mandag 17. oktober 2011

Nøstebarndress

"Endeleg" vart eg ferdig med Nøstebarndressen.
Egentleg har eg ikkje brukt så lang tid på den, 1-2 veker der eg ikkje har fått strikka så mykje,
men det føles liksom som at den har tatt så lang tid...
Trykk på bilete for å få det større.
 
Dressen er strikka i det nye garnet Jade frå SparKjøp.
Det består av 70 % ull, og 30% alpakka.
Eg strikka den i str. 2 år, og eg ser at det var bra, for den er ikkje så mykje for stor til
min snart 7 mnd gamle gutt.
(no skal det nevnast at han var 10.170gr og 72cm lang på 6 mnd. kontroll..)
Eg har strikka dressen for å ha den som barnehagedress (om han får plass etter jul).
Eg har jo Marius-dressen, men den er rett og slett for fin til å bruke i barnehagen... :o)

Fargen er fin, pertolblå, som på det midterste bilete, og eg har brukt treknappar med sau på.
Eg har også "pynta" den litt med eit lite monster (som tydeleg viser at eg MÅ øve meg på maskesting!!)

Denne dressen skal nok også få ei matchande lue, men fyrst må eg strikke ei monsterbukse på bestilling.

Slenger med eit "strikk-i-bruk"- bilete av bodyen eg strikka i fjor sommar, då Jojo berre var eit lite frø i magen.

Den er heilt passeleg no, og er grei med tanke på at Jojo har begynt å åle seg framover, og sjeldan ligg i ro på leikematta lenger. Mønsteret er Den lille klassiker .

I dag har eg og Jojo ein skikkeleg innedag. Stakkar liten har vorte snylta forkjølt, og når eg ser ut på det ufyselege regn/haglvære ute, så er det eigentleg heilt greitt.
Ha ein strålande dag!!


2 kommentarer:

  1. Fine Jojo, han ser så glad ut på alle bildene!

    Jeg suger til meg alle tips om hva som er lurt å strikke til minien - og ikke minst hvilke størrelser jeg bør gå for. Har jo allerede skjønt at det er lurt å strikke litt stort (men her er det vel å regne med at minien ligger i nedre størrelsessjikt en god stund fremover).

    Tror jeg må strikke en Mariusbody, ja. Men hvis din passer Jojo nå, kommer vel min til å passe Småen til neste sommer. Det er jo ikke helt optimalt... Hm.

    SvarSlett
  2. Jojo er stort sett blid og fornøyd, men det er ikkje så lett å ta bilder av ein liten gutt som aldri sit i ro! :o)

    Det er alltid greitt å strikke litt større enn kva han er, slik at han veks inn i plagget. Eg har dessverre strikka nokre plagg som nesten var for små. Det var ikkje noko kjekt.

    Om du vil strikke ein Mariusbody, kan du jo strikke den litt kortare, og på ein pinne mindre. Det regulerer nok størrelsen ein del. Bodyen sit jo også godt intil, sidan den er strikka 1r 1vr, til du kjem opp til mønsteret.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)