søndag 17. juli 2011

Bananmuffins

Eg innrømmer det gjerne, eg har hoppa på cupcake-trenden!
Då eg laga søte blå muffins til dåpen vart eg skikkeleg bitt av basillen, sjølv om eg ikkje har fått baka så mykje endå, er eg stadig rundt på bloggar for å kike etter inspirasjon og oppskrifter.
For ei lita stund sidan, kjøpte eg denne boka
Her fann eg oppskrift på bananmuffins.
 Det ville eg prøve ut, og i dag var ein passande dag.
I oppskrifta står det at ein skal ha aprikos i, men eg er ikkje så veldig glad i frukt i bakverk,
så eg droppa det. :o)
Slik såg muffinsen ut, då dei var ferdige.
Eg syns dei såg bittelitt kjedlege ut, og dei trong noko lite ekstra.
Dermed laga eg ein enkel melisglasur, men eg brukte litt saft frå ei appelsin, og litt appelsinkjøt i glasuren, for å gje litt ekstra smak.
Dette gjorde susen, og resultatet vart veldig vellykka.

Om du også vil prøve deg på bananmuffins, gjer du slik:

Ingredienser:
300gr kveitemjøl
1ss bakepulver
1/8 ts salt
120gr sukker
(50gr tørka aprikoser finhakka, dette kan du sløyfe)
2 bananer
ca 1 1/2 dl mjølk
2 middels store egg
6 ss solsikkeolje eller smør smelta og avkjølt

Gjer slik:
* Forvarm ovnen til 200*C.

*Sikt kveitemjøl, bakepulver og salt i ein stor bakebolle. Rør inn sukker og aprikoser

*Mos bananene, og ha i mosen i eit målebeger. Hell på mjølk så det vert 2 1/2 dl.

*Visp eggene lett saman i ein stor boll. Visp inn banan-og mjølkeblandingen og olje/smør. Lag ein fordjupning midt i dei tørre ingrediensane, og hell den samanvispa væska oppi. Rør forsiktig saman til ei glatt røre. Ikkje rør for mykje.

* Fordel røra i muffinsformer. Steik muffinsen i steikeovnen i ca 20 min til dei er heva, gyllenbrune og faste å ta på.

Glasur
Melis
Litt appelsinsaft
Litt appelsingkjøt

Bland saman til passe konsistens og smør på muffinsen.

ENJOY!







1 kommentar:

  1. Bananmuffins så godt ut. Og så er det jo en lur måte å bruke opp bananer som begynner å bli litt overmodne. :)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)