torsdag 2. juni 2011

Bunadsbukse

Litt før 17.mai begynte eg å tenke på kva lille Jojo skulle ha på seg på denne store dagen. Pappaen min har jo faktisk bursdag på 17.mai, og sidan me skulle feire dagen ilag med han, var det jo greit om dottersonen hans var fint pynta. Eg vurderte eit halvt minutt om eg skulle strikke ein bunad til han, men eg fann ut at eg var litt for seint ute med den idèen.
Rundt omkring på forskjellige butikkar fann eg fleire supersøte "bunadar", og sidan  me trass alt skulle ha dåp helga etter 17.mai, kjøpte eg ein "bunad" på NameIt. Eg kjøpte både skjorte og bunad, men eg mangla jo strømpebukse! Ei strømpebukse måtte eg no klare å få ferdig i tide!
Som sagt så gjort. Eg er nok ikkje like flink som Fragaria, som har laga mønster til DENNE fantastiske strømpebuksa, så eg gjekk for ein enklare versjon. Eg tok utgangspunkt i eit mønster i boka (surprise, surprise) Strikk til Nøstebarn, men la til nokre enkle fletter.
Tjukkebollen min passa akkurat inni strømpebuksa då den var ferdig, så den vart brukt akkurat dei to dagane som var planlagt.
Eg strikka også nokre små "bunadsko".
Han vart så fin atte!! Tilogmed svigermor som er ei strikkemaskin utan like vart imponert! :o)
Eg vurderer nesten å strikke fleire slike, som eg kanskje kan selge på julemesse, om eg ser at eg får tid til å vere med på messa i år.
Strømpebuksa vart forresten strikka i deilig mjuk Duett mini (som no heiter Duo?) 50%ull 50%bomull.

2 kommentarer:

  1. Kjempesøt strømpebukse! Om du får tid til julemesse i år, så er nok dette en slager.

    SvarSlett
  2. Takk for det! :o) Eg håpar eg får litt meir strikketid etterkvart. Det er jo lov å håpe at Jojo legg seg tidlegare enn kl. 21.00 iløpet av sommaren, og då får eg jo strikketid om kvelden iallefall. :o)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)