tirsdag 16. februar 2016

Jubileumssuksess

I dag er det 17 år sidan eg og mannen vart ilag, og det måtte sjølvsagt feirast.
 
Etter tips frå ein av bloggane følger, valgte eg å lage Suksess-cupcakes,
men eg valgte å plukke litt frå forskjellige oppskrifter. ;)
 
 
Mandelbunn:
5 eggekvitar
250gr melis
250gr malte mandler
2ss kveitemjøl
 1 ts bakepulver
 
Pisk eggekvitane stive, og ha i melis. Pisk vidare til luftig marengs.
 
Bland kveitemjøl og bakepulver i mandlane, og rør dei forsiktig inni marengsen.
Fyll i former. Eg bruker ei isskei.
Sidan kakene ikkje hever så mykje, er det lurt å fylle formene nesten heilt opp.
Steik midt i ovnen på 180grader i ca. 20min.
 
 
Suksesskrem:
8 eggeplommer
1,5 dl kremfløyte
150gr. sukker
frøene frå ei vaniljestang eller 2 ts vaniljesukker
250gr. smør
 
Ha eggeplommene i ein kjele med tjukk botn, ilag med fløyte og sukker.
Om du brukar vaniljestang, la frøene koke ilag med eggeplommene.
La kremen koke medan du rører heile tida, til det tjuknar.
Det er viktig å la blandinga koke lenge nok, slik at kremen vert skikkeleg tjukk.
 
Ta kremen av plata, og rør små klatter av mjukt smør inn i kremen.
Når du skal avkjøle kremen er det lurt å legge eit lag med plasfolie oppå kremen.
La kremen avkjøle seg skikkeleg, gjerne natta over.
 
 
Om kremen er god og tjukk, kan du sprøyte roser.
 
MMMMMMMMM!!!!
 
Håpar du får ei superfin veke!
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)