Mønsteret var veldig enkelt, men samtidig vart det jo kjempeskjønt!
onsdag 14. juli 2010
Sukkersøtt
Oppskrifta til denne søte vesten fant eg i Februar-utgåva av Strikkemagasinet.
Garnet eg har brukt er "sjølvsagt" Shetland Soft frå Malsen og Mor
Etiketter:
shetland soft,
strikke,
strikkemagasin,
strikking,
vest
torsdag 8. juli 2010
Klassiker with a twist
Med fare for å gjenta meg sjølv, pinnane går nesten varme her i heimen. Iallefall etter at eg gjekk til storinnkjøp av Shetland Soft hos Malsen og Mor. Det siste som vart fellt av er Den lille klassiker, med ein liten fargetvist. Eg har brukt brun, grå og grønn, og eg syns fargane var nydelege saman.
Det vart hjerteforma treknappar på denne også.
Flott mønster i litt duse fargar.
Gleder meg til Fragaria kjem med mønsteret i fleire størrelser.
I helga ventar eg storinnrykk av systo ilag med mann og tre barn. På lørdag skal me nemlig alle i bursdagsbesøk til mormor. Gamle mormor fyller 84, og har bestemt seg for å feire med pølser og brus! :o)
Håpar alle får ei strålande helg!!!
onsdag 7. juli 2010
Monsterbukse!!
Strikkepinnane går nesten varme for tida (ahh... deilige ferie!!) og det siste ferdige produktet er ei Monsterbukse. Mønsteret hadde eit par mangler, men sidan eg heldigvis har strikka bukser før, gjekk det greit allikevel. Men ein ting kan eg iallefall sei. Eg kan ikkje sy maskesting! No skal dei seiast at dette er mitt fyrste forsøk, men allikevel...
Her er no iallefall buksa:
Eg har ikkje fått kjøpt inn strikk endå, så foreløpig heng den oppe ved hjelp av knyting.
No begynner det endeleg å ta seg opp med blomstring på terassen. Lavendelen har så vidt begynt å bløme.
Den flotte dvergsyrinen min står i full blomst. Heldigvis passer hagegnomen min på.
Det er nemleg ikkje berre eg som har merka at syrinen blomstrar!
(ja, der er ein veps som veit å sette pris på sarte, rosa blomar.)No håpar eg berre at sommaren snart set inn for fullt snart, slik at eg kan nyte blomane på terassen skikkeleg. God sommar!!
Bodylicious!
Garnet eg kjøpe på lagerkvelden hos Malsen og Mor har allerede blitt tatt i bruk, og det fyrste som vart ferdig var denne herlege bodyen. Mønsteret er Benjamins Voksebody.
Garnet kjentes litt "tørt" ut til å begynne med, men etter kvart som eg strikka med det, vart det berre mjukare og mjukare. Satsar på at ein liten badetur i Milo-vatn, så vert det akkurat som silke. :o)
Fin body fortjener jo fine knappar. Eg falt for desse med Spøkelset Laban på.
I skrittet gjekk eg for litt mindre og enklare knappar.
Ein fin liten body, som eg sikkert kjem til å strikke fleir av!
For ei lita stund sidan gjekk Husbond til innkjøp av eit Digitalt speilreflekskamera. Eg har ikkje fått brukt det så mykje, men her hin dagen (ein av dei få dagane det ikkje har regna i sommar) tok eg kamera med meg ut på terassen.
Jaja, det einaste som er positivt med regnet, er at eg slepp å ha dårleg samvittighet for at eg sit inne og strikke... :o)
Etiketter:
body,
Laban,
malsen og mor,
strikke strikking
torsdag 1. juli 2010
Snop uten sukker
Eg er så heldig at eg bur i verdas vakraste by. I tillegg til at det er ein flott by, er ein av fordelane, at eg kan besøke lageret til Malsen og Mor når det er åpent!
I dag gjekk eg formeleg berserk blandt dei 70 (!) fargane av Shetland Soft!!
Sjå på den herlege samlingen av deilig garn! Skikkeleg snop, er det!! :) Eg gler meg allerede til å strikke med det!
Eg kjøpte tre nøster grå Shetland Soft
Tre nøster lilla, som egentlig ikkje er så mørk som det ser ut som på biletet. Dette garnet er eg faktisk i gang med å strikke ein Benjamins Voksebody.
Litt herleg kirsebær-raud farge trengs og innimellom. Dette garnet fekk eg faktisk av Unsepus sidan eg skal prøvestrikke eit mønster for ho. ( Heldige meg!!)
Abonner på:
Innlegg (Atom)