Eg må innrømme at eg likar å lage dåpskaker!
Denne kaka fekk eg spørsmål om å lage allereie i sommar. Lenge før barnet var født. :)
Eg fekk ganske frie tøyler, men dei ville ha ein lys rosa/champagnefarge.
Champagnefarge var ikkje så lett å få til, men ein litt sart
rosa/ferskenfarge klarte eg.
Eg lurte lenge på kva for farge eg skulle ha til, men valget falt til slutt på ein lys gråfarge.
Den fyrste planen min var å lage ein bamse som skulle sitte på kaka,
men d eg satt og skulle lage pynten ombestemte eg meg.
Resultatet vart ein kanin med litt store øyrer.
Babyen fekk også nokre små kaninøyre, og eit rosa rysjeskjørt.
Eg testa også ut nokre nye peon.-utstikkere til denne kaka.
Veldig fornøyd med utsikkarane (som eg kjøpte på den kjempefine butikken
Lille Ballong),
men eg trur eg må gjere noko litt annleis neste gong.
Bakdelen på blomen vart rett og slett litt for stor, så stor at dei ikkje fekk skikkeleg plass
på kakebrettet, og den eine måtte eg ta av for å få kaka inni kakeøskja!
Men då veit eg det til neste gong.
Resten av pynten består av spiselig blonde, laga av Flexi Lace, ein liten gyngehest, bokstavklosser til navnet, og to forskjellige typar småblomar.
Det ferdige resultatet vart ei skikkeleg jentete kake. :)
Under marsipanen er ei saftig vaniljekake fylt med Fox-karamellkrem, Lemoncurd
og ein frisk kremostfrosting.
Denne kaka er søt, frisk og syrlig, alt på ein gong.
Eg er spesielt glad i Fox-karamellkremen.
I tillegg passer det jo supert at den er så enkel å lage! :)
Du treng:
3 dl fløyte
10 Fox-karameller (ca 70gr)
Del karamellene opp i små biter.
Ha fløyte og karameller i ein kasserolle, og varm forsiktig opp til karamellane har smelta.
Sett blandinga kjøleg minst 6 timar.
Pisk opp til krem, og VOILA!
Ein fantastisk god krem som kan brukast både inni kaker, og som frosting på cupcakes.
Eg håpar Amalie Johanne og familien får ein fantastisk fin dag!