onsdag 7. juli 2010

Monsterbukse!!

Strikkepinnane går nesten varme for tida (ahh... deilige ferie!!) og det siste ferdige produktet er ei Monsterbukse. Mønsteret hadde eit par mangler, men sidan eg heldigvis har strikka bukser før, gjekk det greit allikevel. Men ein ting kan eg iallefall sei. Eg kan ikkje sy maskesting! No skal dei seiast at dette er mitt fyrste forsøk, men allikevel... Her er no iallefall buksa: Eg har ikkje fått kjøpt inn strikk endå, så foreløpig heng den oppe ved hjelp av knyting.
No begynner det endeleg å ta seg opp med blomstring på terassen. Lavendelen har så vidt begynt å bløme.
Den flotte dvergsyrinen min står i full blomst. Heldigvis passer hagegnomen min på.
Det er nemleg ikkje berre eg som har merka at syrinen blomstrar!
(ja, der er ein veps som veit å sette pris på sarte, rosa blomar.)
No håpar eg berre at sommaren snart set inn for fullt snart, slik at eg kan nyte blomane på terassen skikkeleg. God sommar!!

2 kommentarer:

  1. MOOONSTERBUKSE!!!! :) den ble kjempefin!
    morro å se at syrinen din trives godt også:)
    godlukt på verandan:)

    SvarSlett
  2. Det ser ut som ar syrinen liker seg, ja. Kjekt!! :o) Er litt spent på kva eg skal gjere med den til vinteren, men eg satser på at det går bra.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)