onsdag 6. juli 2011

Avogtil

er det ikkje nok med berre ein tommel i munnen om gongen...


Jojo veks og lærer noko nytt nesten kvar dag.
Han er kjempeglad i å lese (lignar nok litt på mammaen... ) :o)

På denne sidan av Norge venter me framleis på sommaren, men det er jo lov å håpe at den dukkar opp til slutt. For å vere forberedt, gjekk eg til innkjøp av eit UV-telt til Jojo.
Eg såg for meg eit lite telt som me kan ha med på stranda,
eller sette opp i hagen hos mams og paps ( om me kjem oss ein tur dit iløpet av sommaren)

Inni den vesle boksen låg derimot eit  stort (tremanns-)telt!
Heldigvis er det lite når det er sammenpakka, men det vert då allikevel litt voldsomt å sette opp dette på stranda... Jaja, det er iallefall ingen fare for at Jojo skal få så mykje sol på deg!

I dag har eg og Jojo hatt ein skikkeleg kosedag. Me har kosa, rulla litt rundt på golvet. Han har sunge både for mammaen sin, og for tigeren og elefanten på babygymmen. Me har bada i badekaret, og då han var ferdig, var det meir vatn på golvet enn i baljen. :o)
Jojo har også begynt å "susse" meg på nakken medan han har armane rundt halsen min når eg ber han. Han er så deilig!

Ynskjer alle ein super dag og håper at sommaren snart kjem til heile landet...


2 kommentarer:

  1. Hehehe, ja det var eit "lite" telt:)-Men utruleg praktisk med slike når det berre kjem litt sol;)

    SvarSlett
  2. Når eg i tillegg fekk det for minus 30% dvs 159kr, så fekk eg iallefall mykje telt for pengane! :o)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)