torsdag 14. juli 2011

Mariuslue

Den flotte Marius-dressen trengte sjølvsagt matchande lue.
Av ein eller annan grunn snudde dette bilete seg då eg lasta det opp...

Her er kjekkasen sjølv i den nye lua
(ja, han har pyjamas på seg på bilete... me tar det litt roleg om morgonen)

I går fekk også kjekkasen smake noko anna enn morsmelk for fyrste gong. Knefta banan, blanda med morsmelk for å få det litt meir flytande.
Han smatta det villig i seg, og eg trur han syns det var godt. :o)
Dessverre har det ført til nokre skikkeleg illeluktande fjertar i går kveld og i dag... Jaja.

Ellers så vart eg stukken av det som må ha vore eit monsterinsekt i går!
Trur tilogmed at den klarte å stikke meg 2 gonger, midt på blodåra som går over kulen i ankelen!
Dette bilete er tatt ca 5 min etter at eg vart stukken. Det klødde som besett 2 sekundar etter stikket, og hadde det ikkje vore for store mengder aloe vera, hadde eg gått på veggene!

Men eg klager ikkje. Det er sol, blå himmel, og eg vart antydning til raud i går då eg satt ute på terassen.
Ha ein strålande dag!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)