torsdag 8. juli 2010

Klassiker with a twist

Med fare for å gjenta meg sjølv, pinnane går nesten varme her i heimen. Iallefall etter at eg gjekk til storinnkjøp av Shetland Soft hos Malsen og Mor. Det siste som vart fellt av er Den lille klassiker, med ein liten fargetvist. Eg har brukt brun, grå og grønn, og eg syns fargane var nydelege saman. Det vart hjerteforma treknappar på denne også.
I skrittet gjekk eg for runde treknappar.
Flott mønster i litt duse fargar.
Bodyen har fått seg ein vask i deilig milo-vatn, og den er no mjuk og velduftande.
Gleder meg til Fragaria kjem med mønsteret i fleire størrelser.
I helga ventar eg storinnrykk av systo ilag med mann og tre barn. På lørdag skal me nemlig alle i bursdagsbesøk til mormor. Gamle mormor fyller 84, og har bestemt seg for å feire med pølser og brus! :o)
Håpar alle får ei strålande helg!!!

2 kommentarer:

  1. Nydelig body! Fargene er kjempefine sammen, jeg liker det duse uttrykket bodyen får, samtidig som grønnfargen er ganske sprek. Det ble veldig riktig med treknapper til. Sydde du med symaskin før du klippet?

    SvarSlett
  2. Takketakk!! :o)

    Jepp! Sydde med symaskin. Det står veldig greit forklart i oppskrifta korleis ein skal gjere det. Det vansklegaste var faktisk å hekle ein kant som ikkje vart bulkete. Det klarte eg ikkje heilt, men etter ein vask såg det ikkje så gale ut. :o)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)