mandag 26. september 2011

Skummelt gode scones

På onsdag får eg besøk av nokre snupper og snapper, så då tenkte eg å servere litt lunch.
Fyrst lurte eg på å kjøpe frosne rundstykkker, men det er jo vel så lettvint, og mykje betre med heimelaga scones!

Eg brukar oppskrifta frå heimkunnskapen på skulen.

5dl kveitemjøl
1 ss margarin
1ss sukker
3 strøkne ts bakepulver
1/4 ts hornsalt
1/4ts salt
2 dl kulturmjølk

Smuldre kveitemjøl og margarin, før du har i resten av dei tørre ingrediensane.
Ha i kulturmjølk og elt til du får ein jevn deig.
Scones treng ingen heving.

Eg formar dei som små bollar, før eg penslar dei  med lunka vatn.
Steik på 220*c i ca 15 min.

Scones smakar nyyydeleg med syltetøy eller ost på.

Eg må også nytte høve til å vise fram det flotte kunstverket som kom i hus i går.
Lille Jojo på 6 mnd og 1 veke, teikna denne flotte teikninga i går! :o)
Den har allereie fått heidersplassen på kjøleskapet! <3

Kunstnaren ligg på matta si no, og prøver iherdig å dra beina under seg. Det er ikkje så lett når rumpa er så tung. :o) I morgon skal me på 6 mnd kontroll,
og eg er spent på å sjå om vekta har bikka 10 kilo.
Han var 9310 for ein månad sidan...

Ynskjer alle ei strålande veke (sjølv om været kan vere noko deprimerande...)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)