mandag 24. mai 2010

Eg veit ein deilig hage i ei lita heimbygd

I pinsen har eg vore heime hos mams og paps i Playa del Heimbygd!
Fredagen var det nyydeleg vær, og eg sprang rundt og knipsa bilete med den flotte, fancy telefonen min. :)
Bakkane heime var fulle av løvetann og engkarse. Dei flotte blomane sto omtrent og tagg om å verta til ein fin liten blomekrans.
Etter å ha prøvd den på meg sjølv, fann eg ut at denne vetle karen såg mykje betre ut med krans på hovudet.
Eg sprang rundt og nynna på "Bind deg ein blomekrans" heile helga.
Denne vetle engelen sat så fint og såg opp mot ljoset.
Bak huset, står plomme-, og morelletrea i full bløming.
Frå hagen, har ein denne utsikta... Var det nokon som sa Noregsreklame? You have seen nothing yet!
Her er bygda frå den andre sida. Dei søte små "tissebææane" som eg kalla dei då eg var lita, låg så søte og rolege, sjølv om eg knipsa bilete. Fjord, fjell, grøne bakkar og søte små tissebææar. Kan det verta vakrare?
Oppdatering på strikkefronten kjem nok ein av dagane. Eg har ein kjole ferdig, som berre manglar nokre knappar.
I morgon og på onsdag skal eg på kurs, Zippys venner. Det kan verta interessant. Eg gler meg iallefall, og håpar at dette vert ei kjekk veke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)