eg har ikkje slutta å strikka! Dei siste vekene har flydd avgarde, mykje takket være møter i 1 stk jubileumskomtiè, 1 stk jubileum (skulen eg jobber på fyllte 50 år), foreldremøte, fullt kjør på jobb etc etc etc... Dete fører til at eg rett og slett har hatt verken tid, eller energi til å strikke så mykje. Men, i helga har eg strikka!! Og det kjem godt med, sidan eg har meldt meg på julemesse i november! No bør egentlig strikkepinnane gå varme fram til november!! I løpet av helga har eg faktisk strikka 1 sjal, og begynt på det neste. Eg håpar å gjenta suksessen frå i fjor, så no blir det nok storproduksjon av sjal ei stund framover. Sidan gjesterommet for øyeblikket flaumer over av klede (pga av oppsetting av nytt garderobeskap på soverommet), har eg ikkje fått blokka dei to sjala som er ferdig. Bilete av desse kjem dermed når eg har ei ledig madrass igjen!! :o) Håpar du har hatt ei strålande helg, og at du får ei fantastisk veke! (eg skal noko veldig spanande på torsdag, men det fortel eg om i etterkant.) :o)

søndag 12. september 2010

Striper

Jammen klarte eg ikkje å presse inn litt strikketid denne veka og. Heldigvis var denne lille strikketida på slutten av veka akkurat nok til å gjere ferdig ikkje berre eitt, men to prosjekt!! Fyrst ut var stripebuksa frå Strikk til nøstebarn. Eg gjer tydelegvis opprør mot tanken på at barnetøy skal vere rosa eller blått.. Kvifor ikkje lage striper av grønt, kvitt og brunt?
Eg var visst litt for ivrig då eg strikka beina. Eg fann ut at lange bein ligg litt til familien (på mi side) og då er det greit med lange bein på buksa og. Men her tok eg visst litt hardt i... :o) Buksa er strikka i Shetland Soft frå Malsen og Mor.
Forrige helg var eg heime hos mams og paps, og innimellom husbeisinga fekk eg tid til å begynne på ei hue. Denne hua vart eg tipsa om av Unsepus. Mi hue ser litt annleis ut enn Unsepus si, men eg syns den vart fin allikevel! Eg strikka ein enkstra omgang med fletting, fordi eg syns den var litt kort. Hua er strikka i Safir frå Spar Kjøp
Utanfor ser det ut til at hausen har tatt tak. Heldigvis er eg forberedt!!
Tidlegare i sommar var eg ein tur på Ikea, og jammen hadde dei ikkje salg på eit pledd som eg fann ut kom til å passe perfekt i sofaen.
Sjølv med mine 174 cm, og ein smule omfavnsrike kropp, ser dette teppet ut som eit timannstelt!!
Men no bør eg vel sei at teppet faktisk er eit sengeteppe... :o)
Eg skal iallefall ikkje fryse i vinter!!!
Har du gjort forberedelser til hausten?

torsdag 2. september 2010

Body og sparkebukse

Før me kom så langt som til Sverige, var eg og husbond ein tur på Rena. (kvifor i all verda var du på Rena, tenker du kanskje, det var ikkje mitt valg. Husbond er lidenskapleg flugefiskar, og Renaelva lokka...) Jaja, det som er bra med at Husbond fisker, er at han innimellom får dårleg samvit for all fisketida, og alle pengane han bruker på fiskeutstyr, så då spanderer han flott garn på meg! :) På Rena har nemleg også garn. Alpakka frå Sandnes garn. Dette garnet var iløpet av ferieturen til ein mjuk, deilig body. Mønsteret er Benjamins Voksebody. Det vart ikkje "svenskeknappar" på denne, men søte rosa knappar frå min lokale knappebutikk. :)
Den skjønne, grønne alpakkaen eg kjøpe i Sverige har blitt til denne flotte sparkebuksa. Mønster frå Strikk til Nøstebarn.
Til tross for iherdig hurtigstrikking måtte eg til slutt innsjå at eg faktisk mangla ca ein halvmeter med garn... Etter å ha festa alle trådar, prøvd å spleise alle endar, triksing og miksing, måtte eg framleis felle av med eit anna garn. Heldigvis skjedde all denne triksinga på undersida av hælen, så det viser heldigvis ikkje.
Har du lest innlegget om alt det flotte garnet eg kjøpte i sommar, fekk du kanskje med deg noko om nokre pinnar...
Taaadaaaaa!!!
Er dei ikkje nyyyydelege? Dette store settet med symphonie wood-pinnar vart mitt (etter at Husbond hadde brukt pengar i ein flugefiskebutikk...)
Den som seier at lykke ikkje kan kjøpast for pengar, har ikkje kjøpt nydelege strikkepinnar og fantastisk garn på samme dag!! :)
Settet inneheld pinnar i 8 forskjellige størrelsar, og "vaier" i 4 forskjellige lengder.
Me like!!! No kan eg berre begynne å strikke sjal til julemesse... :)

Blomsterhjerte og bestevest

Eg har vore så heldig, og har fått teststrikka mønster for Vridd og Vrang igjen! Fyrst ut var denne flotte, raude gensaren med hjerter. Den er strikka ovanfrå og ned. Garnet eg har brukt er Shetland soft frå Malsen og Mor. Eg har visst ein ting for treknappar... Det passar liksom til alt! :)
Neste prosjekt var Minas pyntevest. Ein søt liten vest, som enkelt kan gjerast om til tunika/kjole. Denne er også strikka i Shetland Soft, men denne gongen med dobbel tråd.
Eg likte godt mønsteret, og det var kjekt å lære å strikke picotar utan montering!
På den berømmelege Sverigeturen vart det som eg tidlegare har skreve, kjøpt inn eit lite lager med knappar. Eg passa på å berre kjøpe spesielle knappar, som eg veit at eg ikkje får tak i på min lokale knappebutikk.
Det vart ein fin liten haug!
Kanskje ikkje så vanskeleg å sjå at eg likar englar? Fine, fine engleknappar som berre ventar på å verta brukt.

onsdag 1. september 2010

Svenske-garn

I tilfelle du lurte, ja, det fins garnbutikkar i Sverige og! I sommar var eg og husbond på vår fyrste campingferie med vidunderet, og turen gjekk til Halmstad i Sverige. Det viste seg å vere ein lur idè... :) Eg begynte forsiktig med dette nøstet med sokkegarn... Så datt eg over ein butikk med nydeleg alpakka,
og endå meir nydeleg Merino Silke... (I denne butikken kjøpte eg også eit lite lager med knappar, men det får komme seinare.
Etter litt "googling" og vandring i Halmstads gater datt eg over den mest fantastiske butikken eg har sett! Alt garnet var lagt opp som om det var diamantar omtrent! Eg brukte fleire minutt på å berre sjå på butikken, før eg kunne sjå på garnet.
Og utvalget var sjølvsagt av ypperste kvalitet, så eg må innrømma at eg vart litt lamslått...
Men eg kom då ut igjen med eit nøste Kauni,
og 4 nøster Silkbloom. Dette er noko av det mjukaste garnet eg har kjent, trur eg...
I denne fantastiske butikken kjøpte eg også eit heilt sett med flotte strikkepinnar, men det får også vente til seinare.
No sit eg berre her, og funderer på kva eg skal strikke av alt dette fantastiske garnet, det må jo vere verdig slikt flott garn! :)

mandag 30. august 2010

Sommarferie?

Kor lenge er det eigentleg lov til å ta seg sommarferie? Eg er no tilbake på jobb for fullt, men bloggen har vist ikkje blitt prioritert i sommar, og det sjølv om eg har fleire ferdig produkt klare. Eg har til og med tatt bilete av dei, og lagt dei inn på data, men på bloggen har dei ikkje komt endå. Eg lovar, på tru og ære at nytt, ordentleg innlegg skal komma. Eg må berre riste av meg denne forferdelege trøyttheita som heng over meg! :o) Jammen er det hardt å stå opp klokka 6 igjen, og så reise på jobb for å prøve å undervise 16 spinnville 3.klassingar... Heldigvis er det berre 7 veker til haustferie...

onsdag 14. juli 2010

Sukkersøtt

Oppskrifta til denne søte vesten fant eg i Februar-utgåva av Strikkemagasinet. Garnet eg har brukt er "sjølvsagt" Shetland Soft frå Malsen og Mor
Mønsteret var veldig enkelt, men samtidig vart det jo kjempeskjønt!
Dette siste bilete slengte eg med, berre for å skryte av at liljene mine har begynt å bløme! :o)
Det verkar som om sommaren framleis lar vente på seg, så eg må innrømme at det vert ein del strikking for tida. Håpar du har ein fantastisk sommar!

torsdag 8. juli 2010

Klassiker with a twist

Med fare for å gjenta meg sjølv, pinnane går nesten varme her i heimen. Iallefall etter at eg gjekk til storinnkjøp av Shetland Soft hos Malsen og Mor. Det siste som vart fellt av er Den lille klassiker, med ein liten fargetvist. Eg har brukt brun, grå og grønn, og eg syns fargane var nydelege saman. Det vart hjerteforma treknappar på denne også.
I skrittet gjekk eg for runde treknappar.
Flott mønster i litt duse fargar.
Bodyen har fått seg ein vask i deilig milo-vatn, og den er no mjuk og velduftande.
Gleder meg til Fragaria kjem med mønsteret i fleire størrelser.
I helga ventar eg storinnrykk av systo ilag med mann og tre barn. På lørdag skal me nemlig alle i bursdagsbesøk til mormor. Gamle mormor fyller 84, og har bestemt seg for å feire med pølser og brus! :o)
Håpar alle får ei strålande helg!!!

onsdag 7. juli 2010

Monsterbukse!!

Strikkepinnane går nesten varme for tida (ahh... deilige ferie!!) og det siste ferdige produktet er ei Monsterbukse. Mønsteret hadde eit par mangler, men sidan eg heldigvis har strikka bukser før, gjekk det greit allikevel. Men ein ting kan eg iallefall sei. Eg kan ikkje sy maskesting! No skal dei seiast at dette er mitt fyrste forsøk, men allikevel... Her er no iallefall buksa: Eg har ikkje fått kjøpt inn strikk endå, så foreløpig heng den oppe ved hjelp av knyting.
No begynner det endeleg å ta seg opp med blomstring på terassen. Lavendelen har så vidt begynt å bløme.
Den flotte dvergsyrinen min står i full blomst. Heldigvis passer hagegnomen min på.
Det er nemleg ikkje berre eg som har merka at syrinen blomstrar!
(ja, der er ein veps som veit å sette pris på sarte, rosa blomar.)
No håpar eg berre at sommaren snart set inn for fullt snart, slik at eg kan nyte blomane på terassen skikkeleg. God sommar!!

Bodylicious!

Garnet eg kjøpe på lagerkvelden hos Malsen og Mor har allerede blitt tatt i bruk, og det fyrste som vart ferdig var denne herlege bodyen. Mønsteret er Benjamins Voksebody. Garnet kjentes litt "tørt" ut til å begynne med, men etter kvart som eg strikka med det, vart det berre mjukare og mjukare. Satsar på at ein liten badetur i Milo-vatn, så vert det akkurat som silke. :o)

Fin body fortjener jo fine knappar. Eg falt for desse med Spøkelset Laban på.

I skrittet gjekk eg for litt mindre og enklare knappar.
Ein fin liten body, som eg sikkert kjem til å strikke fleir av!
For ei lita stund sidan gjekk Husbond til innkjøp av eit Digitalt speilreflekskamera. Eg har ikkje fått brukt det så mykje, men her hin dagen (ein av dei få dagane det ikkje har regna i sommar) tok eg kamera med meg ut på terassen.
Sjølv om me ikkje akkurat har verdens beste utsikt (me bur i høg 1.etg,)så kan ein vel ikkje akkurat klage på dette... :o)
Jaja, det einaste som er positivt med regnet, er at eg slepp å ha dårleg samvittighet for at eg sit inne og strikke... :o)

torsdag 1. juli 2010

Snop uten sukker

Eg er så heldig at eg bur i verdas vakraste by. I tillegg til at det er ein flott by, er ein av fordelane, at eg kan besøke lageret til Malsen og Mor når det er åpent! I dag gjekk eg formeleg berserk blandt dei 70 (!) fargane av Shetland Soft!! Sjå på den herlege samlingen av deilig garn! Skikkeleg snop, er det!! :) Eg gler meg allerede til å strikke med det! Eg kjøpte tre nøster grå Shetland Soft
Tre nøster lilla, som egentlig ikkje er så mørk som det ser ut som på biletet. Dette garnet er eg faktisk i gang med å strikke ein Benjamins Voksebody.
Litt herleg kirsebær-raud farge trengs og innimellom. Dette garnet fekk eg faktisk av Unsepus sidan eg skal prøvestrikke eit mønster for ho. ( Heldige meg!!)
Deilig blå-grønn farge som eg må finne noko flott å bruke til.
Litt brunt fekk også vere med meg heim.
Herleg grønt! Jakke? Bukse? Body? Sokker og lue? Mulighetene er mange når ein har så flott garn!
Litt naturfarga garn kan innimellom vere greit å har, berre for å ta ein liten pause frå alle dei deilige fargane!
Til slutt treng ein alltid litt rosa!
Eg må innrømme at eg gliste heile vegen heim, med passasjersetet fullt av garn. Då eg kom heime måtte eg tømme ein gammal korg eg hadde og putta alle nøstene oppi den, slik at alle kan sjå den flotte snopeskåla mi!