Eg var visst litt for ivrig då eg strikka beina. Eg fann ut at lange bein ligg litt til familien (på mi side) og då er det greit med lange bein på buksa og. Men her tok eg visst litt hardt i... :o) Buksa er strikka i Shetland Soft frå Malsen og Mor.
Forrige helg var eg heime hos mams og paps, og innimellom husbeisinga fekk eg tid til å begynne på ei hue. Denne hua vart eg tipsa om av Unsepus. Mi hue ser litt annleis ut enn Unsepus si, men eg syns den vart fin allikevel! Eg strikka ein enkstra omgang med fletting, fordi eg syns den var litt kort. Hua er strikka i Safir frå Spar Kjøp Tidlegare i sommar var eg ein tur på Ikea, og jammen hadde dei ikkje salg på eit pledd som eg fann ut kom til å passe perfekt i sofaen.
Men no bør eg vel sei at teppet faktisk er eit sengeteppe... :o)
Eg skal iallefall ikkje fryse i vinter!!!
Har du gjort forberedelser til hausten?