søndag 3. juli 2011

Marius-dress

Sjølv om det er "sommar" no, veit me vel alle at vinteren kjem på nytt om ikkje så mange månadane.
Heldigvis er Jojo no klar for dei kalde månadane!

Eg er superfornøyd med denne dressen!
Eg er egentlig ikkje så flink til å strikke mønster med fleire fargar, og det å klippe i strikkeklær
er kjempeskummelt, men jammen gjekk det ikkje bra. :o)

Eg har valgt søte bamseknappar til dressen.

Eg har strikka den i str. 1,5 år, men eg har strikka alle delane bittelitt lengre enn det som sto i oppskrifta.
Jojo er ikkje akkurat liten for alderen (7730gr og 64,5 cm på 3 månadarskontrollen),
så eg ville vera på sikre sida at den ikkje ville vera for liten...

No skal eg berre strikke ferdig nokre sokkar til meg, og kanskje nokre til Jojo, og så skal eg strikke hua som passer til.
Fortsett sommaren slik den har vore til no, så får eg nok av strikketid... :o/


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)