Før helga bakte eplekakemuffins igjen.
Dei har vorte ein stor favoritt hos husbond, og då han ville ha med seg nokre på jobb, og me i tillegg skulle få besøk av svigermor på søndag, passa det jo bra.
Om du også vil lage eplekake i porsjonstørrelse, kan du bruke denne oppskrifta.
Du treng:
3 egg
1 1/2 dl sukker
1 dl mjølk (eller vatn)
50gr smelta margarin
1 ts vaniljesukker/ekstrakt eller 1/2 ts sitronsaft
3 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
3-4 epler (Helst raude, gjerne norske epler)
*Pisk egg og sukker til eggedosis.
*Ha i mjølk, vaniljeekstrakt og margarin, og rør rundt.
* Bland kveitemjøl og bakepulver, før du siktar det i røra.
*Fyll muffinsformene 2/3 fulle.
*Ta skalet av eplene, og skjær dei opp i små eplebåtar som du stikk nedi muffinsformene.
*Dryss kanel og sukker over, før du steiker dei på 180gr i ca 30 min.
Desse smakar best når dei er litt lunka, og det går heilt fint å fryse dei, og varme dei i ovnen.
Husbond likar å ete dei med vaniljesaus til.
Enjoy! :o)