Ungane har hatt litt vekslande appetitt i det siste,
så i dag fant eg ut at me måtte ha noko litt ekstra til lunch.
Eg hadde grillpølser, riven ost og fersk gjær i kjøleskapet, og kveitmjøl i kjøkkenskuffen.
Ein god gjærdeig på slump, laga med kveitemjøl, litt grovt mjøl, vatn og olje vart satt, og etter ein liten time kjevla eg ut remser som eg delte i trekantar.
Eg rørte ut ketchup med litt vatn og krydder, og hadde dette på
ei flaske, for å gjere det enklare å ha på deigen.
Så la eg på pølse i småbitar og riven ost.
Deilig lunch, og godt å ha i frysen til turmat, kosemat og nistemat. :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)