søndag 27. juni 2010

Lita Nøstebarn-jakke

Litt strikking har det no blitt dei siste dagane. Sidan eg har vore ørretenke sidan torsdag, så har eg jo hatt heile dagane for meg sjølv. Denne vesle jakka er frå Strikk til Nøstebarn (igjen...) Den var enkel og grei å strikke. Det var greit med noko litt "hjernedød"-strikking etter fletter og dobbel perlestrikk på forrige prosjekt. Den gamle babydokka mi stiller som vanleg opp som modell. Passforma ser ut til å vera ganske bra. Endeleg har eg fått somla meg til å få tak i knappar til den tidlegare nevnte jakka med fletter og perlestrikk.
Små trehjerter vart fint mot den mørke turkise fargen. Eg hadde kanskje sett for meg nokre små bamsar eller noko sånt, med det hadde dei ikkje hos min lokale knappebutikk. Jaja, knappane går an å skifte ut ved ein seinare anledning om eg plutseleg dett over noko anna. Hjertene vart no fine dei òg.
No har eg ein gensar til meg sjølv på pinnane, men eg er ikkje heilt overbegeistra over prosjekte, så om du har tips til kva eg skal strikke, må du gje meg eit pip!!
I dag skin faktisk sola på terassen min, så det spørs om eg ikkje bør nyte dagen ute i dag. Kan ikkje sei at eg føler sommaren har vist seg frå si beste side endå.
Ha ein fantastisk søndag, og nyt sommaren!

2 kommentarer:

  1. Så fine jakker, elsker fargen! De knappene har jeg brukt til utallige prosjekter til lillebror også, de er så fine! Mitt egoprosjekt er en deilig Sylvi til høsten. Strikker og strikker, begynner bli smålei perlestrikk nå. Gleder meg til ryggen, og flettinga.

    SvarSlett
  2. Eg og er veldig glad i desse fargane.

    Perlestrikk kan vere veldig demotiverande! No har eg strikka to babyjakker, ei med vanleg perlestrikk, og ei med dobbel perlestrikk... Litt kjedeleg i lengden.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)