søndag 13. september 2015

Gjærbakst til svigermor

I dag har me hatt svigermor på middag, og sidan ho har bursdag på torsdag, fant eg ut at eg måtte bake litt til ho.
Eg brukte oppskrifta på Verdens beste bollar frå Det søte liv.
 
Det er alltid kjekt å ha god hjelp på kjøkkenet. ;)

Litt av deigen vart til deilige bollar. Denne gongen rullar eg ut ei pølse, som eg snurra rundt.
Eg synes effekten var veldig fin. :)
 
Resten av deigen vart delt opp i fire delar som eg kjevla ut til 4 rundingar.
Fyrst smurte eg Nugatti på ein runding, la oppå den neste. Så strødde eg utover bitar av mørk Callebaut sjokolade og Callebaut mjølkesjokolade.
På den neste leiva smurte eg på meir Nugatti før eg la på "lokket".
 
  Så snitta eg opp deigen og snurra dei rundt.
Kakebua.net viser korleis du skal gjere det: Hveteblomst
 
Resultatet var ein nydelig, mektig og kjempegod kveiteblom! :)
Håpar du har hatt ei kjempefin helg, og at du får ei super veke!
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)