søndag 13. september 2015

Bilkake

Eg er så heldig at eg får jobbe med flotte Lene som gifter seg på laurdag.
Ho hadde lyst til å overraske den bilgale mannen sin med ei bilkake, og det skulle ikkje kva bil som helst, men ein Chevy Nova 66 mod.
 
Eg har laga bilkake ein gong før, og det var Lynet McQueen....
No skulle eg lage ei kake som såg slik ut...
 Mi kake ser ikkje heilt slik ut... :)
Den vart litt for brei, og litt for kort.
 Men med litt fantasi, så kan ein kanskje sjå kva bil det skal likne på?
 På bilskilte framme, har eg skrive på datoen for bryllupet.
 

Bilen sett ifrå sida.
På bilskiltet bak, har eg skrive navna på brudeparet.
Meldinga ifrå brura, var at brudgommen var strålande fornøyd med kaka.
Det er alltid kjekt å høyre. :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)