onsdag 13. oktober 2010

Halloween, or not to Halloween?

Eg er eigentleg ikkje noko fan av denne veldig amerikanske skikken. Iallefall ikkje dette med å gå rundt å tigge godteri. Kjem det nokon på døra her, får dei beskjed om å komme tilbake på nyttårsafta! Men det er noko eg likar med Halloween, og det er gresskar. Eg har aldri hatt eit gresskar i hus før, men det er noko med gresskar som seier HAUST for meg. Så då eg fann eit kjempeflott, stort gresskar, til berre ein hundrelapp, skyldte eg på elevane, og at eg skal bruke det i undervisninga, og tok det med meg heim. I dag var det på tide å gjere noko med denne store, flotte oransje grønnsaken. Eg begynte med å dekke bordet med eit blad (eg fann ut at ei gammal utgåve av UTDANNING passa bra. ) Kniv, skei og ein plastbolle måtte også til. Fyrst skar eg ut toppen. (Heldigvis kom gresskaret med instruksjonar...)
Slik såg gresskaret ut inni! Masse frø og "kjøtt"
Slik ser det ut etter at eg hadde skrapa lenge og vel for å få ut mest mogleg "kjøtt".
Då var det på tide å skjere ut ansiktet. For å gjere det enklare for meg sjølv, teikna eg ansiktet på fyrst, slik at eg hadde noko å skjere etter.
Så var det fram med kniven, og skjere laus! Dette var faktisk ganske morosamt!!
Og sjå kor fint resultatet vart, med eit telys inni!!
På bilete har eg endå ikkje vaska vekk strekane mine, men dei er borte no. Eg er veldig spent på korleis elevane mine reagerer på dette etter haustferien!! Eg håpar berre at gresskaret held seg lenge, og at det ikkje rotnar alt for fort.
Eg syns dette var veldig kjekt, og kunne godt tenkt meg å lage fleire. Men det får halde med eit i år, kanskje eg prøver igjen med fleire neste år.
Eg vil ikkje kalle dette ei Halloween-lykt, men ei haust-lykt!
Ha ein supergod haust alle saman!!!!

4 kommentarer:

  1. Høstlykt høres koselig ut, Halloween synes jeg er bare er noe tull! Dessuten er det ikke en kjeft som får godteri ved å komme med trusler, fra denne dama. Vi slukker alle lys og er "borte" den kvelden. :->

    SvarSlett
  2. Bra det ikkje berre er eg som er litt sur "kjerring" når det kjem til denne godtetigginga! :o)

    Men høstlykter liker eg! :o)

    SvarSlett
  3. Så stilig! Sånn vil jeg også lage!

    Jeg benytter faktisk anledningen til å kvitte meg med sånne godte-rester som ligger i skapet og ingen vil spise. Her i huset spises f.eks. ikke lakrisen fra godt og blandet-posene.. ;-)

    SvarSlett
  4. Eg kjøpte gresskaret på Mester Grønn på Gullgruven, men eg har sett at dei har små gresskar på Plantasjen også. :o)

    Heldigvis er eg ikkje noko plaga med tiggarar her, så det me ikkje et sjølv, havnar som regel i bosset. :o)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)