søndag 10. januar 2016

Bryllupskake i kvit og gull

Etter 8 år som kjærestar, vart dei "endeleg" gift.
I helga var me i bryllup til gode vener, og eg var så heldig at eg fekk lage bryllupskaka.
Bryllupet skulle vere i Hardanger, så det betydde litt logistikk-utfordringar,
men jammen gjekk det bra. :)
Det er nemleg ikkje berre-berre å frakte skjøre roser laga i sukkerpasta.
 
 
Eg hadde heldigvis ei passe stor papp-øskje, som eg la eit godt lag med servietter i bunnen.
Så bretta eg ein serviett rundt kvar rose,
og satte dei forsiktig nedi øskja, før eg la fleire servietter på toppen.
 
 
Sjølv om eg hadde fylt kaka allereie før avreise, var det litt som måtte vere med,
slik at eg kunne trekke, stable og pynte kakene når eg kom fram.

 
"Bestillinga" frå brura, var ei enkel kake med gullperler rundt kanten på kvar etasje,
og kvite peoner eller roser på toppen.
 


 
Slik vart det ferdige resultatet.
Under sukkerpastaen er det ei saftig Red Velvet kake, fylt,
 og smurt opp med kremostfrosting med kvit sjokolade. 
 
Dessverre vert peonane mine alltid sjåande ut som roser, så då vart det roser. :)
Med litt gull-dust langs kantene.
 
Her er kaka på kakebordet. :)
Og endeleg fekk eg sjå når ei bryllupskake EG har laga vart spretta! :)
Det var så kjekt, og brudeparet var så fine, og heile dagen var så perfekt!
 
Eg er så takknemlig og glad for eg at fekk lov til å bidra til den store dagen!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)