mandag 30. mai 2011

Ull er gull, men kva er då garn med melkefiber?

Eg har strikka ein ny body frå boka Strikk til Nøstebarn. Denne gongen uten armar, fordi eg tenkte at denne kunne vere fin å ha på varme sommardagar. Eg har strikka den i deilig, supermjukt garn laga av melkefiber.

 
Dessverre har eg klart å strikke den litt i minste laget. Som du ser på bilder, så får me den på, men den er godt strekt over bollemagen. Dessuten er Jojo akkurat som meg, lang i overkroppen.
Jaja, me skal nok alltids finna ein eigar til denne og... Så får heller mor strikke ein større til bollen min. :o)

Medan eg fyrst er i gang, slenger eg med bilete av ei bukse eg strikka for ei lita stund sidan.
Denne buksa er strikka i Shetland Soft, frå Malsen og Mor
Luftig men varm. Har strikka den ekstra lang i beina, og med langt brot i livet, kan nok denne brukast lenge. Oppskrifta er "sjølvsagt" frå Strikk til Nøstebarn.

I dag har me ein roleg dag. Stakkar Jojo sleit med mareritt i går, og våkna skrikande frå begge lurane på dagen, og våkna i tillegg halv 2 i natt med eit skrik. Stakkar lille gutten.
No ligg han og søv godt i vogna si.

Ynskjer alle ein flott dag!!

2 kommentarer:

  1. Hvor lang tid bruker du på strikkingen?
    Synest du har nye plagg annenhver dag jeg. Hehe..

    SvarSlett
  2. Mykje av det eg har vist fram no i det siste har lagt klart leeenge. :o) Det er fordelane med bloggpause, då har ein plutseleg noko å vise fram når ein begynner å blogge igjen. :o)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)