lørdag 30. april 2016

Lørdagspannekaker

Sponsa innlegg
Når ein har to nieser på besøk, må ein ha litt ekstra godt til frukost,
men samtidig prøve å vere bittelitt sunn.
 
Amerikanske pannekaker
4 egg
 1 dl sukker
1 1/2 ts bakepulver
1 1/2 dl Fibra Finmalt fullkornsmjøl frå Møllerens
1 dl kveitemjøl
2 dl mjølk
 
Skill eggene, og pisk eggekvitane stive.
Bland eggeplommer, mjøl, bakepulver, sukker og mjølk til ei klumpefri røre.
Vend inn eggekvitane.
 
Steik pannekakene utan smør i panna.
Eg brukar ei stor isskei for å lage nokolunde like store pannekaker.
 
Server med friske bær, syltetøy eller Lønnesirup.
Eg laga dobbel røre, og heile stabelen gjekk ned på høgkant.
(alle pannekakene vart ikkje med på bilete, då stabelen velta. :)  )
 
 
Håpar du har ei god helg!


Konfirmasjonskake med motorcrosstema

I helga har eg fått lage mi fyrste konfirmasjonskake!
Jenta som skulle konfirmerast held på med motorcross, så dette vart tema for kaka.
Eg har aldri laga ein motorsykkel før, men ein gong må vel vere den fyrste?
 
Meininga var at jenta skulle sitte oppå sykkelen, men dessverre datt jenta av, og brakk beina!!
Så då var det tryggare å plassere ho ved sida av sykkelen, i alle fall på kaka! :)
 
 
Eg laga "jord" av knuste Oreokjeks, trær, steinar, motorsykkel og jente er laga av sukkerpasta.
Kaka er trekt med ein blanding av marsipan og sukkerpasta.
Navnet til konfirmanten varta laga som mål-vimpel.
 
 
Eg fann ein tutorial på pinterest som viste korleis eg kunne lage ein sykkel.
Forhåpentlegvis liknar den bittelitt, i alle fall i fargane, på sykkelen til konfirmanten.
 
Jenta skulle som sagt eigentleg sitte oppå sykkelen, men ho datt berre av.
Derfor måtte eg sette ho ved sida av sykkelen istadenfor.
 
Under marsipanen er ei saftig sjokoladekake fylt med bringebærmousse og Dumlekrem.
 
Eg håpar konfirmanten og familien har hatt ein superfin dag.
 


søndag 24. april 2016

Bursdagshelg

Phu! Då var bursdagshelga over, og eg kan legge beina høgt.
Me har hatt eit kjempekoseleg bursdagsselskap i dag, med masse familie.
 
I tillegg til empanadas med kylling,  pizzasnurrer og pølser i brød,
måtte me sjølvsagt ha eit lite kakebord også.
 
 Eg fekk dessverre ikkje plass til alt på kakebordet, så makronene og eplesnurrane måtte stå på kjøkkenbenken.
Me hadde familieselskap for å feire begge våre søte små.
Johannes vart 5 år i mars, men sidan han allereie hatt fått dinosaurkake då han hadde barnseselskap, måtte han "nøye seg" med denne sjokoladekaka.
 
 
 Inni sjokoladekaka er det appelsincurd og bringebærmousse.
Fyrste gong eg har laga såkalla "Drip-kake". Eg klarte dessverre å stable kaka litt skeivt, og det var litt vanskeleg å helle sjokoladen fint, men heldigvis smakte kaka godt. :)
 
Lillesnuppa vart 3 år i går, og ho hadde lagt inn bestilling for lenge sidan.
Ho ville ha rosa kake med bamsar og Elsa på.
Eg valgte å bytte litt om, så det vart rosa bamsar og Elsa på ei kvit kake.
Ho tilgav meg heldigvis. :)
 
 Under marsipanen er set sukkerbrød fylt med heimelaga vaniljekrem, jordbær og piska krem.
Eg prøvde meg på eit meir ordentleg ansikt, men fekk det ikkje til.
Derfor vart Elsa sjåande slik ut.
Eg synes ho vart søt allikevel. :)
 
I kveld skal eg slappe heilt av, men i morgon er det på `an igjen, då eg skal bake ei kake til konfirmasjon neste helg.
 
Håpar du får ei superfin veke!

onsdag 20. april 2016

Osterundstykker

Sponsa innlegg
Forrige helg var verkeleg den store bakehelga.
Fredag bakte eg Miniempanadas med kylling,
laurdag bakte eg pizzasnurrar, og søndag bakte eg både rundstykker til frukost,
epleknuter, skillingsbollar og "kjegler".
 
Rundstykkene eg laga til søndagsfrukosten vart rett og slett VELDIG gode, om eg skal sei det sjølv.
Til og med ungane slukte dei, og dei foretrekker fine rundstykker.
 
 
Deig:
300 gr Fibra Finmalt fullkornskveitemjøl frå Møllerens
100gr Finmalt sammalt Rug frå Møllerens
500gr kveitemjøl
1 ss salt
2 ss sukker
ca 2 dl nøytral olje
50 gr gjær
4-5 dl lunka vatn
Melk til pensling
Ost på toppen
 
Bland saman dei tørre ingrediensane før du har i det våte.
Elt deigen godt, gjerne for hand.
For meg som ikkje likar å gå på treningssenter, vert elting og baking som ei treningsøkt.
 
 På bilete over arbeider eg med bolledeigen, laga med 3 kg kveitemjøl. Du kjenner det godt i armane etter å ha knadd på denne i 10 min! :)
 
Hev deigen under plast, ein liten time før du ruller ut små rundstykker.
Hugs at deigen vil heve meir under etterheving og steiking.
Hev deigen 30-45 min. før du pensler med melk, strør på litt ost, og steiker på 225gr i 10-15 min.
Alle ovnar steiker forskjellig.
 Desse rundstykkene vart rett og slett perfekte (om eg skal seie det sjølv).
Luftige, med litt sprø steikeskorpe, men gode og mjuke inni.
 
 
Servert med eggerøre og spekeskinke.
Kan ein be om betre helgefrukost?
 
 Dei metta godt, så både eg og mannen var forsynt etter 1 1/2, men guttungen likte dei så godt at han åt i alle fall 2 heile!
 
Etter frukost bakte eg ein haug med bollar.
 
Då brukte eg oppskrifta på Verdens beste bollar frå Det søte liv.
1/3 av deigen vart til kjegler som kan fyllast med bær og krem,
1/3 vart til epleknuter fylt med eplesyltetøy og kanel,
og den siste tredjedelen vart til vanlege skillingsbollar med kanel og sukker.
 
No er frysen nesten full, så, då er det berre litt kakepynt og kaker igjen å lage, før me er klare for feiring av treåring og femåring på søndag. :)


Miniempanadas med kylling

Sponsa innlegg
Når ein er i full jobb, er mykje åleine med 2 ungar, og samstundes skal lage klart til
stor familiefeiring, må ein vere tidleg ute.
Fryseboksen er min beste ven!
Me skal ha selskap neste helg, og i dag har eg fått 60 miniempanadas i frysen.
 
 
Deig:
300 gr Fibra Finmalt fullkornskveitemjøl frå Møllerens
200gr Finmalt sammalt Rug frå Møllerens
400gr kveitemjøl
1 ss salt
2 ss sukker
ca 2 dl nøytral olje
50 gr gjær
4-5 dl lunka vatn

Bland dei tørre ingrediensane før du har i dei våte.
Deigen skal vere litt blaut, men fast nok til at du kan elte den.
Elt deigen godt, gjerne for hand.
Ha litt olje på hendene når du eltar, så set ikkje deigen seg fast.

La deigen heve ein liten time.

Fyll:
3-4 kyllingfileter
Fajitas krydderblanding
1,5 dl fløyte
Riven ost

Egg til pensling.

Skjær kyllingen i småbiter.
Steik kyllingen før du har på krydderblandinga.
Ha på fløyte, og la det koke litt inn.

Kjevle ut deigen, og bruk anten ein utstikker til å skjære ut rundingar, eller skjær rundt eit lite asjett.
Legg fyll på halve rundingen, og strø ost over.
Brett deigen over og klem godt saman langs kanten.


Pensle med egg før du steiker i ovnen på 220gr i ca. 15 min.

Deilig som helgemiddag, supre å ha i frysen, og perfekt å servere i bursdagsselskap. :)
 


lørdag 9. april 2016

Grove frukostrundstykker

Inneheld sponsa produkt
 
Endeleg helg, og endeleg tid til late frukostar.
Ein av dei få fordelane med å ha ungar som vakner grytidleg, er at ein får tid til å lage rundstykker.
 
 100gr havregryn
150gr Grovmalt Rugmjøl
200gr Fibra finmalt fullkornskveitemjøl
100gr  finmalt speltmjøl
50 gr kveitemjøl
1 ss sukker
1 ss salt
1 pose tørrgjær
1 dl olje
ca. 4 dl lunka vatn
 
Rør saman alle dei tørre ingrediensane.
 
 
Ha i litt og litt vatn, til du får ein ganske klissete deig.
Ha i olje, eg brukar Vita hjertego` Matolje.
Elt i maskin i minst 10 min. Justèr med meir vatn eller kveitemjøl, alt etter korleis deigen ser ut.
Den skal vere ganske klissete.
Ha litt olje på hendene, og samle deigen til ein ball,
 før du dekker med plast og lar den heve ca 1 time.
Hell deigen ut på kjøkkenbenken, og trill til små rundtstykker.
Om du vil, stør du t.d. graskarkjernar og/eller solsikkefrø på kjøkkenbenken, før du ruller rundstykkene over. På den måten "fangar" du frøene inni rundstykket.
 
Sett rundstykkene på eit brett, og la dei heve under plast ca 45 min.
Pensle rundstykkene med mjølk rett før du set dei i steikeovnen.
Forvarm ovnen til 225 gr. C, og steik rundtstykkene i 5 min, før du skrur ned varmen til 205gr. C.
Steik til dei er lysebrune, ca 10-15 min.
 
 
Våre rundstykker vart etne med blautkokt egg, og ein stor kopp kaffi til.
Eg trur faktisk at desse er dei beste rundstykkene EG har laga.
Dei var litt sprø utanpå, men deilige og mjuke inni. Saftige og gode.
 
 
Eg håpar du får ei fantastisk flott helg!!

tirsdag 5. april 2016

Tradisjonell tysdag

Etter fyrst ei vekes påskeferie, og så ei vekes vinterferie etterfulgt av ein dag med tilvenning i ny barnehage, var det no tilbake til tilnærma kvardag.
Og kva kan ein feira kvardagen med?
Ein skikkeleg god, gammeldags, tradisjonell godbit:
Rullekake med jordbærsyltetøy!
 
4 egg
1,5 dl sukker
1 ss lunka vatn
2,5 dl kveitemjøl
1/2 ts bakepulver
1/2 ts vaniljesukker
 
Syltetøy
(eg brukte jordbærsyltetøy)
 
Pisk egg og sukker til stiv eggedosis.
Pisk eggedosisen i 10-15 min. på full styrke, sett så ned farten, og ha i 1ts. vatn.
Pisk i 5 min. til.
Sikt kveitemjøl, bakepulver og vaniljesukker, og ha det forsiktig i røra.
Vend kveitemjølet inn i røra.
 
Bre røra utover eit steikebrett kledt med bakepapir, og steik på 210gr C i 8-10 min.
 
Medan kaka steiker, legg du eit (reint) vått kjøkkenhandkle på kjøkkenbenken,
og strør eit lag sukker på.
Når kaka er ferdig steikt, kvelver du kaka over kjøkkenhandkle, 
fjerner bakepapiret, og brer utover syltetøy.
Rull sammen kaka, og rull det våte kjøkkenhandkle rundt.
La kaka verte avkjølt på benken.
 
 
Kan serverast med piska krem, eller berre eit lite melisdryss.
 

 


fredag 1. april 2016

Bursdagskake med Asko-tema

I dag har eg fått lage kake til ein sprek 60 åring.
Han har kjørt lastebil/trailer for Asko i over 20 år, og kona ville overraske han med ei Asko-kake.
 
Eg har lenge strevd med å få til mennesker, og må nok øve endå litt til. :)
Men han ser no i alle fall snill ut.
 
 Mannen har to hundar som han er veldig glad i, så dei måtte sjølvsagt få plass på kaka.
 Dette vart ei kake med fleire "fyrste-gongar".
Fyrste gong eg har laga ein hund (eller 2), og fyrste gong eg laga lastebil.
 
Ein kasse med bananer, ein kasse med pølser og nokre epler fekk også plass.
 
 
 Under marsipanen er ei saftig sjokoladekake dynka med Baileys.
Kaka er fylt med bringebærmousse og appelsincurd, og smurt opp med sjokoladekrem med Baileys.
 
 No trur eg at eg skal bruke resten av helga på å kvile skuldrene mine,
før det er tilbake på jobb på mandag.
Håpar du får ei kjempefin helg!