Ei hjerteforma dåpskake med krune, småsko og putemønster.
Under sukkerpastaen er ei vaniljekake fylt med
bringebærmousse og ein frisk krem med kremost.
Ingenting gjekk heilt som det skulle med denne kaka, men heldigvis såg den ikkje så galen ut når den var ferdig allikevel.
Då eg skulle lage denne kaka, laga eg fyrst ein bunn frå ei oppskrift eg har brukt tidlegare, men eg vart ikkje fornøyd med resultatet.
Derfor laga eg ein ny bunn, og kunne derfor glede familien min med ei kake til helga.
Det er alltid greit å ha litt ekstra kakepynt liggande når ein plutseleg skulle hatt litt pynt. ;)