tirsdag 4. oktober 2011

Forandring fryder!

Då me kjøpte leiligheta vår, for 3 år sidan, var me begge klar på at me burde pusse opp både badet og toalettet.
Men, som kanskje andre også har erfaring med, så tar ting tid.
Då me flytta inn malte eg 2 soverom. Etterkvart har også gangen fått eit strøk med maling.
No var det toalettet som sto for tur!

Som de ser, så var jo toalettet fantastisk flott... Beige, og burgunderraude veggar, med ei nyyyydeleg bord på midten...
Me hengte opp nokre bileter for å hjelpe litt, men det såg jo framleis... mindre bra ut.
Teppe på golvet er nødvendig, då det ikkje er varmekablar under flisene,
og alle dei som har prøvd å gå barbeint på fliser
når ein lister seg ut på do midt på natta, forstår at teppe er gull verdt!
Brrrrr!



Eg har måla rommet med akrylmåling i fargen Skyggeblå.
Spegelen, som før var gullfarga, har fått 2 lag med svart spraymåling.
Det same har dorullholdaren, og handkle-kroken.
Eg har også hengt opp ei hylle (den burde vel strengt tatt hengt 2 cm høgare, men slik går det når ein er utålmodig, og vil gjere alt sjølv!)

Eg må sei at eg faktisk er svært nøgd med resultatet.
 I går var eg litt redd for at det vart for mørkt, men når eg tok vekk papiret på golvet, og fekk hengt opp bileta og spegelen igjen, vart det veldig fint. Om eg skal sei det sjølv... :o)
Listene skal etterkvart få seg eit lag med kvitmåling, men det får bli når hovudet, halsen og øyrene sluttar å verke.
(Å male med feber er ikkje å anbefale!)

No må eg berre svinse over golvene med ein støvsugar, så er me klare for besøk av mamma i morgon!


4 kommentarer:

  1. WOW! Så fint det ble Norma! :D LIKER LIKER LIKER!!!

    SvarSlett
  2. Takk for det! :o) Eg er ganske så fornøyd sjølv! :o)

    SvarSlett
  3. Doen ble jo kjempefin! Speilet var skikkelig stilig. Jeg har også fått noe influensa-lignende, men har ikke tenkt å gjøre noe annet enn å ligge på sofaen. Jeg klarer ikke en gang å strikke!! Krise!!

    SvarSlett
  4. Takk for kjekke tilbakemelding! :o)
    Du kan no tenke deg korleis armar og hender var, med gansperr etter maling i tillegg til febervondt. Det var nokre kveldar det ikkje vart så mykje strikking på meg. :o/

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)