lørdag 28. mai 2011

Vel overstått dåp

Forrige helg var mamma sin lille skatt døypt.
Mammaen min bar han til dåpen, og svigermor tok av han hua. Stolte bestemødre begge to.
Her er dåpsbarnet i den 102 år gamle dåpskjolen. Denne kjolen vart laga til storesystra til farmor, og Jojo var nr. 58 som er døypt i denne kjolen! Både farmor, pappa og eg er døypt i denne kjolen. :o)

Festen etterpå hadde me i felleslokalet som ligg i underetasjen av blokka me bur i.
Her er bilde av det eine bordet. Enkelt, men fint pynta, om eg skal sei det sjølv...
Papirdukar, lys og glassteinar er kjøpt på Europris. Den grå løparen er kjøpt på ein lokal hobbybutikk.

Til mat hadde me koldtbord. Her vart det dessverre ikkje tatt nokre bilete før etter at folk hadde forsynt seg. God mat var det iallefall. Kaker hadde me også, og det har eg bilete av!
Mamma hadde baka Kvit dame og kransekake, medan eg sjølv hadde baka sjokoladekake, skillingsbollar og muffins.

Jammen meg er det slitsomt å verta døypt!!!
Etter kyrkja fekk Jojo på seg den flotte bunaden som me kjøpte til 17.mai.
Me hadde ein flott dag, sjølv om det regna kattar og hundar ute. Ein ekstra bonus var at presten døypte Jojo på nynorsk!! Det var 6 dåpsbarn, 5 jenter og Jojo som einaste hane i kurven. Lille Skatten oppførte seg eksemplarisk heile dagen, måtte berre protestera litt når mamma ville ta på han KJOLE!!
Eg avsluttar med eit bilete av verdas søtaste dåpsbarn!!

2 kommentarer:

  1. Så fin han er! Ser ut som dere hadde en fin dåpsdag, med god mat, kaker og selskap. Fint pyntet!

    SvarSlett
  2. Me hadde ein veldig fin dag, men eg er veldig glad for at den er over! No kan me berre slappe av og kose oss! :o)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)