søndag 15. mai 2011

Nedtelling til dåp

I dag er det akkurat 1 veke igjen til lille Knøttis vert døypt.
På torsdag var han kjempeflink, og tok seg ein laaang lur på ettermiddag. Då fekk mor tid til å bake litt til den store dåpen.
Eg gjekk for muffins!
Flotte papirformer vart kjøpt inn, og eg gjekk tilogmed til innkjøp av metallformer, slik at muffinsane skulle vere perfekte. Dessverre bestemte eg meg for å vere litt gniten til å begynne med, så eg kjøpte metallform på Ikea til den nette sum av 69 kr pr. form... Det var dessverre ingen suksess. Formene var for høge og smale, så papirformene passa ikkje inni.

Dermed var det berre for mor å gå ut på jakt igjen. Denne gongen fant eg ut at eg ikkje skulle vere gniten, og kjøpte derfor ei skikkeleg Wilton-form til 249kr.  Denne fungerte perfekt!!

Eg laga muffins etter DENNE oppskrifta, og ostekrem etter DENNE oppskrifta. For å vise gjestane at dei trass alt er i dåpen til ein gut, blanda eg litt blå konditorfarge i ostekremen. Som ekstra pynt på toppen, dryssa eg bittelitt fleirfarga strøssel.
Desse muffinsane er veldig greie, sidan dei kan frysast med pynten på. Dessutan smakar dei kanongodt!! :)
No gjenstår det berre å bake nokre skillingsbollar (Sjokoladekaka er allereie i frysen, og mamma skal lage kransekake og Kvit dame), så er bakinga ferdig.

Her er kva dåpsbarnet syns om muffinsane:
Ha ein fin søndag!!!

4 kommentarer:

  1. Så fin han er :) Tvillingene jeg er tante til skal også døpes på søndag. Kanskje vi sees hvis det er i samme kirke :) Lykke til med dåp!

    SvarSlett
  2. No vart eg veldig spent på kor tvillingane skal døypast. :o)

    SvarSlett
  3. Det er i den kirken som er nærmest der vi bor, hvis du vet hvor vi bor da :)

    SvarSlett
  4. Då er det nok ikkje i samme kyrkje. Me skal ha dåp i vår lokale kyrkje, her i Bergen vest. :o)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)