lørdag 19. september 2015

Norske epler i butikken!

Endeleg er dei norske eplene i butikken, og då MÅ ein jo berre bake eplekake!
Men istadenfor å lage ei stor eplekake, laga eg eplekakemuffins. :)
Eg hadde kjøpt Discovery epler, som var ganske syrlege, så eg fann ut at eg måtte "pimpe opp" eplekakerøra.
5 egg
2 dl sukker vert piska til eggedosis.
Så langt er det greit.
75 gr margarin vart bytta ut med smør.
1 1/ dl melk vart bytta ut med fløyte.
Så hadde eg i ei spiseskei ferskpressa sitronsaft og frøene frå ei vaniljestang.
Til slutt rørte eg forsiktig inn 5 dl kveitemjøl og 1 1/2 ts bakepulver.
 
Eplebitane fekk eit godt lag med sukker og kanel på seg,
før dei vart stukke nedi røra i muffinsformene.
I tillegg fekk eg prøvd ut å lage mini-eplekaker i hjerteformer.
Eg kjøpte nokre Cake Boss-former på posesalg tidlegare i sommar, men sidan dei var så grunne var eg litt usikker på kva eg skulle bruke dei til.
No fann eg ut at det var på tide å teste dei ut.
 
Eg smurte forma godt, og la eplebitar  i bunnen.
 

Så la eg eplekakerøre oppå, før eg strødde på litt meir kanel og sukker.
 
Då eg gjekk tom for eplebitar, prøvde eg også to muffins med mandarin i...

Mini-eplekakene var nydelege! Dette kjem eg til å gjere igjen!
Problemet er å bestemme seg for kva side ein skal legge opp når ein skal servere dei. :)

Eplemuffinsane vart tatt godt imot av både mann og barn,
 medan mandarinmuffinsane var ikkje noko suksess...
Varmebehandla mandarin smakte rett og slett ikkje spesielt godt. ;)

Håpar du får ei strålande helg!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)