fredag 22. juli 2011
mandag 18. juli 2011
Leik med PhotoScape
Her hin dagen fekk eg tips om eit flott gratisprogram ein kan laste ned på nettet:
I går satt eg å leika meg litt med programmet, og her er resultatet
søndag 17. juli 2011
Jojo har fått stol!!
Jojo har fått smake noko anna enn mormelk for fyrste gong.
Banan!
Han er ikkje heilt sikker på kva han meiner om dette,
men etter å ha smaka litt på det, så var det visst ikkje så gale allikevel.
Jojo er ikkje lenger fornøyd med å berre ligge,
og sjølv om vippestolen er grei avogtil, er det ikkje noko kjekt å ligge der når me skal ete middag.
Sidan han etterkvart vil få meir og meir fast føde, har me gått til innkjøp av ein eigen stol til han!
Denne stolen kan ein vippe bakover slik at han nesten ligg, eller han kan sitte rett opp og ned,
slik han gjer på bilete.
Foreløpig ligg han mest i stolen, omtrent slik han gjer i bilsetet. Me kan også senke setet ned, slik at han sit nesten nede på golvet.
Ein veldig praktisk stol, med andre ord. :o)
I dag fekk han sitje ilag med oss og ete frukost.
Han fekk eit par teskjeier med banan, medan me åt rundstykker.
Eg må også legge med eit bilete av den supergode biteringen eg kjøpte til han.
Jojo har begynt å klø i gommane, og då er det greit med noko kaldt for å lindre.
Denne biteringen er god og mjuk, samtidig som den er kjølande og god etter å ha lagt i kjøleskapet.
Jojo koste seg lenge med den i går.
God søndag frå oss!!
Bananmuffins
Eg innrømmer det gjerne, eg har hoppa på cupcake-trenden!
Då eg laga søte blå muffins til dåpen vart eg skikkeleg bitt av basillen, sjølv om eg ikkje har fått baka så mykje endå, er eg stadig rundt på bloggar for å kike etter inspirasjon og oppskrifter.
For ei lita stund sidan, kjøpte eg denne boka
Her fann eg oppskrift på bananmuffins.
Det ville eg prøve ut, og i dag var ein passande dag.
I oppskrifta står det at ein skal ha aprikos i, men eg er ikkje så veldig glad i frukt i bakverk,
så eg droppa det. :o)
Slik såg muffinsen ut, då dei var ferdige.
Eg syns dei såg bittelitt kjedlege ut, og dei trong noko lite ekstra.
Dermed laga eg ein enkel melisglasur, men eg brukte litt saft frå ei appelsin, og litt appelsinkjøt i glasuren, for å gje litt ekstra smak.
Dette gjorde susen, og resultatet vart veldig vellykka.
Om du også vil prøve deg på bananmuffins, gjer du slik:
Ingredienser:
300gr kveitemjøl
1ss bakepulver
1/8 ts salt
120gr sukker
(50gr tørka aprikoser finhakka, dette kan du sløyfe)
2 bananer
ca 1 1/2 dl mjølk
2 middels store egg
6 ss solsikkeolje eller smør smelta og avkjølt
Gjer slik:
* Forvarm ovnen til 200*C.
*Sikt kveitemjøl, bakepulver og salt i ein stor bakebolle. Rør inn sukker og aprikoser
*Mos bananene, og ha i mosen i eit målebeger. Hell på mjølk så det vert 2 1/2 dl.
*Visp eggene lett saman i ein stor boll. Visp inn banan-og mjølkeblandingen og olje/smør. Lag ein fordjupning midt i dei tørre ingrediensane, og hell den samanvispa væska oppi. Rør forsiktig saman til ei glatt røre. Ikkje rør for mykje.
* Fordel røra i muffinsformer. Steik muffinsen i steikeovnen i ca 20 min til dei er heva, gyllenbrune og faste å ta på.
Glasur
Melis
Litt appelsinsaft
Litt appelsingkjøt
Bland saman til passe konsistens og smør på muffinsen.
ENJOY!
torsdag 14. juli 2011
Mariuslue
Den flotte Marius-dressen trengte sjølvsagt matchande lue.
Av ein eller annan grunn snudde dette bilete seg då eg lasta det opp...
Her er kjekkasen sjølv i den nye lua
(ja, han har pyjamas på seg på bilete... me tar det litt roleg om morgonen)
I går fekk også kjekkasen smake noko anna enn morsmelk for fyrste gong. Knefta banan, blanda med morsmelk for å få det litt meir flytande.
Han smatta det villig i seg, og eg trur han syns det var godt. :o)
Dessverre har det ført til nokre skikkeleg illeluktande fjertar i går kveld og i dag... Jaja.
Ellers så vart eg stukken av det som må ha vore eit monsterinsekt i går!
Trur tilogmed at den klarte å stikke meg 2 gonger, midt på blodåra som går over kulen i ankelen!
Dette bilete er tatt ca 5 min etter at eg vart stukken. Det klødde som besett 2 sekundar etter stikket, og hadde det ikkje vore for store mengder aloe vera, hadde eg gått på veggene!
Men eg klager ikkje. Det er sol, blå himmel, og eg vart antydning til raud i går då eg satt ute på terassen.
Ha ein strålande dag!!!
mandag 11. juli 2011
Yo! Vi er kul når vi er lik!
Årets sommar har foreløpig skuffa stort,
og eg føler dessverre at det er passande å strikke sokkar i dette været.
Då eg var ferdig med mine sokkar, var det jammen meg nok garn
til å strikke sokkar til Jojo også. :o)
Her om dagen måtte eg også prøve Marius-dressen på Jojo.
Heldigvis er den stor og god, så den passer nok supert når vinteren kjem.
Heldigvis er det litt for varmt til å gå med tjukk strikkedress!
No kryssar me berre fingrar og tær for at været snart vert litt meir sommarleg. :o)
torsdag 7. juli 2011
Bloglovin
Vil berre sei ifrå om at no har eg og komt meg på Bloglovin.
Du kan finne meg her: Follow'>http://www.bloglovin.com/blog/2697876/husmornom?claim=9ggp8r6d6rd">Follow my blog with Bloglovin
Du kan finne meg her: Follow'>http://www.bloglovin.com/blog/2697876/husmornom?claim=9ggp8r6d6rd">Follow my blog with Bloglovin
onsdag 6. juli 2011
Avogtil
er det ikkje nok med berre ein tommel i munnen om gongen...
Jojo veks og lærer noko nytt nesten kvar dag.
Han er kjempeglad i å lese (lignar nok litt på mammaen... ) :o)
På denne sidan av Norge venter me framleis på sommaren, men det er jo lov å håpe at den dukkar opp til slutt. For å vere forberedt, gjekk eg til innkjøp av eit UV-telt til Jojo.
Eg såg for meg eit lite telt som me kan ha med på stranda,
eller sette opp i hagen hos mams og paps ( om me kjem oss ein tur dit iløpet av sommaren)
Inni den vesle boksen låg derimot eit stort (tremanns-)telt!
Heldigvis er det lite når det er sammenpakka, men det vert då allikevel litt voldsomt å sette opp dette på stranda... Jaja, det er iallefall ingen fare for at Jojo skal få så mykje sol på deg!
I dag har eg og Jojo hatt ein skikkeleg kosedag. Me har kosa, rulla litt rundt på golvet. Han har sunge både for mammaen sin, og for tigeren og elefanten på babygymmen. Me har bada i badekaret, og då han var ferdig, var det meir vatn på golvet enn i baljen. :o)
Jojo har også begynt å "susse" meg på nakken medan han har armane rundt halsen min når eg ber han. Han er så deilig!
Ynskjer alle ein super dag og håper at sommaren snart kjem til heile landet...
søndag 3. juli 2011
Marius-dress
Sjølv om det er "sommar" no, veit me vel alle at vinteren kjem på nytt om ikkje så mange månadane.
Heldigvis er Jojo no klar for dei kalde månadane!
Eg er superfornøyd med denne dressen!
Eg er egentlig ikkje så flink til å strikke mønster med fleire fargar, og det å klippe i strikkeklær
er kjempeskummelt, men jammen gjekk det ikkje bra. :o)
Eg har valgt søte bamseknappar til dressen.
Eg har strikka den i str. 1,5 år, men eg har strikka alle delane bittelitt lengre enn det som sto i oppskrifta.
Jojo er ikkje akkurat liten for alderen (7730gr og 64,5 cm på 3 månadarskontrollen),
så eg ville vera på sikre sida at den ikkje ville vera for liten...
No skal eg berre strikke ferdig nokre sokkar til meg, og kanskje nokre til Jojo, og så skal eg strikke hua som passer til.
Fortsett sommaren slik den har vore til no, så får eg nok av strikketid... :o/
Abonner på:
Innlegg (Atom)