lørdag 5. juni 2010
Prinsejakke
Då eg var heilt tom for strikkeidear forrige veke, søkte eg råd hos ei anna strikkedame. Nina sit i styret i sameiet med meg, og ho skal bli bestemor i juli. Ho bladde gjennom Strikk til Nøstebarn, og falt for jakka i Hentesettet #1908 Eg hadde tilfeldigvis litt lyseblå Silja liggande, og tok på meg oppdraget.
Etter litt problemer med å tyde oppskrifta (fekk hjelp på Hobbyboden), er jakka no ferdig. Det har gått ganske raskt å strikke den, med tanke på at eg knapt har tatt i ein strikkepinne i løpet av veka.
Jakka var eigentleg grei å strikke, og raglanfelling gjer at ein slepp unda ein del monteringsarbeid, og det kom godt med. På grunn av kanten som går rundt heile jakka, og på armane, var det trygt sagt ein del syarbeid. Merka fort kvifor eg vanlegvis ikkje strikker ting med mykje montering... Men når ein ser resultatet, så er det jo verdt det. :)
Eg hadde nokre fine knappar som eg sydde på. Sjølv om det er litt blomar på dei, så må det vel gå til ein gut? :) Sidan babyen kjem i juli, strikka eg jakka i str. 3-6 månadar. Me får krysse fingrar for at det ikkje er så kaldt i juli at bebisen treng tjukk ulljakke på seg. :)
Den gamle babydokka mi stiller som vanleg villig opp som modell.
No venter eg berre på å få kontakt med den ventande bestemora, slik at eg kan få overlevere den lille prinsejakka.
Eg nyt helga med strikketøy, ei god bok, og strålande sol på terassen. Akkurat den rette medisinen etter ei skikkeleg maratonveke.
Ha ei strålande helg vidare!!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Så søt den ble! Synes det er en veldig fin babyjakke, det er nok alle de små detaljene som gjør at den ser litt mer "ferdig" ut enn enkelte andre oppskrifter fra den boken ;-)
SvarSlettHva blir neste ting du skal strikke da? Er du klar for prøvestrikking av en babyjakke?
å den ble kjempe fin!!!
SvarSlettDen jakken har jeg også siklet på, tror jeg må lage en slik en gang, den er bare så søt :D
SvarSlettTakketakk!! Eg er veldig fornøyd med den. Håper berre at den vordende bestemora også vert fornøyd. :o)
SvarSlettEg er klar for å strikke fleire babyjakker! Satser på å ta meg ein tur på strikkekafè på tirsdag!
Jakka blei kjempe fin! Jeg er helt enig med deg: montering er noe av det verste med strikking, he-he.
SvarSlettNydelig jakke! Heldig babygutt som skal få den. Jeg har strikket lua og sokkene i settet, men hadde ikke nok garn til jakken :)
SvarSlettEg hadde nok garn til jakka, men ikkje til lua og sokkane... :o)
SvarSlettSuperskjønn!! Denne har jeg strikket en gang også. Det beste med den var at den faktisk passet med en gang minstejenten var født - ellers var det meste jeg strikket alt for stort i starten.
SvarSlettHei! :) Det var en nydelig jakke! Du har vel ikke oppskriften å dele med meg? :) Jeg har noe garn liggende, som ville vært perfekt til en slik jakke !
SvarSlettHeisann!
SvarSlettDen jakka finn du oppskrifta på i boka Strikk til Nøstebarn. :o)