mandag 10. mai 2010

Kom Mai du skjønne, mil... What?

Eg er nok ikkje den einaste som bloggar om dette i dag, men eg kan ikkje dy meg. I dag tidleg (10.mai) våkna eg som vanleg 06.04, gnei søvna ut av augo og tusla i retning badet. I det eg skal til å gå inn døra slenger eg som vanleg eit blikk ut av stovevindauga. De kan nok alle gjette kva syn som møtte meg... Snø... SNØ!! SNØØØØ!!! Kva skjedde med våren, sommaren, global oppvarming?

Jammen er eg glad for at eg framleis kjører med vinterdekk (piggfrie)...

På radioen i dag tidleg trua dei med at det skulle snøe og sludde til langt ut på ettermiddagen, men heldigvis vart det avlyst. :)

Og jammen meg vart ikkje dagen berre betre, eg fekk vete at eg faktisk har jobb ifrå hausten av! (eg har berre eit årsvikariat som ressurslærar på 2. trinn) I frå hausten av fortsetter eg som ressurslærar, men på 1. trinn. Eg veit endå ikkje om det vert noko fast, eller om eg fortsetter i vikariat, men akkurat no er eg berre glad for at eg har jobb!! Hurra!!!

Og som om ikkje det var nok at eg har jobb, så skal eg faktisk jobbe ilag med tre andre fantastisk flinke damer! Eg gler meg!! (sjølv om dei eg jobber med no òg er fantastiske!)

Hipp hurra for våren, jobb og gode kollegaer, og la oss krysse fingrar for at snøen ikkje kjem tilbake før i desember!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)