fredag 24. juli 2015

Endring av bloggen

Hei og hopp!
Etter at "HusmorNom" -bloggen har lagt brokk i fleire år, fant eg ut at det var på tide å gjere noko. Bloggen har fått ein liten "makeover", og har no blitt til KakeNoms.

Eg er så heldig at familie og vener lar meg få bake kaker til dei, i tillegg at eg baker alt ifrå knekkebrød til makroner til heimebruk. No har eg hatt Facebook-sida KakeNoms i litt over eit år, der eg legg ut bilete av kaker og anna bakst eg lager på kjøkkenet mitt. Her på bloggen er det plass til å skrive litt meir utfyllande.

Mykje har skjedd sidan forrige blogginnlegg, 11.desember 2011.
Jojo har blitt ein stor rabbagast på 4 år, som vart storebror for 2 år sidan. Snuppeline er ei bestemt frøken på 2. Heldigvis nøler dei ikkje med å melde seg frivillig til å smake på det eg baker. :)
Då Snuppeline var knapt 2 månadar, flytta me frå terasseleilighet i Bergen, til hus med hage i ein nabokommune.
Det var på kjøkkenet her at den store bakegleda slo meg for fullt.
Eg har jo alltid likt å bake, men etter at eg var på det fyrste kakekurset hos Kate Kippersund "The Flying Cake" hausten 2013, har det tatt heilt av. Sidan den gongen har eg vore på kurs i å stable kaker, veske-kake-kurs, modelleringskurs, og kurs i spiselige blonder.

Kaker er KJEKT!!!

Her kjem eit lite bilderas av barnekaker eg har laga dei siste åra. :)

Lynet McQueen-kake eg laga til Jojo sin 2 årsdag.
 Sjørøver-kake til nabogutten sin 5-årsdag for 2 år sidan.
 Bursdagskake eg laga vinteren 2014
 Fyrste gongen eg prøvde å modellere menneske (eller havfrue) :) Mai 2014
1-etasjers til barneselskap, og 2-etasjers til familieselskap.


 Jordbær-kake med gummislanger i midten. :)
 Traktor-kake. Fyrste gongen eg brukte Rice Krispies-treat (til å lage traktoren)
Med matchande cupcakes. :)
 
 
Minnie-kake til feiring av Suppeline sin  1årsdag.

 
Løveungen og Frøken Kanin laga i februar 2015

Pippi-kake laga i februar 2015
 
Dinosaur-kake laga til Jojo sin 4 årsdag.
 
Kake med bondegårdstema til familieselskap for å feire dei to luringane mine.

Kake til ei jente som held på med kunstløp. Måtte få med ein sommarfugl også, sidan bursdagen var i slutten av mai. :)
 
Mi fyrste dukke-kake, og mi fyrste Frost-kake.
 
Teenage Mutant Ninja Turtles-kake

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)